Sakene til alvorleg sjuke og uføre vert ikkje handsama på Nav-kontora innan rimeleg tid. Dermed står dei på bar bakke utan inntekt når sjukmeldingstida er omme. Mykje av årsaka skuldast at dei tilsette er overarbeidde. Saksmengda veks dei over hovudet, samstundes som dei sit midt oppe i den største omstillingsprosessen i offentleg verksemd vi har hatt her i landet. Meir enn 15.000 tilsette skal organiserast inn i nye oppgåver og nye rutinar saman med nye kollegaer, på heilt nye kontor og heilt nye sjefar.
Sivilombodet har no kome med kraftig kritikk av Nav for slett handsaming av brukarar og tenestemottakarar. Verst går det ut over kronisk sjuke med krevjande somatiske lidingar, funksjonshemma og dei som slit psykiske.
Dei tilsette må tole kritikk for at dei ikkje møter brukarane på ein «verdig måte». Dei har ikkje naudsynt kompetanse, og dei meistrar ikkje det tverrfaglege samarbeidet. Mange av klagarane har sikkert rett. I møte med Nav er det mange som kjenner seg umenneskeleggjorde, mistenkte og handsama med manglande respekt.
Samstundes er det slik at stor arbeidsmengde, ulike lønssystem, ulike kulturar, ulik fagleg ståstad og ulike måtar å arbeide på har gjort kulturbygginga vanskeleg.
Næringslivet kan ikkje vitne om særleg mange vellukka fusjonar, men har mange gode røynsler om kva som kan verte mislukka.
Dei tilsette sine organisasjonar åtvare mot at manglande kultursmelting og dårleg kommunikasjon kunne lage store vanskar for heile Nav-reforma. Difor bad dei om meir pengar til omstillingsprosessen. Det ville ikkje Bjarne Håkon Hanssen gje, og no er det krise.
Politikarane og leiinga i Nav må definere realistiske mål for dei tilsette og få på plass dei naudsynte ressursane til gjennomføringa. I tillegg må det gjennomførast ei truverdig kulturbygging og utvikling av det tverrfaglege samarbeidet.
Alternativet er at heile Nav bryt saman.
SKIDE GODT: Lillestrøm kommune kuttet kraftig i dopapirutgiftene og sparte renholderne mye jobb ved å bli smartere til å telle papirmetere.
Stockthings/Colourbox
SKJULT: Nede i vannet under kaia på Stavanger har en gammel vannstandsmåler jevnt og trutt logget endringer i havnivået i over hundre år. Det kan ha reddet byen fra en ødeleggende storflom.
Werner Juvik
– Nå skal vi ta oss råd til å besøke den chilenske familien til mannen min så fort det blir forsvarlig å reise, sier Elisabeth Bøckman.
Per Flakstad
TAR KAMPEN: Liv Dagrun Fosse, Kristin De Paoli, Kristin Helene Adams og Linda Rosendahl streiker for at ansatte i privat omsorg skal ha lik lønn som sine kollegaer i offentlig sektor.
Ida Søraunet Wangberg
SKEPTISK: – Det er ikke sikkert helsearbeidere aleine bør komme først i vaksinekøen, sier Fagforbund-nestleder Sissel Skoghaug.
Jan Lillehamre
Forbrukerøkonom Silje Sandmæl Sandmæl håper at folk er motivert til å ta grep om egen sparing.
STIG B. FIKSDAL