JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Regjeringas inkluderingsdugnad:

Desse fire stønadskutta har gjort livet verre for folk som slit, meiner SV

Stortingspolitiker Karin Andersen (SV).

Stortingspolitiker Karin Andersen (SV).

Jan-Erik Østlie

Regjeringa sørger for at dei sosiale stønadene er treffsikre mot dei som treng dei mest, svarer Høgre.

2019071810050020230821171436

tormod@lomedia.no

– Regjeringa held fram med å spreie haldningar om at dei som har dårleg helse eigentleg berre har vondt i viljen. Det tar dei fem sekund å gi skattelette til milliardærane, medan det sit langt inne å bistå folk som har dårleg helse. Dei er slepphendte med pengar i den eine enden, men gjerrige som Onkel Skrue i den andre enden, seier stortingspolitikar Karin Andersen i SV til FriFagbevegelse.

Sjekk hvilket parti som får mest penger av Fagforbundet til å drive valgkamp

Fire kutt i sosiale stønader

SV-politikaren peikar på regjeringas kutt i sosiale stønader, når ho skal forklare kvifor regjeringa mislukkast. Ho trekker fram fire kutt:

• Kutt i overgangsstønaden: Dette er ei Nav-støtte som sikrar inntekta til aleineforsørgarar. I 2015 vart støtta kutta frå tre til eitt år, med moglegheit for å forlenge til tre år dersom ein er under utdanning.

• Kutt i arbeidsavklaringspengar: Denne Nav-støtta sikrar inntekta til dei som på grunn av sjukdom eller skade treng hjelp til å kome i arbeid. I 2018 vart reglan endra og perioden redusert frå fire til tre år, med moglegheit til å forlenge med to år. Vilkåra for å få støtta og forlenging vart kraftig skjerpa. Det har ført til at flere må over på uføretrygd og sosialhjelp.

• Kutt i bustøtte: Dette er ei støtteordning frå Husbanken for dei som slit med å betale husleige eller bustadlån. I 2017 vart inntektsgrensa nedjustert og mange mista støtta. Mange har i stedet blitt avhengig av sosialhjelp frå kommunen.

• Kutt i uføretrygda: Denne ordninga er for dei som har varig nedsette arbeidsevne på grunn av sjukdom eller skade. I 2015 vart uførereformen innført, og mange har ikkje blitt kompensert for ny skattlegging av uføretrygda. I 2016 kutta regjeringa også i barnetillegget for uføre.

Andersen nemner også kutt i pleiepengeordninga, kutt i tilskot til personar med cøliaki og kutt i rettshjelp for utsette menneske, som alle er heilt eller delvis reversert i ettertid av at dei vart innført eller foreslått.

– Om du ikkje har nåla i veggen, har dårleg helse og manglar jobb, vil ikkje det å få dårlegare råd gjere deg frisk. Mange har hamna på sosialhjelp som blir behovsprøvd frå månad til månad og må blakke seg for eigedelar. Desse kutta medfører ein nedadgåande spiral, seier SV-politikaren.

Nå kan du begynne å forhåndsstemme ved årets lokalvalg

For tidleg å seie

Fredag offentleggjorde regjeringa ei undersøking som viser at staten er langt unna å nå målet om at fem prosent av nytilsettingar i staten skal vere folk med funksjonsnedsetting eller hol i CV-en.

– Det har vore mange store ord, men regjeringa skulkar sjølv jobben, er Andersens skildring av den såkalla inkluderingsdugnaden som regjeringa lanserte i 2017.

– Det er litt prematurt å kritisere at vi ikkje har nådd femprosentmålet når det har gått knapt eitt år sidan dette vart definert i tildelingsbreva til verksemdene i staten og forslag om tiltak framleis er ute på høyring, er arbeidslivspolitikar i Høgre, Heidi Nordby Lunde, sitt svar i ein e-post til FriFagbevegelse.

Saka held fram under bildet.

Heidi Nordby Lunde er andre nestleiar i Stortingets arbeids- og sosialkomite for Høgre.

Heidi Nordby Lunde er andre nestleiar i Stortingets arbeids- og sosialkomite for Høgre.

Martin Guttormsen Slørdal

Høgre-politikaren er ikkje einig i at kutta i stønader gjer det vanskelegare for folk å kome i arbeid. Tvert imot er dei endringar som gjer ordningane meir treffsikre mot dei som treng dei mest.

– SV står sjølv for ein politikk som held folk i fattigdom gjennom å utvide og uthole sosiale ordningar sånn at dei blir mindre målretta og fungerer dårlegare for alle, sånn som med arbeidsavklaringspengar som SV nemner som eksempel.

– Vi har ein raus og omfattande velferdsstat i Norge. Då er det viktig at dei ulike ordningane fungerer etter hensikta. Det er interessant at Andersen kritiserer mangelen på måloppnåing av femprosentmålet for inkludering i staten, men ikkje er interessert i å nå måla for å få folk raskare ut i arbeid gjennom ein betre og meir målretta velferdspolitikk når det gjeld sosiale ytingar, meiner Høgres Heidi Nordby Lunde.

Se hva Fagforbundets regioner mener om samarbeid med Senterpartiet

Forsvarer endringar

Regjeringas endringar i arbeidsavklaringspengar har blitt utskjelt av brukarar og tilsette i Nav, men Nordby Lunde meiner det var ei riktig endring.

– Den raudgrøne regjeringa gjorde ein god ting då dei erstatta tre tidlegare sosiale ytingar med arbeidsavklaringspengar, med føresetnad om raskare og tettare oppfølging. Det siste innfridde dei ikkje. Fleire enn det ordninga var meint for har komme inn på AAP og blitt gåande for lenge utan oppfølging. Endringane var nødvendig for å sørge for at dei som skulle ha betre oppfølging faktisk fekk det, meiner Høgre-politikaren.

– Når det gjeld eingongsstønad så kan det vere riktig å hjelpe folk som har vore avhengig av ektefellen si inntekt, til å omstille seg til ein ny livssituasjon ved eit samlivsbrot der dei blir eineforsørgar. Men eg meiner tre år er meir enn nok for at andre barnefamiliar skal betale skatt for å kompensere bortfallet av tidlegare ektefelle si inntekt, seier Nordby Lunde.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy