JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Små saumar, store draumar

Simona (30) er blitt rusfri i Targsor kvinnefengsel i Romania, og ho broderer religiøse ikon for å korte ned på straffa. Målet er å stå stødigare på eigne bein når ho blir sett fri om eitt år.

2010031508314220131216124921

Vi møter Simona på cella, som ho deler med sju andre jenter. Ho sit i den eine overkøya som er «territoriet» hennar; det er ikkje mykje privatliv i Targsor kvinnefengsel. Cellene er møblerte med fire køyesenger og ei hylle. Det er knapt med skåpplass og minimalt med rom for personlege eigedelar.

Rosa kosebamsar

Targsor kvinnefengsel i byen Ploiesti i Romania er ei pastellfarga verd. Overalt er det plysjsengeteppe og kose­bamsar. Det er søte tøflar og klokker i alle fasongar. Dei viser sekunda som sleper seg av garde og blir til år og rynker i ansikta. Det er det fengsel handlar om.

– Eg sonar fire år for tjuveri etter eit mislukka forsøk på å skaffe pengar til dop, seier Simona og ler. Det gjer ho ofte. Ho er ei glad jente.

– Eg var narkoman då eg fekk dommen på fire år, men eg er heilt rein no. Eg fekk oppfølging med medisin og psykolog her i fengselet, fortel ho på godt engelsk.

Det finst krefter i EU/EØS som jobbar for å hjelpe straffedømde ut av den kriminelle laupebana.

Besøk langvegsfrå

Ein solrik dag i mai 2009 har ei gruppe frå Noreg, Danmark, Belgia og Romania funne vegen til Targsor. Dei er med i eit EU-program som går under namnet Grundtvig-prosjektet Panel.

Deltakarane jobbar med læring i fengsel ut ifrå tanken om at innsette best bruker soninga til å utdanne seg og/eller få arbeid. Statistikken er eintydig: Utan ein jobb å gå til, eller ein plass å bu, kjem dei straffedømde fort attende i fengsel. Særleg om det er dop med i biletet. Og det er det for kvar tredje fange i Targsor.

Faktisk er narkotika eit relativt nytt fenomen i Romania. Landet har i rekordfart gått frå å vere ein hermetisk lukka tumleplass for Ceausescu (1968–1989) til å bli eit EU-land i 2007. Landet har opna seg for omverda på godt og vondt, inkludert den internasjonale narkotrafikken.

Broderer seg til fridom

Simona tek ikkje utdanning i Targsor.

– Akkurat no er det ikkje plass, men eg håper eg kan begynne til hausten. Førebels jobbar eg, seier ho og held opp eit strameibroderi.

Kvinnene produserer dei i stor stil, og dei vert blant anna selde på utstillingar. Kvinnene får løn, og dei «tener» dagar og reduserer straffa. Det er betalinga for å setje seg på skulebenken eller å jobbe under soninga.

– Det er ingen tvang. Gulrota er at dei innsette tener pengar og dagar, seier fengselsdirektør Mihaela Puscaz. I årevis har ho jobba for å gjere det lettare å ta utdanning i fengsel, først i Justisdepartementet, og no med å setje ideane ut i praksis, blant anna som ein del av Panel-prosjektet.

70 prosent analfabetisme

Targsor er det einaste kvinnefengselet i Romania. Rundt 600 straffedømde sonar her, inkludert 19 menn som er handplukka til å ta dei tyngste taka innanfor murane.

Kvinner sonar generelt kortare straffer enn menn; dei er skuldige i «mildare» lovbrot. Dei fleste kvinnene i Targsor er dømde for tjuveri og ran, og nokre få for drap, stort sett på ektemenn og svigersøner.

– Tre kvinner sonar livstid i Targsor. Under Ceausescu fanst det ikkje livstidsfangar; dei vart avretta, seier tryggingssjef Celestin Branzan.

Den største utfordringa når det gjeld utdanning i rumenske fengsel er at 70 prosent av dei innsette ikkje kan lese og skrive, storparten av dei romfolk.

– Dei får tilbod om ein «second chance education», det vil seie 1. til 4. klasse på eitt år, fortel fengselsdirek­tøren.

Dei som ikkje ønskjer å ta utdanning, kan delta på kurs og aktivitetar i alt frå teikning til hårstell. Eller dei kan arbeide, mellom anna på gardsbruket som ligg innanfor murane, eller på klesfabrikken som innimellom er i drift, avhengig av ordre­bøkene. Dei er i augneblinken tomme som følgje av finanskrisa.

Svangerskapspermisjon

Targsor har éin psykolog, altfor lite i følgje fengselsdirektøren.

– Vi skulle gjerne hatt fleire psykologar, men vi har ikkje midlar til det. Mange av kvinnene har psykiske problem som følgje av dopbruk, at dei har mista omsorg for born, eller at borna avviser dei, seier ho.

– Får born bu med mødrene i fengselet? spør ein av Panel-deltakarane.

– Nei, det er ikkje mogleg på grunn av plassmangel. Om ein innsett er eller blir gravid, får ho svangerskapspermisjon i eitt år.

– Dei smarte vert gravide med andre ord, tullar Panel-deltakaren.

– Ja, innrømmer fengselsdirektøren. – Vi har fleire døme på kvinner som syter for å bli gravide igjen i løpet av permisjonen. Éin av dei innsette her har fått sju born i løpet av soninga…

Draumane får du ikkje

Dei innsette i Targsor har rett på ti–fem besøk kvar månad, alt etter kor strengt regime dei sonar under. Likevel har Simona aldri hatt besøk av dei to borna sine på sju og fire år, i følgje ho fordi barnefaren meiner at fengselet vil verke altfor skremmande på dei. I løpet av intervjuet snakkar Simona aller mest om borna. Om at ho vil kjempe for foreldreretten, og at ho ønskjer å gje dei eit betre liv i eit anna land enn Romania. At borna ikkje veit kvifor ho er i fengsel.

– Og eg har aldri selt dop, tek ho opp at fleire gonger, intenst.

Simona har ikkje sett borna på tre år, ei æve av tid, ei æve av dagdraumar som ingen gitter kan ta frå henne. Berre eitt år til no, så er ho fri.

Etter fengselsbesøket er fleire av Panel-deltakarane skeptiske til det dei fekk sjå i Targsor kvinnefengsel.

– Det er noko mørkt som vi ikkje får tak på. Ei av kvinnene sa at dei ikkje får velje kva celle dei vil bu på, og ei anna klaga på at det var knapt med mat, seier ein representant frå Danmark.

– Tek du med besøkande på rotekottet? spør ein belgiar.

Svaret må dessverre bli: Det er ikkje godt å seie kor mykje av fengselskvardagen som var pynta på i framkant av Panel-deltakarane sitt besøk.

– Det er heilt tydeleg at dei innsette ikkje vert behandla med respekt, seier Susanne Mose Holm frå Danmark.

– Vi buste inn på cellene og til og med på sjukestova, der ei kvinne låg midt i ei gynekologisk undersøking, seier ho, tydeleg provosert.

Tilhøva i rumenske fengsel er likevel betre i dag enn under Ceausescu.

– I dag har fengselsbetjentane ei heilt anna innstilling. Men vi har enno ein lang veg å gå, og vi gjer vårt beste med dei midla vi har, seier fengselsleiinga.

I 2006 vedtok Romania ei lovendring som jamstiller utdanning med arbeid i fengsla, slik at begge delar gir same rettar.

600 innsette, derav 19 menn.

Rundt 60 prosent av dei innsette er romfolk. I fengselet er romfolket ein majoritet, i samfunnet er dei ein minoritet; 2,5 prosent av ei befolkning på drygt 22 millionar er rom.

Drygt 200 tilsette. Forutan fengselsbetjentane er det ein psykolog, ein sosialarbeidar, fem lærarar og ein prest.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy