JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Høgre og Venstre foreslo kutt på 40 millionar kroner

Storaksjon for teateret: – Eit angrep på ein av oss er eit angrep på oss alle

SOLIDARITET: Billettør og Fagforbundet-medlem  Johanna Marie Marheim deler ut flygeblad og går i t-skjorte til støtte for Oslo Nye Teater. Ho jobbar i billettluka ved Nationaltheatret.

Øystein Windstad

Barn, unge og uetablerte skodespelarar vil bli spesielt hardt ramma om Oslo Nye Teater får kutt, seier Fagforbundet-medlemmar som har starta støtteaksjon.

2024111410544520241114110417

oystein.windstad@fagbladet.no

Høgre og Venstre ønsker å kutte støtta til Oslo Nye Teater for å finansiere fjerning av eigedomsskatt i kommunen. Det får Fagforbundet-medlemmar som jobbar i kulturlivet i store delar av landet til å reagere og markere. Frå Oslo til Nordland blir det no delt ut flygeblad og medlemmer går i T-skjorter som viser støtte til teateret som blei startar i 1929. I billettluka på Nationaltheatret sit to Fagforbundet-medlemmer i ei T-skjorte med bilde av hjarte og teksten Oslo Nye.

Tillitsvald ved Oslo Nye: – Vanskeleg å sjå håp

– Teater som når spesielt barn og unge

Tillitsvald billettør Svein Eldø peikar på at Oslo Nye Teater vekker ein gnist hos dei yngre:

– Dei er veldig flinke til å få inn skular, barn og unge. Det er mange unge som får sitt første møte med teater og blir begeistra for teater der. Han får støtte frå kollega Johanna Marie Marheim:

– Kulturtilbodet lokalt blir utruleg mykje dårlegare om støtta til Oslo Nye blir kutta. Kuttet vil i praksis føre til at dei berre kan spele på ei scene, mistar mange fine kollegaer og at folk mistar jobben. Teatermiljøet vil gå glipp av viktig kompetanse, fagkunnskap og kollegaer, seier Marheim. Dei er to av mange Fagforbundet-medlemmer som går i T-skjorte og deler ut flygeblad med qr-kode til www.reddoslonye.no.

STØTTAR: Svein Eldøy er tillitsvald i Fagforbundet ved Nationaltheatret og er kritisk til det foreslåtte kuttet på 40 millionar kroner.

STØTTAR: Svein Eldøy er tillitsvald i Fagforbundet ved Nationaltheatret og er kritisk til det foreslåtte kuttet på 40 millionar kroner.

Øystein Windstad

Kuttforslag vil legge ned Oslo Nye Teater

Ein plass der uetablerte kan prøve seg

Nyleg blei det kjent at Høgre og Venstre vil gje teateret eit kriselån på 25 millionar kroner til Oslo Nye Teater. Framtida til teateret er framleis uviss, og det har vore mange protestar:

– Det er ei viktig scene på snart 100 år som berre skal strykast. Prosessen har ikkje vore bra. Vi er veldig glade i det teateret og vil at det skal bestå, seier tillitsvalde Eldøy som sit i klubbstyret til Nationaltheatret. Billetørkollega Marheim peikar på Oslo Nye sin rolle som yngleplass for talent:

 – Teaterkjellaren er ein plass der mange unge og ukjente kan prøve seg. Eg kjem ikkje på andre plassar som har dette. Du mistar også teaterstykke som du ikkje får på Nationaltheatret eller Det Norske teater. Det er viktig at Oslo by har eit eige byteater. Mange av dei andre store scenene er statsinstitusjonar, men dette er kommunen sitt, seier Marheim. Aksjonen held fram til fredag. Også i resepsjonen i personalinngangen til Nationaltheatret er støtta til Oslo Nye synleg. Resepsjonistane og Fagforbundet-medlemmar Amalie Rynning Seip og Camilla Eike har flygeblad og T-skjorter klare:

HEVA NEVE: Resepsjonistar og Fagforbundet-medlemmer ved Nationaltheatret Amalie Rynning Seip (tvil venstre) og Camilla Eike støttar Oslo Nye Teater med glede.

– Vi støttar Oslo Nye, slår dei fast medan Rynning Seip løftar handa og ein knytt neve i lufta med eit smil.

– Eit angrep på alle

Mari Røsjø er leiar for Fagforbundet Teater og Scene. I ei pressemelding skriv ho:

– Vi vil vise at vi står saman med våre kollegaer i Oslo Nye Teater. Eit angrep på ein av oss er eit angrep på oss alle. I ei usikker verd kor demokratiet og ytringsfridomen er under press må vi styrke kulturen og kulturelle ytringsarenaer. Ikkje legge dei ned. Ikkje minst treng vi dei fysiske møteplassane i ein stadig meir digital kvardag. No må byrådet vere sitt ansvar bevisst og bevare Oslo Nye Teater.

Fakta om aksjonen

Desse kulturinstitusjonane deltek i støtteaksjonen:

Den Nationale Scene

Det Samiske Nationaltheatret Beaivváš

Det Vestnorske Teatret

Drammen Scener

Hålogaland Teater

Kilden

Nordland Teater

Olavshallen

Operaen i Kristiansund

Rogaland Teater

Teater Ibsen

Teater Innlandet

Teatret Vårt

Trøndelag Teater

Turnéteatret i Trøndelag

Dansens Hus

Riksteatret

Oslo Konserthus

Nationaltheatret

Det Norske Teatret

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy