JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Ideell verksemd og lønn

– Dei frivillige ønsker jo ikkje å ta imot lønn, seier styremedlem i kristen sekt. No får han støtte fra Direktoratet for arbeidstilsynet.

Smiths venners konferansesenter i Melsomvik, Brunstad. Håndballforbundet bestemte seg nyleg for å boikotte den tilknytt arenaen på grunn av kyrkja sitt syn på homofili.

Smiths venners konferansesenter i Melsomvik, Brunstad. Håndballforbundet bestemte seg nyleg for å boikotte den tilknytt arenaen på grunn av kyrkja sitt syn på homofili.

Cornelius Poppe / SCANPIX

Den omfattande bruken av dugnadsarbeid gjer at selskapa utkonkurrerer vanlege selskap, gjennom å sleppe utgifter til lønn og sosiale kostnader, meiner kritikarene.

2020021210103220201015084428

tormod@lomedia.no

Arbeidstilsynet påla i fjor to selskap tilknytt Brunstad Kristelige Menighet (BKM) i Horten, å gi dugnadsarbeidarar lønn og arbeidskontrakt. Meinigheita er ein del av Brunstad Christian Church, også kjend som Smiths venner.

p

Kirken vil vite hvordan de ansatte har det på jobb

Etter tilsyn i selskapa Dal Gård AS og Adal Multiservice AS, konkluderte tilsynet med at dugnadsarbeidet var så omfattande og organisert at det måtte karakteriserast som arbeidsforhold. Dermed må dei følge både arbeidsmiljølova og allmenngjort lønn i bransjen, meinte tilsynet.

Hovedoppgjøret like om hjørnet: Se når Fagforbundet starter kampen

Klaga inn pålegg

Arbeidstilsynet avviste først ei klage frå meinigheita – før direktoratet no altså gir dei medhald og gjer om tilsynet sitt vedtak.

– Vi har brukt mykje ressursar på å sette oss inn i lovverket, og gjer det vi kan for å innrette verksemda vår sånn at den er i samsvar med det norske regelverket, seier Finn Åge Ødegård i Brunstad Christian Church.

Eierne holdt salget skjult: Ingen av foreldrene fikk vite at barnehagen ble solt til Australia

Ødegård seier dei er einige i at selskapa har ansvar for reglane om helse, miljø og tryggleik i arbeidsmiljølova, men at dei ikkje er forplikta til å betale ut lønn.

p

– Dei frivillige ønsker jo ikkje å ta imot lønn. Dei ønsker at pengane skal gå til den ideelle verksemda, seier han.

Skattetaten halverer kontrollen. Samtidig forsvinner milliarder til skatteparadiser hvert eneste år

Langvarig usemje

Også for litt over tre år sidan vann Brunstad Christian Church fram, etter at Arbeidstilsynet hadde gjort eit liknande vedtak. Den gongen handla saka om reinhaldsbedrifta Fjordteam AS tilknytt meinigheita i Sandefjord. Selskapet gjekk til sak mot staten, og Arbeids- og sosialdepartementet gjorde om på tilsynet sitt vedtak.

– Vi har meint at Arbeidstilsynet burde søke avklaring av eit uklart lovverk på andre måtar enn å lage konfliktsak ut av dette, og det er nettopp det direktoratet no seier at må gjerast.

Fellesforbundet i Vestfold er blant dei som meiner den omfattande bruken av dugnadsarbeid gjer at selskapa utkonkurrerer vanlege selskap, gjennom å sleppe utgifter til lønn og sosiale kostnader.

• Hold deg oppdatert, følg Fagbladet på Facebook!

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy
Smiths venners konferansesenter i Melsomvik, Brunstad. Håndballforbundet bestemte seg nyleg for å boikotte den tilknytt arenaen på grunn av kyrkja sitt syn på homofili.

Smiths venners konferansesenter i Melsomvik, Brunstad. Håndballforbundet bestemte seg nyleg for å boikotte den tilknytt arenaen på grunn av kyrkja sitt syn på homofili.

Cornelius Poppe / SCANPIX