JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Auka tryggleik med GPS

TRYGG OG FRI: Om minnet sviktar, kan behovet for å komme seg ut vere like stort. Sporing med GPS kan gi fridom og spare oss for store leiteaksjonar.

TRYGG OG FRI: Om minnet sviktar, kan behovet for å komme seg ut vere like stort. Sporing med GPS kan gi fridom og spare oss for store leiteaksjonar.

May Britt Haukås

GPS-sporing av personar med demens gjer pårørande tryggare. Men teknologien må bli betre om fleire gamle sprekingar skal ha nytte av sporingseininga.

2015031212000020230821171436

A pparatet ser ut som ein liten mobiltelefon med ein stor raud alarmknapp midt på i staden for tastatur. I tillegg er der symbol som viser ein raud og ein grøn telefon. Men brukaren kan ikkje ringe med den, berre svare på anrop. GPS-en får lett plass i ei handveske eller jakkelomme. Men for at den skal fungere, må den vere slått på, og batteriet vere lada. Og sistnemnte må gjerast ofte, gjerne kvar dag om den er mykje i bruk.

«Sporingseining» er det offisielle namnet. Den er kopla til ein mobiltelefon som får ei tekstmelding når brukaren trykkjer på alarmknappen. Mottakaren kan då enten aktivisere ringefunksjonen for å snakke med avsendaren, eller spore vedkomande via mobilen eller ved å logge inn på nettsida med kartet som viser kvar brukaren er.

Prøveprosjekt

Ulstein kommune er med i Velferdsteknologiprosjektet på Sunnmøre i lag med Ålesund, Ørskog, Vanylven og Herøy. Prosjektet starta i 2012 som del av Det Midt-Norske Velferdsteknologiprosjektet, der målet var å teste ut ny teknologi i dei kommunale pleie- og omsorgstenestene. Ulstein var med i gruppa som skulle prøve ut om Global Positioning System (GPS) kan bidra til å gi personar med demens og familiane deira ein tryggare og friare kvardag. Konklusjonen er klar:

– Ja og nei! Marit Botnen får samtykkande nikk frå Gunn Helen Muren, leiar ved demensavdelinga ved Ulstein sjukeheim.

– Når rett person får utstyret, og det fungerer som det skal, gir det større fridom. Han eller ho kan bu heime, og dei pårørande slepp angsten for ikkje å finne vedkomande om han eller ho går seg vill, forklarer Muren. Men då er altså føresetnaden at utstyret verkar som det skal, og det er det slett ikkje alltid at det gjer, i alle fall ikkje det utstyret som vart brukt i prosjektet.

Umoden teknologi

Etter omfattande intervjurundar med brukarar og pårørande fekk 16 personar i dei fem deltakarkommunane kvar sin GPS. Eit halvt år seinare var berre fem i bruk.

Rapporten etter prøveprosjektet summerer kvifor: For dårleg batterikapasitet, apparatet har for mange knappar og er vanskeleg å forstå for dei med størst kognitiv svikt, sporinga fungerer berre utandørs, og alarmfunksjonen brukar ofte lang tid på å nå fram til mobil-telefonen den er kopla til.

Berre ein GPS er framleis i bruk av dei Ulstein kommune delte ut. Likevel er både Botnen og Muren begeistra og meiner det berre er eit spørsmål om tid før teknologien er forbetra og GPS-sporing kan brukast av fleire. Særleg vil det auke livskvaliteten for fysisk spreke personar med demens, som då kan bu heime lenger og får bevege seg fritt slik dei gjorde før dei vart sjuke. Også pårørande får det lettare når dei slepp å bekymre seg heile tida. Det er gjerne dei som er pådrivarar for å prøve sporing.

– Men ein GPS kan ikkje hindre skader, ulykker eller at du går deg vill. Den kan berre gi tryggleik for at du blir funnen dersom noko skjer, påpeikar Muren.

Juss og etikk

I juni 2013 vart det vedtatt ei lovendring i pasient- og brukarrettslova som opnar for å bruke sporing- og varslingsteknologi for menneske utan samtykkekompetanse. Endringa vart gjort gjeldande frå september same året. Bakgrunnen er eit ønskje om å regulere og å auke bruken av slik teknologi i helse- og omsorgssektoren. Målet er å bidra til auka livskvalitet, verdigheit, sjølvstende og fridom for den enkelte brukar, og sjølvsagt også tryggleik både for dei og dei pårørande.

Både helsesjef Marit Botnen og avdelingsleiar Gunn Helen Muren avviser at bruk av GPS er overvaking og eit alvorleg inngrep i privatlivet til brukarane. Dei meiner erfaringa viser at det er tvert om.

Berre positive tilbakemeldingar

– Der det har fungert, får vi eintydig positive tilbakemeldingar. Dette er strengt regulert, og det må gjerast grundige vurderingar i samråd med pasienten og dei pårørande før det blir fatta eit vedtak om bruk av GPS, seier Botnen. Ho understrekar at velferdsteknologi aldri skal kome i staden for hjelpande hender. Den skal vere eit supplement.

– Folk vil ha det trygt, bu heime så lenge som råd og vite at dei får hjelp når det trengs. GPS kan vere eit slikt hjelpemiddel for somme, på same måten som komfyrvakt og tryggleiksalarmar, seier Muren. Både ho og Botnen trur mange allereie brukar sporing ved hjelp av mobiltelefonar, utan å involvere det offentlege helsevesenet.

– Ein 80-åring for ti år sidan og ein 80-åring i dag er svært ulike. I dag er mange av dei eldre vande med mykje moderne teknologi. Det er når dei ikkje meistrar mobiltelefonen sin lenger, at GPS kan vere eit enklare alternativ som gir tryggleik, seier Botnen.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy