iStockphoto
Aksjonskomiteen for sekstimarsdagen
«Sekstimersdagen er absolutt ikke veien å gå», seier forskar Nina Amble i eit intervju med Fagbladet. Ho meiner fire dagars veke er ei betre løysing for å få meir heiltid og rekruttera til helsesektoren. Dersom ho reknar med ei arbeidstidsforting til 30 timars veke, vil det vera tale om fire 7,5 timars dagar i veka for dei som arbeider på dagtid. Utan arbeidstidsforkorting vil dei fire arbeidsdagane i snitt vera på omlag 9,4 timar.
Les intervjuet med Nina Amble her
Det er ikkje lett å skjønna Amble si skepsis til sekstimarsdagen. Når ho seier at ho er så «lei de livmorfeministene … [som] kommer som en torpedo fra siden og skal ha sekstimersdag», blir det vanskeleg å følgja med. Er det nokon som vil torpedera kravet om heiltid med krav om sekstimarsdag?
I Aksjonskomiteen for sekstimarsdagen ser vi sekstimarsdag og heiltid som to sider av same sak. Den arbeidstida som gir full jobb i dag, er for lang for så mange. Vi treng ein arbeidsdag som er til å leva med, også i dei tyngste kvinneyrka.
Kvinner som har prøvd sekstimarsdag i ein forsøksperiode har komme til at dersom sekstimarsdagen kunne bli ei varig ordning, ville dei sjå lyst på å stå i full jobb til ordinær pensjonsalder. Men utan det ville dei gå av med førtidspensjon ved første høve.
Amble seier at kampen for heiltid blir bremsa av at det er «kjempevanskelig å få damer til å prøve nye ting». Ein litt underleg påstand, synest vi. Ganske mange kvinner, og også ein del menn, har hatt høve til å prøva sekstimarsdag, altså ein heilt «ny ting», på arbeidsplassane sine. Kanskje var det litt skepsis på førehand, men når forsøksperioden var over, var det stor sorg over at dei måtte tilbake til gammal ordning.
Vi meiner det er svært viktig å få til ordningar som gjer at flest mogeleg kan velja heiltid framfor deltid. Det er også eit viktig føresetnad for at dei fleste kvinner skal kunna bli økonomisk sjølvstendige. Men det krev at heiltid betyr ein arbeidsdag som er til å leva med, også i dei tyngste kvinnedominerte yrka.
Kvifor lagar Amble ein motsetnad mellom 6-timarsdag og 30 timars veke? Dersom det var mogeleg å bli einige om at normalarbeidsdagen er det grunnleggjande i kampen om arbeidstida, kunne vi starta med å redusera arbeidsveka frå 37,5 timar til 30 timar og normalarbeidsdagen frå 7,5 timar til 6 timar. I dag finst det avtalte ordningar for å avvika frå 7,5 timar dagleg der det er særleg gode grunnar for det. Det må det framleis vera når normalarbeidsdagen blir redusert til 6 timar. Når skift og turnus skal organiserast ut frå ein kortare normalarbeidsdag, reknar vi dei som gjer jobben, som dei beste ekspertane til å laga nye, gode ordningar. Vi trur det er ein lettare veg enn Amble si oppskrift som ifølgje intervjuet er å «dytte og dra for å få flere til å jobbe heltid». Fagforbund som representerer ein halv million menneske, der fleirtalet er kvinner, greier iallfall å krevja både rett til heiltid og kortare normalarbeidsdag!
FALLER UTENFOR: – Rusavhengige faller litt utenfor når de blir gamle. Mange har ikke evne til å bo på steder uten tilsyn hele døgnet, sier Ellen-Mari Olsson, spesialhjelpepleier med videreutdanning i psykiatri.
Kathrine Geard
Helsefagarbeidere og hjelpepleiere, renholdere og sykepleiere har i dag særaldersgrense. Arbeidsgiverorganisasjonene Spekter og Virke mener denne ordningene ikke bør videreføres fullt ut.
Frøydis Falch Urbye
OMSKOLERT: Rune Lundquist gikk fra bruker til medarbeider på Sagatun. – Jeg ble bedre av å hjelpe andre, sier han.
Werner Juvik
KOM TILBAKE: – Ja, jeg var syk, men jeg trengte å være blant folk, sier Katherine Carroza-Roos.
MISNØYE: Sammen med sine kolleger står Inger Marie Hagen ved OsloMet bak Medbestemmelsesbarometeret. Den viser at mer enn hver femte arbeidstaker gir uttrykk for misnøye med ledelsen.
Kasper Holgersen
PÅ BØLGJELENGDE: Dei to kollegaene Anne Gro Olesrud Rugaas (36) og Nina Helen Haugan Hansen (38) og er samde om det meste. Og viktigast for begge er at brukarane har gode dagar og opplever meistring når dei er på dagavdelinga.
Marianne Otterdahl-Jense
Klassekampen
iStockphoto
Klassekampen