Partileiar Jimmie Åkesson i Sverigedemokraterna kan juble over kraftig framgang blant LO-medlemmer.
CC BY 2.0 News Oresund
tormod@lomedia.no
Valdagsundersøkinga til Sveriges televisjon (SVT) viser at 1 av 4 LO-medlemmer valde Sverigedemokraterna.
Det er ein auke med 15 prosent sidan valundersøkinga i 2014, og partiet blir dermed nest største parti blant LO-medlemmene.
Talene stemmer dermed godt med undersøkinga SCB gjennomførte i mai.
Slik stemte Fagforbundets medlemmer ved stortingsvalget
Aukande forskjellar og flyktningkrise
– Eg trur folk er oppgitte og misnøgde med aukande forskjellar i samfunnet. Det er noko som har vakse fram etter finanskrisa då det vart gjort store kutt i velferden, seier leiar Marie Nilsson i LO-forbundet IF Metall (tilsvarande norske Fellesforbundet) til Arbetet.
– Eg møter mange medlemmer og når ein kjenner at ressursane ikkje strekk til, då finst det også grobotn for å gå til andre parti for vise misnøya si, seier leiar Tobias Baudin i forbundet Kommunal (tilsvarande norske Fagforbundet) til avisa.
Då FriFagbevegelse før valet spurde LO kvifor partiet gjer det så godt blant medlemmene, peika rådgivar Johan Ulvenlöv på flyktningkrisa:
– Flyktningkrisa har fått mange til å lure på korleis vi skal klare velferda. Derimot betyr ikkje det at dei meiner Sverigedemokraterna sin arbeidslivspolitikk er å føretrekke. Men akkurat no har flyktningpolitikken vore viktigare.
300.000 stemmer kan avgjøre hele det svenske valget
Socialdemokraterna størst blant fagorganiserte
Tal Arbetet har henta inn frå SVT viser at Arbeidarpartiets søsterparti, Socialdemokraterna, vart størst hos alle dei tre svenske hovudorganisasjonane.
38 prosent stemte på sosialdemokratane i LO, 30 prosent i TCO og 23,5 prosent i Saco.
Tilsvarande tal for Sverigedemokraterna er høvesvis 26 prosent (nest største parti), 14 prosent (tredje største parti) og 10 prosent (femte største parti).
Terje Bendiksby / NTB
Lønnsoppgjøret for kommunene gjelder 450.000 ansatte. Mette Nord representerer 190.000 av dem. Det er Norges største tariffoppgjør, og er derfor omfattet med stor interesse fra media.
Per Flakstad
PENSJON: Utbetalingen av den økte pensjonen, inkludert etterbetaling for mai, kommer 20. juni.
Colourbox.com
Forbundsadvokat Kjetil Edvardsen har vært sentral i alle rettsrundene mellom Stendi og Fagforbundet.
Werner Juvik
karin svendsen
Årets lønnsoppgjør startet med kravoverrekkelsen mellom Jørn Eggum i Fellesforbundet og Knut E. Sunde Norsk Industri.
Håvard Sæbø