JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Snart er det val: Slik bruker du makta di!

Fagbladets definitive guide til kommune- og fylkestingsvalet

Tore Fjeld

Fagforbundet sine 400.000 medlemar er ei formidabel gruppe og nesten ti prosent av alle røysteføre i landet. Derfor presenterer vi den definitive Fagbladet-guiden til kommune- og fylkestingsvalet 2023.

2023082811493720230828114937

redaksjonen@fagbladet.no

11. september er det kommune- og fylkestingsval i Noreg. Nesten ti prosent av dei røysteføre har stemmerett for fyrste gong. Samtidig kan mange av oss trenge eit lite oppfriskingskurs om alt som høyrer lokalvalet til – frå førehandsstemmer til bygdelister og kumulering.

1. Kven kan stille til val?

Alle som kan stemme i valet, kan stille til val, så lenge dei bur og er folkeregistrerte i kommunen eller fylket der dei stiller. 

I 2019 stod totalt 54.254 kandidatar på kommune- og fylkesvallister. Nesten 31.000 menn og litt over 23.000 kvinner. 

Alle som stiller til val må stå på ei valliste. Det er oftast etablerte politiske parti som stiller, men i kommune- og fylkestingsval er også lokale lister vanlege. 

Alle listene måtte vere ferdige og innmelde før 31. mars. Dersom du blir så inspirert at du får lyst til å ta over kommunestyret, må du med andre ord vente i fire år til. 

YNGSTE POLITIKER: Jenny Alvestad Aarnes fyller 18 år 27. desember og er listetoppen til Sosialistisk Venstreparti i Haram kommune. Ho ligg an til å bli den yngste folkevalde politikaren i landet. 

YNGSTE POLITIKER: Jenny Alvestad Aarnes fyller 18 år 27. desember og er listetoppen til Sosialistisk Venstreparti i Haram kommune. Ho ligg an til å bli den yngste folkevalde politikaren i landet. 

Privat

2. Kven kan stemme?

Alle norske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av 2023, kan stemme, så lenge dei er folkeregistrerte i Noreg eller har vore det. Det betyr at nokre som fyller 18 etter valet også kan stemme.

Jenny Alvestad Aarnes fyller 18 år 27. desember og er listetoppen til Sosialistisk Venstreparti i Haram kommune. Ho ligg an til å bli den yngste folkevalde politikaren i landet.

Statsborgarar frå Danmark, Finland, Island og Sverige som folkeregistrerer seg i Noreg før 30. juni 2023 kan også stemme. I tillegg har andre utlandske statsborgarar som har vore busette i Noreg i minst tre år før valdagen stemmerett ved kommune- og fylkestingsval.

Litt forvirra? Her har du nokre eksempel:

• Jenny, 17 år, blir myndig før nyttår. Ho kan stemme.

• Alfons, 30, er svensk og melder flytting til Oslo 29. juni. Han kan stemme.

• Nour, 26, er ikkje-nordisk statsborgar og har budd i Noreg i fem år. Ho kan stemme.

• Prins Harry, 38, flytter frå California til Molde og melder flytting 29. juni. Han kan ikkje stemme! Som ikkje-nordisk må han vere her i tre år før han får stemmerett.

3. Korleis stemmer eg?

Hovudregelen er at alle får digitalt valkort på Altinn. Opp til 250.000 veljarar vil få eit fysisk valkort i posten, altså på papir, anten fordi dei har reservert seg i registeret over digital kontaktinformasjon eller fordi dei ikkje har stadfesta personopplysningane sine i løpet av dei siste 18 månadane. 

Valkortet stadfestar at du har stemmerett. Dersom du ikkje får valkort, bør du sjekke kvifor!

På kortet finn du opplysningar om kommunen og fylket du har stemmerett i, og når og kvar du kan stemme. 

Du treng ikkje ta med valkortet for å stemme, men du må ha legitimasjon med bilete. 

