Erik M. Sundt
KARIN E. SVENDSEN
karin.svendsen@fagbladet.no
Laila meiner det er hårreisande å ville flytte abortgrensa heilt til veke 24.
– Vi bergar jo barn allereie i veke 22, seier barnepleiaren.
Pappa Daljit Singh rettar på luene og småpratar med dei to småjentene. Dei er ikkje lengre enn ein vaksen underarm og veg fem kilo til saman. Dei ligg i den vesle dobbeltsenga, eit trygt lite reir for nyfødde.
Barnepleiar Laila Bøthun står ved sida og ser på. Med hendene på ryggen. Jobben hennar er mellom anna å observere, støtte og vegleie nybakte foreldre.
– Det er først og fremst pappa som skal bli kjent med barnet og trygg på si nye rolle som forelder. Mi oppgåve er å støtte og vegleie, seier Laila. Innimellom nikkar ho anerkjennande til faren og gjev råd når han lurer på noko.
Dei to jentene på stellebordet er blant dei store babyane på intensivavdelinga for nyfødde på Barnesenteret ved Ullevål sjukehus i Oslo. Dei kom til verda ved keisarsnitt etter litt over 36 veker, om lag fire veker før termin.
KUNSTEN Å HALDE SEG I RO: Barnepleiaren støtter og vegleidar medan pappa blir trygg på nye oppgåver.
Erik M. Sundt
Klamrar seg til livet
På Barnesenteret er dei aller minste kanskje dei aller største mirakla. Laila fortel at det blir fødd fleire og fleire barn som veks opp og klarer seg fint etter 24 vekers svangerskap.
– Dei er sterke sjølv om dei er små, og vi ser at dei klamrar seg til livet, fortel ho.
Barnepleiaren syns difor det er skummelt at fleire ungdomspolitikarar no tek til orde for å utvide grensa for sjølvbestemt abort frå 12 til 18 eller 24 veker.
– Hårreisande. Vi bergar jo barn allereie i veke 22, seier ho.
Fagleg leiar i Norsk nyfødtmedisinsk nyfødtregister, Arild Rønnestad, opplyser at i åra 2014–2017 overlevde 16 barn som var fødd i veke 22. Born som er fødde mellom veke 22 og 27, blir rekna som ekstremt premature.
Ingen kvileheim
Daljit har vore på denne avdelinga saman med familien i to dagar etter det planlagde keisarsnittet for ei veke sidan. Kvar tredje time må han sjekke temperaturen, skifte bleie og leggje jentene til mors bryst eller gje mjølk frå flaske.
– Dette er ingen kvileheim, ler han. U
Han syns det er godt å ha fagpersonell rundt seg heile tida, mellom anna av di det ikkje er lett å vite om barna får nok næring.
TETT PÅ: Barnepleiar Laila Bøthun blir godt kjend med dei små og familien deira på intensivavdelinga for nyfødde på Ullevål.
Erik M. Sundt
Kjærleik må til
Laila jobbar tett med familien til dei små som kjem til intensivavdelinga.
– Ei rettesnor for meg i møte med familiane er at magefølelsen til mor er riktig inntil det motsette er bevist, seier barnepleiaren.
Ho meiner at omsorga og kjærleiken til barnet kjem av seg sjølv viss foreldra kjenner seg knytt til barnet. Hud mot hudkontakt er i hennar auge det som skal til for å styrke denne kjensla hos foreldre.
– Ei av mine oppgåver å gjere foreldra trygge. Da får dei små det dei treng: kjærleik, meir kjærleik og endå meir kjærleik. Får dei det, da går det barnet vel, meiner Laila.
I så måte er det liten tvil om at jentene til Ravinder og Daljit er heldig stilte. Foreldra stråler om kapp; han ståande ved stellebordet medan han kler på storesøster; ho sit i lenestolen og ventar på å få gje barnet mat.
Treng ofte ekstra ernæring
Laila får god bruk for vidareutdanninga ho har som ammevegleiar. Ho forklarer at det er så pass komplisert å få i seg mjølk at dei minste kan gløyme korleis det skal gjerast frå gong til gong. Det er eit krevjande koordinasjonsarbeid å suge, puste og svelgje samstundes. Uansett om det skjer med pupp eller flaske.
Barnepleiarane legg ein sonde for ekstra tilførsel av mat frå nase til mage på dei aller fleste barna som er fødde for tidleg.
– Berre viss mor ikkje får opp produksjonen, får barnet flaske, fortel ho.
KLAR FOR Å JOBBE: Veslesyster er snart ferdig stelt og klar for eit måltid ved mors bryst.
Erik M. Sundt
Tett på barn med abstinens
Ei lita, men krevjande pasientgruppe på intensivavdelinga for nyfødde er barn til rusmisbrukarar. Barnepleiarane er den yrkesgruppa som arbeider tettast på denne pasientgruppa. Dei blir godt kjende med dei små, for dei er ofte innlagde til observasjon og behandling i fleire månader. Dersom dei har abstinens, får dei morfin i stadig mindre doser.
– Vi merker at når mor går over til LAR-behandling, får barnet hardare abstinensar enn ungane til dei som framleis bruker stoff, fortel Laila.
I tillegg til abstinensar er desse pasientane ofte plaga med pusteproblem og sprutoppkast. Pleiarane må også følgje med på avføring, motorikk og sosial utvikling.
