Hans Petter Fransrud, Tony Nervik og Tom Halvorsen jobbar med idrettsanlegg i bymiljøetaten i Oslo kommune. I solsteika har dei førebudd Ekebergsletta til verdas største fotballturnering for barn og unge.
Tormod Ytrehus
TORMOD YTREHUS
tormod@lomedia.no
Det har vore uvanleg varmt denne sommaren. Vêrstatistikken viser at det i snitt har vore fem gradar varmare enn normalt i Oslo den siste månaden.
Medan mange av oss har tatt ferie og set pris på dei høge temperaturane, er det andre som må møte på jobb og halde hjula igang.
Idrettsoperatør i Bymiljøetaten, Tom Halvorsen, har jobba med idrettsanlegga i Oslo kommune i tolv år. Saman med kollegene har han dei siste fire vekene klargjert Ekebergsletta til Norway cup, verdas største fotballturnering for barn og unge. Han seier dei er vand med varme på sletta, men ikkje i den grad den bokstaveleg talt har vore denne sommaren.
– Du må få i deg mykje veske. Det går fort ein halvannan liter om dagen iallfall. Det er ikkje mykje skugge å gjemme seg i her oppe – det er ikkje mykje tre på ein fotballbane, seier han.
Tom Halvorsen legg vatnflaska i frysaren for at vatnet skal halde seg kaldt. Sånn kan ein halde ut varme arbeidsdagar på Ekebergsletta.
Tormod Ytrehus
– Varmen gjer at du blir uoppmerksam
Han meiner det er individuelt i kor stor grad varmen går inn på folk. Mange blir slappe og orkar ikkje å gjere så mykje. Då kan ein også gjere feil, åtvarar Tom.
– Det kan vere farleg når ein bruker store maskiner. Varmen gjer at du blir uoppmerksam. Om du går mykje ute og ikkje får i deg nok væske, blir du disig. Eg ser mange her ute som er ganske ferdige når dei går heim for dagen, seier han.
(les Tom og kollegene sine tips under bildet)
Arbeidsleiar Hans Petter Fransrud merker opp finalebanen på Ekebergsletta. Til helga rykkar fotballspelarane inn til verdas største fotballturnering for barn og unge.
Tormod Ytrehus
Varmt på kontoret? Her er rådene som redder dagen
Innføre siesta?
– Har vore ille i år
Frå klokka sju til tre jobbar dei blant anna med å merke opp fotballbanar, gjere i stand fotballmål og lappe hol i banedekket. Dei ligg i rute og arbeidet har gått bra. Sett bort frå varmen. For det har gått heitt for seg, i temperaturar opp i over tretti gradar og lite skugge.
– Den har vore ille i år. Du merker det når klokka nærmar seg ti–elleve. Etter lønsj er det hardt å gå utpå her og legge opp banar. Då er det solkrem, kaps og mykje vatn som gjeld, i tillegg til å få litt ekstra pausar innimellom for å orke heile dagen, seier arbeidsleiar Hans Petter Fransrud.
– I andre land har dei jo siestaar. Kanskje ein burde jobba fram til eit visst klokkeslett, hatt pause fram til ettermiddagen og jobba utover kvelden, foreslår Tom Halvorsen som ein måte å handtere dei varme arbeidsdagane.
Her er idrettsoperatørane i bymiljøetaten sine råd for utearbeid i varmen:
• Drikk mykje vatn
• Bruk solkrem med høg faktor
• Bruk solbriller
• Bruk kaps eller liknande på hovudet
• Ta pausar i skuggen når du har behov
(Artikkelen held fram under bildet)
Tony Nervik merker opp finalebanen på Ekebergsletta.
Tormod Ytrehus
Få retningslinjer
Det finst generelt få konkrete råd om kva arbeidstakarar og arbeidsgivarar bør gjere når det er varmt på arbeidsplassen og arbeidsplassen er utandørs.
Arbeidstilsynet seier at det er for varmt på jobben når vi blir «lett trøytte og uopplagde» og «evna til å jobbe effektivt og riktig» blir redusert.
Om du har problem med temperaturen, inne eller ute, anbefaler dei at du tar opp problema med arbeidsgivaren, direkte eller gjennom verneombodet, arbeidsmiljøutvalet eller bedriftshelsetenesta.
Om problemet gjentek seg år etter år, kan du be sjefen om å lage rutinar for kva ein skal gjere når det er for varmt.
Hvor varmt skal det være på kontoret?
– Drikk mykje vatn
Sommarvikar Andreas Kloppan har vore på jobb sidan starten av juni. Som mange andre nordmenn i sola, brende han seg på solkrem-bruken i starten, men vart fort vand med sola.
– Eg merker at eg blir litt meir sliten når eg kjem heim frå jobb enn eg vanlegvis elles ville blitt, men elles går det fint så lenge eg drikk nok vatn. Det er eigentleg det det står på – ha på solbrillar og drikk nok vatn, så går det fint, seier Andreas.
Sommarvikar Andreas Kloppan merker opp finalebanen på Ekebergsletta.
Tormod Ytrehus
Etter lønsj er det hardt å gå utpå her og legge opp banar
Arbeidsleiar Hans Petter Fransrud
{"412708":{"type":"m","url":"/image-3.412708.816fc411d8","cap":"Tony Nervik merker opp finalebanen på Ekebergsletta.","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"412709":{"type":"m","url":"/image-3.412709.bf3d619ec7","cap":"Tom Halvorsen legg vatnflaska i frysaren for at vatnet skal halde seg kaldt. Sånn kan ein halde ut varme arbeidsdagar på Ekebergsletta.","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"412714":{"type":"m","url":"/image-3.412714.6b309719a6","cap":"Sommarvikar Andreas Kloppan merker opp finalebanen på Ekebergsletta.","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"412715":{"type":"m","url":"/image-3.412715.71874a7f5c","cap":"Arbeidsleiar Hans Petter Fransrud merker opp finalebanen på Ekebergsletta. Til helga rykkar fotballspelarane inn til verdas største fotballturnering for barn og unge.","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"tittel":{"color":"#ffffff","fontsize":"81","bgc":"#ffffff","bgo":"1","bgh":"100%","pos":"1","shadow":true},"extrafiles":{"js":"","css":""},"fb":[{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""}],"si":[{"title":"Etter lønsj er det hardt å gå utpå her og legge opp banar","place":"– Den har vore ille i år. Du merker det "},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""}],"us":[{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""}],"lpage":{"exist":false,"color":"#000000"},"cpage":{"iscpage":false,"mpage":""}}