Du kan vise pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (også digitalt), og bankkort med bilete. Du kan også bruke andre typar legitimasjon, så lenge namn, bilete og fødselsdato er med. Dersom du kjenner valarbeidaren, kan valarbeidaren identifisere deg. 

Når og kvar?

På valdagen: I år er valdagen måndag 11. september. I mange kommunar er det også mogleg å stemme søndag 10. september. 

På valdagen må du stemme i kommunen du er folkeregistrert i. 


Før valdagen: Éin av tre stemmer i kommune- og fylkestingsvalet i 2019 var førehandsstemmer. 

I år kan du førehandsstemme frå 10. august til 8. september. Sjekk valglokaler.no for å finne ut kvar du kan førehandsstemme. Det kan du gjere kvar som helst i landet.

Dersom du vil ha ekstra god tid, kan du til og med tidlegstemme i kva som helst kommune mellom 3. juli og 9. august. Det kan vere naudsynt å ringe kommunen der du vil stemme dersom du vil bruke denne ordninga. 


På helse- og omsorgsinstitusjon: Kommunar må halde førehandsstemming på helse- og omsorgsinstitusjonar. Dersom ein treng hjelp, skal ein valarbeidar bistå. Dei har teieplikt. 

Heime: Dersom du er sjuk eller ufør og ikkje kjem deg til eit vallokale, er det mogleg å søkje om å få stemme heime. Søknadsfristen er tidleg i september og du treng ikkje dokumentere sjukdomen, eller sende skriftleg søknad. Det rekk å ringe kommunen og forklare situasjonen munnleg. 

Stemmer du heime, kjem ein valarbeidar heim til deg og fyller ut ein stemmesetel på vanleg måte. 

Frå utlandet: Veljarar som bur i utlandet og likevel har stemmerett, får ikkje valkort. Alle som har stemmerett kan førehandsstemme i utlandet. 

Før 1. september er det mogleg å stemme fysisk på dei fleste norske konsulat og nokre andre utnemnde stemmemottakarar. Sjekk opningstidene i god tid før fristen. 

Det er også mogleg å brevstemme frå utlandet. Her står det korleis du gjer det. Du har sjølv ansvar for at stemmesetelen kjem fram i tid dersom du bruker brevstemme.

4. Her står eg i vallokalet – kva gjer eg no?

1. Fyrst går du til valarbeidarane og viser legitimasjon. Du blir kryssa av på ei liste og kan gå vidare til valavlukket.

2. Ta ein rosa stemmesetel til partiet du vil stemme på ved kommunestyrevalet. Ta ein blå til fylkestingsvalet. Dersom du bur i Oslo finn du grønn stemmesetel til val av bydelsutval.

3. Du vel ein stemmesetel, gir eventuelle personstemmer, og brettar han. Så gir du han til valarbeidarane som stemplar han før du legg han i valurna. Enkelt!

5. Kumulér, kumulér, kumulér!

Den heite naboen, kollegaen som alltid ryddar opp eller den smartaste gubben på curlinglaget – blant titusenvis av kandidatar er det vanleg å sjå nokre kjende namn.

Dersom du stemmer i den kommunen der du er folkeregistrert, er det mogleg å gi favorittkandidatane litt betre odds – og kanskje få dei inn som faste folkevalde sjølv om dei står litt langt nede på partilista.

For å kumulere ein kandidat, gjer du ein av to ting:

Dersom kandidaten står på partilista til partiet du stemmer på, set du heilt enkelt eit kryss attmed namnet.

Dersom kandidaten står på ei anna partiliste, skriv du namnet til vedkommande med blokkbokstavar lengst ned på stemmesetelen din, ein såkalla «slengar».

6. Kven skal eg stemme på?

Det må du nesten finne ut av sjølv.

Men tenk på dette: Over ein halv million veljarar jobbar i kommunal sektor og 50.000 i fylkeskommunen. Dei skal ikkje berre velje eit kommunestyre – dei skal velje sin eigen arbeidsgivar.

Godt val!

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy