JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Samfunnstryggleik og risiko i vassbransjen

colourbox

Det er sjølvsagt at vi får reint drikkevatn frå vasskrana. Diverre finst det mykje som kan påverke den trygge vassforsyninga, og samfunnstryggleik kjem stadig høgare opp på dagsorden i vassbransjen.

2015111015060620230821171436

Vassbransjens tenester er grunnleggande for at samfunnet vårt skal fungere, men eit uavgrensa tal ulykker, kriser, truslar og naturfenomen kan påverke vassforsyninga. På Norsk Vanns årskonferanse i Kristiansand i september var tryggleik i vassbransjen eit av mange viktige tema.

Seniorrådgivar ved Nasjonal Sikkerhetsmyndighet, Jørgen Dyrhaug, fokuserte på «Det ein ikkje veit at ein ikkje veit» som ein av dei store truslane mot tryggleik i vassbransjen. I innlegget la han vekt på korleis vassbransjen er svært sårbar for dataangrep og villa hendingar. Det ein ikkje veit at ein ikkje veit er og aktuelt for andre område der vassbransjen er sårbar. Eit vassverk må vere i stand til både å vurdere og handtere uventa hendingar som til dømes flom, tørke, brann, strømsvikt og forureining. Enkelte uønska hendingar kan og ramme fleire sektorar samtidig. Eksempel på dette er ekstremvêr, pandemi og trusselsituasjonar som skaper kriseliknande tilstandar. Samordning mellom ulike sektorar, etatar og aktørar er viktig for god beredskap, og for å ivareta eit forsvarleg tryggleiksnivå i vassbransjen.

Drikkevatn er vårt viktigaste næringsmiddel, og drikkevasskvaliteten i Noreg har historisk sett aldri vore så bra som i dag. Samtidig ser ein utfordringar i arbeidet med å oppretthalde den gode kvaliteten i åra framover. Reint vatn held folk friske medan forureina vatn kan gjere folk alvorlig sjuke. Krava til kvalitet og tryggleik i vassforsyninga er i stadig utvikling, i takt med kunnskaps- og velstandsutviklinga i samfunnet rundt.

Ifølge RIFFs rapport State of the Nation frå 2015 får norske vassforsyningsanlegg karakter tre grunna vedlikehaldsetterslep og forfall på leidningsnett som fører til lekkasjar, og som er med på å true stabil og sikker forsyning av trygt og reint vatn til ei kvar tid. Over 30 prosent av drikkevatnet går tapt i form av lekkasjar. Omlag 85 prosent – eller 4,3 millionar – av Noregs befolkning vert forsynte med vatn frå 1100 kommunalt eigde vassverk. 90 prosent får vatn frå overflatekjelder, 10 prosent frå grunnvasskjelder.

Snittalder for det kommunale vassleidningsnettet i Noreg er 34 år. Årleg fornying av det kommunale vassleidningsnettet er anbefalt å ligge på 1,2 prosent for å unngå ytterlegare forfall. På Norsk Vanns årskonferanse vart det samtidig understreka at behova for utbetring varierer veldig, og at anbefalingane for fornying må tilpassast lokale behov.

Klimaendringar representerer ei stor utfordring for vassforsyninga, og god beredskap blir stadig viktigare for å sikre trygg vassforsyning. Når kommunane lagar beredskapsplanar for ras, flom, øydelagde hus, vegar og bruer som følgje av sterkare stormar og hyppigare ekstremnedbør, er det svært viktig at infrastruktur rundt vassforsyning er sikra. Meir ekstremnedbør gjev større avrenning og meir forureina råvatn. Dette aukar behovet for å sikre drikkevasskjeldene, som i Noreg i stor grad er overflatevatn. Meir nedbør kan og føre til større risiko for brot på leidningsnettet, særleg ved flomsituasjonar, då fare for forureining i nettet kan verte eit problem.

Omgrepet risiko er definert som eit uttrykk for den faren som uønska hendingar og tilstandar representerer for menneske, miljø eller materielle verdiar. Regelverk som omfattar tryggleik rundt vassforsyning er i stor grad retta mot førebyggande tiltak og avviksbehandling. Å minimalisere vassforsyningssystemets sårbarheit er spesielt viktig ved prosjektering, vedlikehald og ombygging, samt ved driftsovervaking. Vassbransjen må både vere gode på å redusere risiko gjennom tiltak for å sikre at det ikkje går gale, samt på beredskap – å kunne handtere situasjonen om det likevel går gale.

Kommunen har eit overordna ansvar for vassforsyning innanfor kommunegrensene slik det framgår av plan- og bygningslova samt kommunehelsetenestelova. Den som har ansvar for ei teneste har og ansvar for naudsynte beredskapsførebuingar. Drikkevassforskrifta krev at eit vassverk har ein beredskapsplan som gjer det i stand til å handtere uønska hendingar. Vassverkseigar skal gjennomføre nødvendige beredskapsførebuingar og utarbeide beredskapsplanar for å sikre levering av tilstrekkelige mengder drikkevatn og under kriser og katastrofar.

For å trygge norsk vassforsyning treng ein auka kunnskap om kvalitet på vassforsyninga og på sjukdomsførekomstar grunna forureina vatn. Det er semje i fagmiljøa om at vedlikehaldsetterslepet på leidningsnettet må møtast med tilstrekkelege ressursar, og at ein treng forsking, teknologiutvikling og gode datasystem for å møte nye og ukjende truslar. Og sidan ein av dei største truslane mot tryggleiken for norsk vassforsyning er det ein ikkje veit at ein ikkje veit, må ein kanskje først og fremst finne ut av dette.

Hanna Kvamsås

Rådgivar i Seksjon samferdsel og teknisk i Fagforbundet.

Artikkelen er skriven med sterk inspirasjon frå Norsk Vanns årskonferanse i Kristiansand 2015, samt frå kjelder på www.norskvann.no.

«For å trygge norsk vassforsyning treng ein auka kunnskap om kvalitet på vassforsyninga og på sjukdomsførekomstar grunna forureina vatn.»

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy