JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Auka hemmeleghald i det offentlege

MEIR HEMMELEGHALD: Det kan vere eit demokratisk problem å fjerne eit folkevald formannskap, og erstatte det med eit byråd, meiner fokusforfattaren.

MEIR HEMMELEGHALD: Det kan vere eit demokratisk problem å fjerne eit folkevald formannskap, og erstatte det med eit byråd, meiner fokusforfattaren.

Oslo kommune

Stortinget vedtok 8. juni å endre offentleglova slik at eit byråd sine sakslister og saksdokument kan haldast hemmeleg, og vi kan risikere at vi ikkje få vite når politikarane startar å diskutere viktige politiske saker.

2015111015131420230821171436

Tilrådingar frå kommunen sine fagfolk eller eksterne ekspertar treng heller ikkje bli kjende før byrådet konkluderer.

Det er tre store byar som nå har byråd – Oslo, Bergen og Tromsø – og som har avskaffa formannskapssystemet. Felles for desse kommunane er at dei har innført eit såkalla parlamentarisk styringssystem som erstatning for formannsskapssystemet. (I skrivande stund er det gjort kjend at det nye styret i Tromsø vil gå tilbake til formannskapssystemet, og det er interessant å konstatere.)

Det har blitt hevda at parlamentarisme gir grunnlag for ei meir effektiv styring, men det er vel minst like tydeleg at ein kan miste ein hevdvunnen demokratisk dimensjon.

Det parlamentariske systemet i dei nemnde tre byane er ikkje identiske. Ein kan rett nok hevde at bergensmodellen har nærma seg oslomodellen. Dei første åra med parlamentarisme i Bergen var det til dømes bystyret som valde medlemmane til byrådet. I Oslo har det alltid vore byrådsleiaren som har peika ut byrådet, akkurat som statsministaren peikar ut statsrådar på statleg nivå.

I Bergen treng ikkje nokon av byrådsmedlemmane å vere valde til bystyret. Praksisen i Oslo er at i alle fall leiaren må vere vald til bystyret. Poenget mitt er at kommuneparlamentarisme eller byparlamentarisme ikkje er eit eintydig definert omgrep, og kan praktiserast ulikt.

Eit gjennomgåande trekk ved lokalforvaltningssystemet vårt har vore at det er kollegiale organ som fattar vedtak. Det som er ein viktig basis for slike kollegiale organ, er at dei skal reflektere folket si oppfatning, og er derfor ein viktig del av det som vi oppfattar som folkestyre.

Det kan vere eit interessant spørsmål om eit byråd eigentleg treng å bli oppfatta som eit folkevald organ. Det er rett nok folkevalde som har vald eller rettare utpeika medlemmane. Men kan ein dermed kalle dei folkevalde? Kommunaljuridisk har ein visstnok konkludert med at byrådet er eit kommunalt vald organ. Mykje tyder på at det er oslomodellen ein har hatt i tankane ved den konklusjonen. Men det kan vere spørsmål om den måten dette nyleg er gjort på i Bergen tilfredstiller dette kravet. Der blei byrådsleiaren fleirtalsvald på eit partimøte, og ingen av dei andre medlemmane treng eingong å vere vald til bystyret.

På statsplan reknar vi at parlamentarismen blei innført i 1884 ved riksretten mot regjeringa Selmer, og har følgeleg ei 130 års utviklingshistorie. Byparlamentarismen i Bergen har ein 14-årig utviklingshistorie bak seg, men systemet har hittil ikkje blitt fagleg evaluert.

Eit av parlamentarismen sine berande prinsipp er at den politiske leiinga har det direkte ansvaret for virket til den underliggjande forvaltninga. Men i Bergen har vi sett eksempel på at dette ikkje har fungert slik. Giardia-skandalen er eit slikt eksempel. I kjølvatnet av den saka gjekk ein fagdirektør – altså ein administrativt tilsett – stille og roleg ut. Eit verkelig politisk ansvar blei ikkje gjort gjeldande.

Stortinget vedtok denne lovendringa på grunnlag av eit såkalla dokument 8-vedtak. Nokon omfattande behandling av framlegget fann ikkje stad. Det var tydelegvis gjort effektivt «forarbeid» i denne saka. Justiskomiteen tilrådde vedtaket raskt. Og Venstre vingla seg tilbake til sin liberale tradisjon og stemde mot lovendringa.

I Oslo, Bergen og Tromsø var det borgarleg styre. Saka starta med at stortingsrepresentantar frå regjeringa ville kome desse forvaltningane i møte med ei lovendring. Men dei fekk med seg fleire parti – også Arbeidarpartiet. Ei samstemd presse hadde innvendingar mot lovendringa og behandlingsmåten for saka. Her kan det vere freistande å minne om erfaringar som nettopp pressa har gjort kjend for allmenta. Det kan til dømes vere relevant å minne om vannverkskandalen frå Romerike der eit interkommunalt selskap over fleire år lurte unna 20–30 millionar kroner – betalt av abonnentane. Utan kritisk og gravande journalistikk hadde denne saka neppe blitt kjend. Kommunane sine eigne kontrollorgan kunne ikkje ha greidd dette utan pressa si hjelp.

Også frå nyare tid har det kome opp saker som har blitt kjende for allmenta nettopp på grunn av pressa sin undersøkjande journalistikk. Dette har vore saker som sikkert mange av dei involverte skulle ønskje blei haldne unna. Det kan og vere eit poeng at risikoen for å bli sett i korta gjer at mange held seg unna å gjere ulovlege eller tvilsame ting – altså ein klår førebygging og styrking av folk sin tillit til forvaltningssystemet.

Makthavarar har aldri likt å bli sett i korta, og slik er det vel framleis. Men då er det ein ekstra grunn til å ha denne moglegheita open – ikkje redusere han slik det no ser ut til å vere gjort ved å endre offentleglova.

Rolf Kalvø

Pensjonist, tidlegare revisjonssjef i Bergen kommune.

«Det kan og vere eit poeng at risikoen for å bli sett i korta gjer at mange held seg unna å gjere ulovlege eller tvilsame ting.»

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy