Alle hjelpepleiarane må ta tilleggsutdanning
I Stavanger må alle hjelpepleiarane på føde- og barselavdelingane ta tilleggsutdanning på fagskolen. Dei har høg kompetanse, og blir verdsette.
karin.svendsen@fagforbundet.no
Therese Tollefsen på barselavdelinga og Klara Lybekk på fødeavdelinga ved Stavanger universitetssjukehus (SUS) har begge tatt tilleggsutdanning i barsel og barnepleie.
– Da eg var inne til intervju på jobben, forstod eg at det var viktig at eg hadde planar om å ta fagskolen, fortel Tollefsen.
Dei to har ynskja å arbeide med nyfødde sidan dei utdanna seg til hjelpepleiarar. Og etter at dei vart tilsette, venta dei berre på neste opptak på fagskolen. I 2008 kunne dei byrje på Gand opplæringssenter i Sandnes, og etter to års deltidsstudium var dei ferdig utdanna spesialhjelpepleiarar i barsel og barnepleie.
Drivande flinke
Oddrun Hompland, overjordmor på Fødeavdelinga, ser verdien av å ha godt utdanna barnepleiarar.
– Barnepleiarane er drivande flinke til å observere barn, og dei er heilt nødvendige her, seier ho.
Overjordmora merkar særleg at dei saknar dei faste barnepleiarane med høg kompetanse og mykje erfaring når det er ferietid.
– Da får vi bekrefta nytten av fagskoleutdanninga og fagleg påfyll, seier ho. Hompland finn det heilt naturleg at ein vikar som berre har ei generell utdanning som helsefagarbeidar, ikkje fullt ut kan fylle rolla til ein barnepleiar.
– Dei er innom mange fagfelt, og kan ikkje lære alt som trengs på ein føde- eller barselavdeling, seier ho.
Treng å fordjupe seg
Theres Tollefsen og Klara Lybekk kjende at dei trong tilleggsutdanning, og er glade for at dei har ein fagskole i distriktet.
– Teorien var interessant, men like nyttig var det kanskje å møte folk med ulik yrkesbakgrunn, meiner dei to. I klassen var dei 14 elevar med bakgrunn frå mellom anna barnehage og sjukeheim.
I tillegg til den formelle tilleggsutdanninga har barnepleiarane på SUS høve til jamleg oppdatering. Saman med jordmødrene har dei ein dag med felles undervisning kvar 12. veke.
I tillegg til at barnepleiarane får fagleg påfyll saman med jordmødrene på sjukehuset ein gong i kvartalet, er fire av dei i gang med klinisk fagstige.
Seksjonen for føde og barsel har ein sjukepleiar som er tilsett mellom anna for å rettleie dei som tek etterutdanning. Mange har også tatt ammerettleiingskurs på Ammeskolen i Oslo.
– Vi går alltid på noko, seier Tollefsen og Lybekk.
Og viss ikkje dei er opptekne av eit kurs, går dei gjerne og ventar på eit.
Klare roller
Klara Lybekk er glad for at barnepleiarane på SUS har fleire oppgåver enn mange andre stader.
– Vi brenn for faget og gjer alt for å gjere oss uunnverlege, smiler ho.
Barnepleiarane skaffar seg ein kompetanse som arbeidsgjevar veit å verdsette. For sjukehuset er kontinuerleg fagleg oppdatering viktig for å sikre kvaliteten på tenestene. Og når arbeidsgjevar er nøgd, blir det mindre aktuelt å gjere om fagstillingar til høgskolestillingar. Slik veks tryggleiken på SUS, og sjukehuset har inga problem med å rekruttere barnepleiarar.
Ein viktig del av kompetansen i eit samansett system som ei sjukehusavdeling, er å vite kva som er oppgåva til kvar og ein, og kva dei andre kan forvente av den einskilde.
– Medan jordmor har fokus på mora, har vi fokus på barnet, fortel Klara Lybekk.
Barnepleiarane veit når det skal takast blodprøver av barnet, når den vesle treng ljos, kva som trengs når han er prematur og så bortetter.
– Fleire og fleire mødrer får problem med amminga, så ammerettleiing blir meir og meir viktig, fortel ho.
Betaler utdanning sjølv
Barnepleiarane på SUS meiner at arbeidsgjevaren verdsett yrkesgruppa deira. Men Klara Lybekk og Theres Tollefsen skulle ønskje at sjukehuset også dekka kostnadene ved å ta fagskolen. Dei fortel at utdanninga kostar om lag 35.000 kroner pluss at ein ikkje har inntekt i praksisperioden. Og den einaste støtte dei får, er stipend frå Fagforbundet.
Gand opplæringssenter er knytt til Gand vidaregåande skole i Sandnes og Rogaland kurs- og kompetansesenter. Fagskoleutdanninga i barsel og barnepleie på Gand er nett godkjend av Nokut slik at elevane kan få lån og stipend frå Statens lånekasse for utdanning.
Fagskole er for personar med fagbrev.
Barsel og barnepleie er ei tilleggsutdanning for helsefagarbeidarar og hjelpepleiarar. Andre som har fagbrev eller vidaregåande skole innanfor helse- og sosialfag, kan óg søke. Opptak basert på realkompetansevurdering er også mogleg.
Inga Sandnes, kurskoordinator ved Gand opplæringssenter, opplyser at dei har elevar frå heile landet. Elevane skal møte ein dag i veka. Dei som ikkje bur i nærleiken, kan nytte Det elektroniske klasserommet og delta på samlinga via videokonferanse. Dei som tar ei nettbasert utdanning, blir følgt opp med pc-baserte videokonferansar.
For å få oversikt over tilbod om fagskoleutdanning som er godkjend av Nokut, kan du nytte heimesida til Fagforbundet Seksjon helse og sosial; www.fagforbundet.no/shs
Fødeavdelinga tilbyr smertelindring som til dømes massasje, akupunktur og lystgass. Her blir om lag 5000 barn fødd kvart år.
Fødeloftet er ei avdeling for fødslar som venteleg er utan risiko. Her blir det fødd om lag 1200 barn i året.
Barselhotellet er for friske kvinner og barn etter fødselen.
Barselposten er for kvinner og barn som av medisinske grunnar ikkje kan ha barselopphaldet på hotellet.
Alle avdelingar og postar har barnepleiarar.