Denne saken ble første gang publisert i Fagbladet 9/2018.
Les mer
Strikkeluer til premature flommer inn på kontoret til Mette Nord
Dette må du vite hvis du skal jobbe i jula
Vil endre abortlova
Etter abortlova frå 1975 er det kvinna sjølv som avgjer om ho vil gjennomføre svangerskapet eller ikkje «såfremt inngrepet kan skje før utgangen av tolvte svangerskapsuke….».
Fleire politiske ungdomsorganisasjonar er no på gli i abortspørsmålet. Leiar i Unge Venstre, Sondre Hansmark, har gått lengst. Han går inn for å utvide retten til sjølvbestemt abort frå 12. til 24. veke.
På den andre sida står KrFu. Dei har tidlegare støtta abortlova, men går no mot sjølvbestemt abort.
Barnepleiar
• Barsel- og barnepleie er ei vidareutdanning for helsefagarbeidarar.
• Barnepleiarane kan mellom anna assistere ved fødsel, rettleie barselkvinner i amming og pleie nyfødde og sjuke barn.
• Fagskolen i Østfold, Fagskolen Innlandet og Folkeuniversitetet har Nokut-godkjend vidareutdanning i barsel- og barnepleie.
• Dei fleste barsel- og barnepleiarar arbeider på føde- og barselavdeling, barneavdeling, intensivavdeling for nyfødde på sjukehus og på avanserte heimesjukehus.
• Fagforbundet har om lag 1.100 medlemmer i denne yrkesgruppa.
Kilde: NOKUT og Fagforbundet
Best med jobben
Når barnet har det bra og blir tatt godt vare på av trygge foreldre.
Størst utfordring
Det hender eg ikkje får tid nok til å rettleie foreldra.
Difor blei eg barnepleiar
Barn er sårbare menneske, og dei treng ein god start for å få eit godt liv. Det er fint å få vere med i denne første, viktige tida i barnas liv.
For tidleg fødde
• Eit svangerskap varer i cirka 40 veker. Om lag ti prosent av alle barn blir fødde for tidleg. Dei som blir fødde før veke 37 i svangerskapet eller som veg under 2,2 kilo, blir rekna som premature.
• Vanlege komplikasjonar den første tida er låg kroppstemperatur, risiko for pustestopp og fare for infeksjonar av di immunforsvaret ikkje er ferdig utvikla. Dei treng ofte oksygenbehandling og respirasjonsstøtte samt intravenøs ernæring.
Fagbladets julekalender: Luke 23
Hver dag i desember presenterer vi et nytt yrke. I hver sak skjuler det seg en bokstav, som til sammen blir en setning når alle lukene er åpnet fram til julaften. Send løsningssvaret til tips@fagbladet.no, inkl. navn og adresse, innen 31. desember 2018. Vi trekker ut tre vinnere som får ti Flax-lodd hver.
«Barnet har det best når det ligg inntil mor si som ein kenguruunge»
Laila Bøthun
{"418138":{"type":"l","url":"/image-3.418138.60919.f6bcdeb7e1","cap":"s. 2 TETT PÅ: Barnepleiar Laila Bøthun blir godt kjend med dei små og familien deira på intensivavdelinga for nyfødde på Ullevål.","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"418140":{"type":"l","url":"/image-3.418140.60919.60ac322b18","cap":"KUNSTEN Å HALDE SEG I RO: Barnepleiaren støtter og vegleidar medan pappa blir trygg på nye oppgåver.","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"418144":{"type":"l","url":"/image-3.418144.60919.ccd6177b2c","cap":"KLAR FOR Å JOBBE: Veslesyster er snart ferdig stelt og klar for eit måltid ved mors bryst.","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"tittel":{"color":"#040404","fontsize":"55","bgc":"#ffffff","bgo":"1","bgh":"100%","pos":"2","shadow":false},"extrafiles":{"js":"","css":""},"fb":[{"type":"f3","title":"Best med jobben","closed":false,"place":"Ingen kvileheim"},{"type":"f3","title":"Størst utfordring","closed":false,"place":"– Dette er ingen kvileheim, ler han. U"},{"type":"f3","title":"Difor blei eg barnepleiar","closed":true,"place":"– Vi merker at når mor går over til LAR-"},{"type":"f3","title":"For tidleg fødde","closed":true,"place":"Treng ofte ekstra ernæring"},{"type":"f3","title":"Fagbladets julekalender: Luke 23","closed":false,"place":"Laila meiner det er hårreisande å ville "},{"type":"f3","title":"Fagbladets julekalender: Luke 23","closed":false,"place":"Laila meiner det er hårreisande å ville "},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""}],"si":[{"title":"«Barnet har det best når det ligg inntil mor si som ein kenguruunge»","place":"Dei to jentene på stellebordet er blant "},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""}],"us":[{"type":"f3","title":"Vil endre abortlova","closed":true,"place":"Klamrar seg til livet"},{"type":"f3","title":"Barnepleiar","closed":true,"place":"Tett på barn med abstinens"},{"type":"f3","title":"Barnepleiar","closed":false,"place":"Tett på barn med abstinens"},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""}],"lpage":{"exist":false,"color":"#000000"},"cpage":{"iscpage":false,"mpage":""}}