Mange vegar fram:

Slik får du fagbrev i vaksen alder

GODT VAL: (F.v) Tonje Thorbjørnsen, Mona Ottersen og Frode Rønsberg oppmodar kvinner og menn til å velje helsearbeiderfaget.
GODT VAL: (F.v) Tonje Thorbjørnsen, Mona Ottersen og Frode Rønsberg oppmodar kvinner og menn til å velje helsearbeiderfaget.
Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

LES OGSÅ:

Nå kan du ta fagbrev som byggdrifter

Gowry tok fagbrev med full lønn

Tryggere og stoltere renholdere med fagbrev

Behovet for fleire tilsette med fagbrev er stort i helsesektoren. Talet på vaksne som tek utanninga har gått ned dei siste åra. Men nokre får det til.

Oddrun S. Olsen frå Berlevåg og Mona Ottersen frå Trondheim har begge teke utdanning i helsearbeidarfaget i vaksen alder. Dei fortalde om kvar sin veg mot fagbrev da Aldring og helse, Nasjonal kompetansetjeneste saman med Bli helsefagarbeider sette kompetanse i helsesektoren på dagsorden for ein dagskonferanse i haust.

LES OGSÅ:

Ny modell gir helsefagelever både fagbrev og studiekompetanse

Dei fyrste elevane i portørfaget er i gang

Nina først ut med EU-sertifikat

Fekk full stilling

Mona Ottersen høyrde rykte om at det skulle bli slutt på småstillingar og assistentar i kommunen. Ho såg ei brosjyre med tilbod om utdanning, og etter 18 månader på skulen pluss realkompetansevurdering var ho ferdig helsefagarbeidar i 2012. I dag har ho 100 prosent stilling i kommunen.

– Eg lærte mykje, eg har vakse mykje. Og no trur eg at eg kan veldig mykje, fortalde ho ein smule sjølvironisk.

Stort potensiale

Tonje Thorbjørnsen og Eli Sogn Iversen frå Fagleg råd for helse- og oppvekstfag, kunne opplyse om at heile 25 000 tilsette i pleie- og omsorgssektoren er utan formell kompetanse.

– Potensialet for opplæring er 40 000 tilsette. Men vaksenopplæringa har gått ned på grunn av lite tilpassa ordningar, sa Thorbjørnsen.

Fagleg råd er skeptisk til å senke krava i utdanninga, men inviterte til refleksjon om det er mogleg å gjere dei teoretiske fellesfaga meir tilpassa yrket.

Mange rekruttar

Frode Rønsberg, med tittel rekrutteringsminister på visittkortet sitt, er primus motor i Menn i helse.

– Vi er eit rekrutteringslokomotiv. Menn i helse fins no i 30 kommunar i seks fylke, og kvart år framover sender vi ut mellom 200 og 300 menn med fagbrev.

LES MER:

Jenny ble gulljente i helse-VM

Verdensmesteren fikk 10.000 av Fagforbundet

Kvalifikasjoner på høyt nivå

Røe Isaksen lokker flere til å bli lærere i yrkesfag

Powered by Labrador CMS