KrFU-leiar Martine Tønnessen, UH-leiar Sandra Bruflot, UV-leiar Sondre Hansmark FpU-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud går ut i felles front mot sjukeløna.
KrFU, UH, UV, FpU (pressefoto)
tormod@lomedia.no
I Dagbladet nyleg foreslår dei borgarlege ungdomspartia å redusere sjukeløna til 80 prosent. Det er leiarane i ungdomspartia til Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti som stiller seg bak forslaget. Det er ikke første gong dei står saman i denne saka.
I dag får ein sjukepengar tilsvarande full løn, men berre opp til seks gongar grunnbeløpet i folketrygda (561 800 kroner).
Denne ordningane går ungdommane ut mot i harde ordelag.
2017: Bare Venstre vil kutte i sykelønna
«Vi mener det verken er usolidarisk eller usosialt å kutte i sykelønna. Dersom du har sykelønn er du en del av arbeidsstyrken i Norge, og dermed ikke en av de svakeste i samfunnet», seier Martine Tønnessen (29), leiar i Kristelig Folkepartis Ungdom, til avisa.
KrFU-leiaren vil heller overføre pengane til dei som er varig utanfor arbeidslivet og på denne måten målrette ytingane.
Høyre-statsråd avfeier Høyre-forslag om karensdag
Redde velferdsstaten
Leiar i Unge Høgre, Sandra Bruflot, trekk fram perspektivmeldinga frå noverande og førre regjering, som viser at ein ikkje kan oppretthalde velferdstenestene på dagens nivå.
Men sjølv om ungdomspartileiarane er skjønt einige, er Venstre det einaste partiet har programfesta kutt i sjukeløna, sjølv om diskusjonane også gjekk under Høgres landsmøte.
Leiar i Unge Venstre, Sondre Hansmark, seier til Dagbladet at dei vil jobbe med å få gjennomslag i regjeringa for kutt i sjukeløna innan 2020.
Terje Bendiksby / NTB
Lønnsoppgjøret for kommunene gjelder 450.000 ansatte. Mette Nord representerer 190.000 av dem. Det er Norges største tariffoppgjør, og er derfor omfattet med stor interesse fra media.
Per Flakstad
PENSJON: Utbetalingen av den økte pensjonen, inkludert etterbetaling for mai, kommer 20. juni.
Colourbox.com
Forbundsadvokat Kjetil Edvardsen har vært sentral i alle rettsrundene mellom Stendi og Fagforbundet.
Werner Juvik
karin svendsen
Årets lønnsoppgjør startet med kravoverrekkelsen mellom Jørn Eggum i Fellesforbundet og Knut E. Sunde Norsk Industri.
Håvard Sæbø