JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

I dag er det portøranes dag:

No har dei fått si eiga utdanning

NOK PRAKSIS: No manglar berre teorien. Sjukehuset i Haugesund får ti portørane med fagbrev før sommaren.

NOK PRAKSIS: No manglar berre teorien. Sjukehuset i Haugesund får ti portørane med fagbrev før sommaren.

Anne Tove Hammer

Portørane kan feire sin eigen fagdag i trygg forvissing om at faget er på veg opp. Både i Telemark og i Rogaland trillar nye fagarbeidarar ut.

2016012610522620230821171436

karin.svendsen@fagbladet.no

Då læreplanen for Vg3 Portørfaget var klar tidligare i haust, var det berre for AOF å hive seg rundt. Det gjorde dei både i Telemark og Haugaland. I september kunne dei, som dei fyrste i landet, tilby teoretisk undervisning i faget.

AOF tek teorien

AOF Haugaland gjekk gjennom læreplanen, brukte utdrag frå lærebøker i helsearbeidar- og ambulansearbeidarfaget i tillegg til å lage materiell spesielt retta mot portørane.

– Vi har tett samarbeid med Fagforbundet her, fortel Anne Tove Hammer, kompetanserådgjevar i AOF Haugaland. Dei var difor godt førebudde på at portørfaget ville kome.

– Og elevane visste me kor var å finne, seier ho.

Etter ein kvalitetssjekk med Fagopplæringskontoret var AOF trygg på at teoridelen heldt mål. Og allereie siste dagen i september kunne dei fyrste elevane setje seg på skulebenken.

Ein stolt seksjonsleiar

Magne Bua, leiar for Seksjon helse og sosial (SHS) på Haugesund sjukehus, var den som gjorde AOF merksam på at dei måtte førebu seg på at portørane snart trengte teoretisk pensum og undervisning. Han hjelpte også til då AOF trengte folk som kjende til litteratur som er relevant for portørfaget.

– No er eg litt stolt, seier han. For dei har vore kjappe på Haugaland, og saman med Telemark er dei truleg dei fyrste i landet som kan tilby undervisning i Vg3 Portørfaget.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy