KJØPE SEG FRI?: Har mannen prøvd å betale 200.000 kr for å kjøpe seg frå skuldingar om seksuelle overgrep mot eigen fosterson? Det blir tema i ankesaka som går denne og neste veke i Oslo.
Martin Guttormsen Slørdal
oystein.windstad@fagbladet.no
Mannen var tiltalt for seksuelle overgrep mot sin eigen fosterson. Fostersonen som skulle vitne med skuldingane om overgrep, tok livet sitt kort tid før rettssaka skulle starte.
Politiet hadde ikkje lenger noko vitne, og mannen blei frikjent for overgrepa. Mannen i 30-åra har jobba i barnevernet i mange år. Han har vore styreleiar og eigar av barnevernsinstitusjonar og selskap som driv med formidling av fosterheimar. No skal Borgarting lagmannsrett i Oslo ta stilling til om han har prøvd å kjøpe seg fri frå skuldingane.
• Tiltalt for overgrep, bestikkingar og motarbeiding av retten
Fagbladet oppdaga at barnevernet ikkje visste
Ifølgje Proff.no eig mannen i dag eit selskap, som igjen eig hundre prosent av to selskap som driv med barnevern. Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) kjøpte tenester for fleire millionar av eit av selskapa hans, utan at dei viste om at han var tiltalt for seksuelle overgrep mot fostersonen.
Det var etter at Fagbladet tok kontakt med Bufetat at barnevernsmyndigheitene blei klar over tiltalen og fekk han tilsendt. Dette er omtalt i VG sin podkast og nettdokumentar om saka. Bufetat har sagt at mannen bevisst har villeia dei. Mannen avviser dette og alle skuldingane, gjennom advokaten sin.
Skal ha tilbode 200.000 for å trekke saka
Den nye rettssaka mot mannen i 30-åra, som bur i Oslo starta tysdag 23. august. Ho skal etter planen vere ferdig 30. august. Barneverns-eigaren skal ha oppsøkt broren til fostersonen sin. Ifølge tiltalen skal han ha tilbode dei to brørne 100.000 kroner kvar, mot at dei droppa skuldingane om overgrep og forandra vitneforklaringane. I tillegg er han tiltala for å ha brote besøksforbodet han fekk av politiet. Besøket og forsøket på å få skuldingane droppa skal ha skjedd i februar 2019, kort tid etter at den opphavlege tiltalen for overgrep kom. Mannen fekk besøksforbodet i mars 2018.
• Grunnen til at omsorgsarbeidarar har høgast sjukefråvær
Avviser alt
Heile saka mot mannen var i ferd med å bli droppa. Politiet har fått kritikk for manglande etterforsking, men anka frifinninga etter at VG fekk tak i ny informasjon som blir brukt som bevis i skuldingane om bestikkingar.
Fagbladet var først ute med å omtale tiltalen og skuldingane mot mannen. Seinare har VG følgt opp saka. Det har ført til at fleire kommunar har sagt opp kontraktane med selskapa til mannen. Forsvarar Thomas Randby i Advokatfirmaet Elden skriv i ei melding at mannen avviser alle skuldingane:
– Tysdag starta ankeforhandling over seks dagar som gjeld tilleggstiltalen om eit angjeveleg pengetilbod. Min klient blei fullt ut frikjent i tingretten og erkjenner ikkje straffeskuld.
TROR PÅ NESTE GENERASJON: Den tidligere sykepleieren mener mulighetene for endring av syn på seksualitet, parforhold og intime behov hos eldre med demens ligger i neste generasjon helsepersonell. - Det nytter ikke å endre de som allerede er der ute. Vi må gripe fatt i de som er under utdanning og sørge for at de får den kompetansen som trengs.
Anita Arntzen
SVELGET UNNA: Strandavatnet rommer 554 millioner kubikkmeter vann. Det var det god bruk for da "Hans" buldret i vei. Vedlikeholdsarbeiderne Torbjørn Haugo og Jan Egil Grue inspiserer. Til høyre i bildet ses overløpet der det bare er centimetere igjen.
Werner Juvik
HYLLET FOR ÅPENHET: F.v. Hjelpepleier Elisabeth Andersson, og sykepleierne Svanhild Furre Johannessen og Linda Hellesø fikk Flaviusprisen under Åpenhetsseminaret på Pressens Hus i Oslo torsdag 21. september.
Marte Bjerke
– Det er ingen naturlov at Arbeiderpartiet bare kan ta noen grep og bli største parti igjen. Men det er heller ingen naturlov at partiet skal gjøre dårlige valg, sier partisekretær Kjersti Stenseng. (Arkivfoto)
Jan-Erik Østlie
GLEDER SEG PÅ MAT: Gunhild Johansen (til venstre) og Ingunn Svensgård åpner bakken med varm mat. Marte Husum i bakgrunnen og Kacper Roza, Alva Linea Myklemyr. Med de to dansende Lydia Emilie Foss Flaathen og Limar i front.
Werner Juvik
Helse- og sosialtjenester, samt undervisning, sto for drøye 55 prosent av nedgangen i antall jobber.
Frøydis Falch Urbye