Toppsjefane i dei statseigde selskapa på børs hadde 12 millionar i snittløn

Equinor-sjefen hadde ein lønsauke som var 30 prosentpoeng større enn auken til dei tilsette han er sjef for. Det viser eigarskapsmeldinga som staten legg fram i dag.

Equinor-sjef Eldar Sætre.
Equinor-sjef Eldar Sætre.
Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

97 millionar var den samla løna til konsernsjefane i dei åtte selskapa på Oslo Børs med direkte statleg eigarskap. Det melder NRK tysdag morgon.

Fast løn utgjorde over halvparten av løna – medan bonusar, pensjonsopptening og frynsegode utgjorde resten.

Stadig flere rådmenn får millionlønn

Equinor-sjef (tidlegare Statoil) Eldar Sætre hadde den største løna og stakk av med nesten 15 millionar. Det er ei auke på 32 prosent, frå dei nesten 11,4 millionane Sætre tente i 2016.

– Det er umusikalsk i øyra mine, seier Frode Alfheim, forbundsleiar Frode Alfheim i Industri Energi, som organiserer mange av dei tilsette i Equinor, til FriFagbevegelse.

Dei tilsette hadde ein lønsauke på 2 prosent i fjor, som altså er 30 prosentpoeng mindre auke enn sjefen.

– Vi erkjenner at han skal ha høg løn, men dette er noko heilt anna enn oppgjeret for medlemmene våre, seier Alfheim.

Dette er lønna i over 300 yrker

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen seier til NRK at løningane må vere konkurransedyktige for å få dei rette leiarane. Tyssdag presenterer Isaksen årsrapporten for statens eigarskap på den årlege eigarskapskonferansen.

Staten har aksjemajoriteten i Equinor og to av dei andre selskapa på lista.

Sammenlign lønningene i din kommune

Statens aksjedel i dei børsnoterte selskapa:

• Equinor 67 prosent

• Telenor 53,97 prosent

• Kongsberg Gruppen 50,001 prosent

• Yara International 36,21 prosent

• Norsk Hydro 34,26 prosent

• DNB 34 prosent

• Entra 33,4 prosent

• SAS 9,88 prosent

Dette er de 25 dårligst betalte yrkene

Powered by Labrador CMS