JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Tok master i tillitsvaldsarbeid: – Den vanlege opplæringa av tillitsvalde er ikkje nok

TOPPSKOLERT: Som tillitsvald møter Elisabeth Kirkholm ofte representantar frå arbeidsgjevar som er topp skolerte – til dømes advokatar, økonomar og juristar.

TOPPSKOLERT: Som tillitsvald møter Elisabeth Kirkholm ofte representantar frå arbeidsgjevar som er topp skolerte – til dømes advokatar, økonomar og juristar.

Karin E. Svendsen

Første kull er uteksaminert frå LO sitt masterprogram. Elisabeth har tatt master for å stille sterkare i møte med arbeidsgjevar.

2024062813451520240628151204

karin.svendsen@fagbladet.no

Elisabeth Kirkholm (49) har tatt ein mastergrad takk vere eit samarbeid mellom LO Stat og Universitetet i Bergen (UiB).

Ho er den første i Fagforbundet som har gjennomført masterprogrammet «Organisering i reformer i offentleg sektor».

Saman med ti andre LO-medlemmar var ho med i det første kullet som fullførte masterprogrammet dette semesteret.

– Store endringar i sjukehusa

Kirkholm er vernepleiar med vidareutdanning i rus og psykiatri. Bak seg har ho mange år som miljøterapeut. Tillitsvald har ho vore sidan 2012. No er ho hovudtillitsvald ved sjukehusa i Volda og Ålesund.

Dessutan er ho fagforeiningsleiar for ei lokal fagforeining ved Volda og Ålesund sjukehus.

– Det har skjedd store endringar i sjukehusa dei siste fem åra, seier ho.

– Ei gåvepakke

Som tillitsvald møter Kirkholm ofte representantar frå arbeidsgjevar som er topp skolerte – til dømes advokatar, økonomar og juristar.

– Dette utdanningstilbodet frå LO Stat er ei gåvepakke til oss tillitsvalde. Arbeidsgjevar stiller med tunge skyts i forhandlingane, seier ho.

GÅVE: Utdanningstilbodet frå LO Stat er ei gåvepakke til tillitsvalde seier Elisabeth Kirkholm

GÅVE: Utdanningstilbodet frå LO Stat er ei gåvepakke til tillitsvalde seier Elisabeth Kirkholm

Karin E. Svendsen

Med ein master i reformarbeid i offentleg sektor ventar ho å kjenne seg tryggare og sterkare i framtidige forhandlingar. Ho er også glad for auka kompetanse til å rettleie plasstillitsvalde.

– I dag er ikkje den vanlege opplæringa av tillitsvalde nok. Vi treng meir i møte med arbeidsgjevar, hevdar ho.

Masteroppgåva hennar handlar om tillitsreforma i sjukehusa med vekt på omstillingar i Møre og Romsdal helseføretak.

Har skrive oppgåve på fritida

Blant dei ti medstudentane til Elisabeth Kirkholm har fleire hatt tariffavtalar som gjev dei rett til å skrive oppgåve, dra på samlingar og ta eksamen. Som tilsett i spesialisthelsetenesta har ikkje dette vore sjølvsagt for henne.

Heldigvis har ho ein positiv leiar som har gitt henne betalt fri til samlingar og eksamen. Men oppgåva måtte ho skrive på fritida ved sida av full jobb.

Ny tenkjemåte

Høgare løn har ho inga tru på at ho får.

Men viktigare enn det er alt ho har lært både av medstudentar, undervisning og rettleiing.

– Eg har fått ein annan måte å tenkje på, seier ho

Ho syns mellom anna det er blitt lettare å finne rett informasjon, og at ho no er blitt meir kjeldekritisk.

Likeverdig part

For å kunne søke på masterprogrammet, må søkjarane ha gjennomført alle kursa i LO si toppskolering.

Første kullet byrja på masterstudiet i 2022 og vart ferdig våren 2024.

Mona Fagerheim i LO Stat opplyser at det har vore god søknad på kursa i Toppskoleringa og det første masterstudiet.

• Her finn du opptaksreglane for masterprogrammet.

GOD SØKNAD: Mona Fagerheim i LO Stat opplyser at det har vore god søknad på kursa i Toppskoleringa

GOD SØKNAD: Mona Fagerheim i LO Stat opplyser at det har vore god søknad på kursa i Toppskoleringa

LO Stat

LO Stat-sekretæren er viss på at alle tilsette og tillitsvalde i staten og Spekter-området har god bruk for å vite om organisering og styring i offentleg sektor, og kva som påverkar og driv fram endringar.

– Men det er spesielt nyttig for at tillitsvalde skal stille som likeverdig part i møte med arbeidsgjevar, seier ho.

– Ein suksess

Dag Runar Jacobsen ved Institutt for politikk og forvaltning (UiB) har hatt ansvar for undervisning og rettleiing. Han meiner dette oppdragsbaserte studiet så langt har vore ein suksess.

Instituttet planlegg for å ta imot inntil 20 masterstudentar neste år etter at dei har fullført toppskoleringskursa.

– Ein viktig grunn til suksessen er at toppskoleringa er skrudd saman slik at det også passar for dei utan lang utdanning, seier han.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy