KJØKEN: Når alle gjer sitt kan gjestane få ein god oppleving av måltidet.
Erik M. Sundt
karin.svendsen@fagbladet.no
Heile 203 sjukeheimar har vore med i konkurransen Gylne måltidsøyeblikk 2016. Alle dei fem som er nominerte til prisen, arbeider etter kok/server-metoden. Det inneber at maten blir servert same dag som han blir produsert.
• Les temaheftet Mat til glede og besvær her
Vanylven omsorgssenter (Møre og Romsdal), Sundheim bo- og treningssenter (Oppland), Gloppen omsorgssenter (Sogn og Fjordane) og Løten Helsetun (Hedmark) har alle eige kjøken som lagar varmmat kvar dag. Den femte finalisten, Økernhjemmet (Oslo) har organisert seg slik at middagen kvar dag blir laga på kvar avdeling.
GOD SMAK: Lukt, atmosfære og næringsinnhald i tillegg til smaken avgjer kva for eit kjøken som vinn 10.000 kroner.
Erik M. Sundt
– Må gjere ein god jobb
Iren Luther, nestleiar i Fagforbundet Seksjon helse og sosial, trur det er fullt mogleg å skape gylne augneblink ved bordet uansett kva for metode ein arbeider etter.
– For å skape slike augneblink må kjøkenet gjere ein god jobb. Men det må også pleiarane og postvertane på avdelinga. Alle må gjere sitt for at gjestane skal få servert ein innbydande, duftande og velsmakande middag i eit triveleg lokale og på ein hyggeleg måte, seier ho.
– Mat er viktig
Luther trur det er naudsynt at både kommune, verksemd og dei tilsette er klar over kor viktig maten er.
– Opplevinga til gjestane blir ikkje betre enn innsatsen er i svakaste ledd. For at alle på sjukeheimane skal ha moglegheit til å gjere ein god jobb, trengs møteplassar der tilsette kan snakke saman og dele kompetanse for å halde engasjementet ved like, meiner ho.
Konkurransen er eit samarbeid mellom Landbruks -og matdepartementet, Forbrukerrådet og Pårørendeaksjonen. Vinnaren får ein premie på 10.000 kroner. Konkurransen vart gjennomført første gong i 2015. Då var det Døli pleie- og omsorgssenter i Nittedal (Akershus) som vann.
To måter å lage mat på
• Kok/server:
Maten lages og blir holdt varm til servering. Vanligste metode på institusjon med eget kjøkken.
• Kok/kjøl:
Maten lages og kjøles raskt ned og pakkes i vakuum. Sendes ut og varmes opp igjen før servering. Vanligst på sentralkjøkken som leverer til flere institusjoner og hjemmeboende.
Terje Bendiksby / NTB
Lønnsoppgjøret for kommunene gjelder 450.000 ansatte. Mette Nord representerer 190.000 av dem. Det er Norges største tariffoppgjør, og er derfor omfattet med stor interesse fra media.
Per Flakstad
PENSJON: Utbetalingen av den økte pensjonen, inkludert etterbetaling for mai, kommer 20. juni.
Colourbox.com
Forbundsadvokat Kjetil Edvardsen har vært sentral i alle rettsrundene mellom Stendi og Fagforbundet.
Werner Juvik
karin svendsen
Årets lønnsoppgjør startet med kravoverrekkelsen mellom Jørn Eggum i Fellesforbundet og Knut E. Sunde Norsk Industri.
Håvard Sæbø