TEST: Trygg kvardag – trygg framtid
Tida vi er i er prega av nasjonalbudsjettet for 2015. Reformer og endringar innanfor helse, Nav, og skatteinnkrevjing og endring av kommunegrenser vert debattert. Arbeidsmiljølova er under press frå den blåblå regjeringa. Det er angrep på opparbeidde rettar som kan snu kvardagen vår opp ned.
Forsking viser at tryggleik i jobben gir eit godt arbeidsmiljø og trivsel på arbeidsplassen. Men Siv Jensen får store oppslag om «modernisering» og kutt i offentleg sektor og sparing gjennom å effektivisere. Nye leiarstrukturar veks fram, og trepartssamarbeidet vert sett til side.
I Nav har dei leigd inn konsulentbyrået McKinsey for å evaluera dei tilsette og organisasjonen. Dette er eit amerikansk, kommersielt selskap som skor seg på slike undersøkingar. 400 millionar skal dei ha for jobben.
Fagforbundet har saman med FO og NTL gitt klar beskjed om at vi er svært kritiske til både prosessen og sjølve undersøkinga, og til at organisasjonane ikkje har hatt reell medverknad i prosessen. McKinsey skal bruke ei standard spørjeundersøking der svara skal samanliknas (benchmarkes) mot internasjonale verksemder.
På den måten ynskjer arbeids- og velferdsdirektøren og finne fram til eit heilskapleg faktagrunnlag for korleis Nav fungerar som organisasjon. Men undersøkinga er ikkje tilpassa Nav, så kvifor ikkje ta dei tilsette og deira organisasjonar med i arbeidet?
Tillitsvalde i Nav har i lang tid uttalt seg om situasjonen i Nav, og både leiarar brukarorganisasjonar, forskingsmiljø og ei eiga ekspertgruppe har kome med innspel til toppleiinga i Nav.
Utdanning og kompetanse er det dei tilsette treng – og tid til og gjere eit godt arbeid. Det er og viktig å motivere dei tilsette – og eg er ikkje så sikker på at det å bruke pengar på kostbare konsulentar, medan regjeringa byr på harde kutt, er den rette medisinen.
Undersøkinga er ikkje tilpassa Nav, så kvifor ikkje ta dei tilsette og deira organisasjonar med i arbeidet?