Colourbox
tormod@lomedia.no
Permitterte arbeidstakarar under utdanning eller over 67 år, har ikkje krav på dagpengar. Regjeringas nye reglar for den mellombelse lønnskompensasjons-ordninga, omfattar likevel desse gruppene.
– Vi er veldig glad for at studentar også blir inkludert. Veldig mange er bekymra for den økonomiske situasjonen sin no, seier Marte Øien, leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), til FriFagbevegelse.
– Eit viktig steg på vegen, seier Jan Davidsen, leiar i Pensjonistforbundet.
• Alle Fagbladets artikler om viruskrisen
20 dagar full lønn
20. mars vedtok Stortinget at permitterte skulle få ein lønnskompensasjon tilsvarande 18 dagar full lønn, samtidig som dei reduserte perioden arbeidsgivar skal betale full lønn frå 15 til 2 dagar. Formålet er å gi økonomisk hjelp frå staten, til både bedrifter og permitterte tilsette.
For fleire grupper var det likevel ikkje klart om dei vart omfatta av den nye lønnskompensasjonsordninga.
Personar under utdanning eller opplæring har nemleg ikkje krav på dagpengar, ifølge folketrygdlova. Det har heller ikkje arbeidstakarar over 67 år.
Aldersdiskriminering
– Vi ser på dette som aldersdiskriminering, seier Pensjonistforbundet-leiar Jan Davidsen til FriFagbevegelse.
Han peikar han på at regelen om at tilsette over 67 år ikkje får dagpengar, rimar dårleg med dei tallause oppmodingane om at nordmenn skal stå lenger i jobb. Det same meiner han om at tilsette over 70 år ikkje får sjukepengar.
– I realiteten blir dei over 67 og 70 år tvinga til å gå av med pensjon når dei blir permitterte og sjuke, seier Davidsen som leiar ein organisasjon med 251.000 medlemmer.
Pensjonistforbundet har bedd om at retten til dagpengar og sjukepengar blir utvida til å gjelde også tilsette over desse aldersgrensene.
– I eit aldersvennleg samfunn bør ikkje dette vere eit hinder dersom du har helse og lyst til å halde fram i arbeid.
• Ansatte i helsevesenet får høyere overtidsbetaling
Meir gjeld for studentane
Også studentane ønska i utgangspunktet rett til dagpengar, men har endra kravet til høgare stipend frå Lånekassa for å avlaste Nav.
Regjeringa foreslo å utbetale stipend og lån for resten av semesteret, på forskot. I tillegg ville dei opne for at studentar som har mista arbeidsinntekt, kunne ta opp 26.000 kroner ekstra i lån.
– Ingen andre arbeidstakarar får stønad som lån, påpeikar NSO-leiar Marte Øien som representerer 240.000 studentar.
Stortinget vedtok regjeringas forslag, men gav i tillegg 1 milliard kroner i støtte. Dermed kjem Lånekassa til å gjere 8000 kroner av lånet om til stipend.
– Det er eit viktig framsteg, men vi har framleis forhåpningar om at Stortinget kan sjå på delen stipend ein gong til, seier Øien.
REFSER: – Først og fremst er det Ap som må ta seg inn over seg at så mange LO-medlemmer ikke ser på oss som det naturlige valget, sier Trond Giske.
Ole Martin Wold
NY UTSIKT: – At jeg tar ting med humor, er bare en overlevelsesgreie, sier Berit Hafsmo, som ble kastet ut fra Skitbyen og nå bor her, i en lavblokk et annet sted i Trondheim.
Berit Baumberger
Barnetrygden øker med 2400 kroner i året for barn over seks år.
Martin Guttormsen Slørdal
HTV: Erik Borgersrud er hovudtillitsvald for Fagforbundet på Nav Gamle Oslo. – Dyrtid i samfunnet fører til auka utgifter til sosialhjelp. Samtidig kjem det mange flyktninger som treng vår assistanse, dette utfordrar oss. Vi må jobbe effektivt og godt innan dei økonomiske rammene vi har.
Anita Arntzen
ENDRET ORGANISERING: – Vi har vært for dårlig organisert og for dårlig på å hevde oss, sier Julianne Schönen (t.h.), sammen med Christina Marie Andersen og papillonen Tussi.
Kristin Svorte
KUNNSKAP: Som pårørende visste Henriksen at morens atferd var svært avvikende.
Kathrine Geard