Slik sikrar vikarbyrå millionoverskot:
Bemanningsdirektøren tok seg godt betalt når helsevikarane jobba overtid
DYR OVERTID: – Det må koste pengar for kommunane å bruke overtid, seier Kristofer Janiec i Kooperativ Bemanning.
Byrået sel helsepersonell til desperate norske kommunar. Kooperativ Bemanning fakturerte kommunen for dobbelt så mykje som sjukepleiaren hadde i løn.
agnes.bridge.walton@fagbladet.no
Marknaden for helsevikarar er eit moderne gullrush.
Det er sylskarp konkurranse om arbeidskrafta i helsesektoren og vikarbyråa overbyr kvarandre i løn og gode for å sikre kvalifisert helsepersonell. For bemanningsbyrået som kan levere raskt når kommunen ringer, er den potensielle fortenesta enorm.
Fagbladet har fått innsyn i hundrevis av fakturaer og lønnsutbetalingar frå Kooperativ Bemanning AS som viser korleis gullrushet funkar, og korleis millionar av offentlege helsekroner hamnar rett i lomma på bemanningsbyråa.
Tok nesten tusen kroner per time
Dokumenta viser tidvis enorme forskjellar mellom lønn og timeprisen kommunen betalte for vikartenestene.
I tidlegare Fusa kommune fakturerte Kooperativ nesten tusen kroner meir per time på heilagdagar enn dei betalte ut i lønn til sjukepleiaren.
https://datawrapper.dwcdn.net/LNybF/5/
Materialet viser eit klart mønster: Jo meir sjukepleiaren jobbar, dess betre er det for byrået.
Ein overtidstime er meir lønsam for byrået enn ein vanleg arbeidstime. Og uansett kor mange timar sjukepleiaren jobbar i løpet av eit oppdrag, har byrået dei same utgiftene til bustad og reise.
• MANGEMILLIONÆR PÅ NORSKE HELSEKRONER: Les historien om Kristofer Janiec og Kooperativ Bemanning
KOMMUNEN BETALER: Faktura og lønnsutbetaling fra Kooperativ Bemanning i 2018.
Dette får sjukepleiarane i løn og bemanningsbyrået i inntekter
Kommune-Noreg blir stadig meir avhengig av private bemanningsbyrå for å ha nok helsepersonell. Ei kartlegging frå 2021 viste at kommunane brukte 1,76 milliarder kroner på vikarbyrå, ein auke på 37 prosent frå året før.
Tabellen under viser basisløn og timepris for sjukepleiarar i kommunane der Kooperativ dreiv vikarformidling i februar 2018. Dette er berre ein brøkdel av inntektsgrunnlaget til selskapet det året, men gir likevel eit innblikk i korleis Kooperativ Bemanning sikrar millionoverskot, år etter år.
https://datawrapper.dwcdn.net/UtLTZ/4/
Tabellen speglar grunnlønna som er oppført på lønnsslippane til totalt 30 vikarar. Prisen er den som er oppgitt for same sjukepleiar på fakturaer frå bemanningsbyrået til kommunen.
Det er opp til fleire hundre kroner i forskjell mellom lønna til sjukepleiaren og prisen kommunen betaler. Mellomlegget skal dekkje sosiale avgifter, altså utgifter til feriepengar, sjukeløn og arbeidsgivaravgift, samt reise og bustad. Resten går til Kooperativ Bemanning.
Utover basislønna fekk sjukepleiarane tilleggssatsar natt-, kvelds- og helgearbeid.
Men det gjorde også Kooperativ, fordi byrået auka timeprisen med 100 kroner, men betalte berre ut 50 eller 56 kroner til sjukepleiaren. Dei auka også prisen betrakteleg for overtidstimar og heilagdagar.
Sykepleien har hatt innsyn i fakturaer frå ei rekkje andre vikarbyrå. Desse viser at alle byrå har litt ulik praksis men at tillegga til Kooperativ er i tråd med vanleg prissetting i bemanningsbransjen, og at høge timeprisar, særleg ved overtidsarbeid, er normen.
• Sjukepleiar Diana dansa seg til topps i vikarbransjen: – Du blir tøff av dette
Store skilnadar i løn
Mange kommunar i Noreg inngår såkalla rammeavtaler(*1) med bemanningsbyrå i helsesektoren. Dette er langsiktige avtaler som oppstår etter anbodskonkurransar der pris ofte er det viktigaste utvalskriteriet.
Byrå som teiknar rammeavtale må betale tariffesta lønn til vikarane.
Overbyr kvarandre – men kommunen betaler
Kooperativ Bemanning AS har ingen slike rammeavtaler. Byrået er derfor ikkje forplikta til å betale tariffløn, og tilbyr gjerne langt høgare løn enn konkurrentane for å sikre rekruttering av helsepersonell.
Det har selskapet råd til – fordi kommunen tar uansett rekninga.
Utan rammeavtale slepp selskapet å levere til ein fastsett pris over lengre tid. Etterspurnaden på marknaden styrer prisen.
Sjukepleiar Ivan Matiyev hugsar at han fekk eit enormt lønnshopp da han gjekk over til Kooperativ frå eit stort byrå som ofte opererer med rammeavtale.
Matiyev var ein av dei mest aktive vikarane i Kooperativ under perioden Fagbladet har hatt innsyn i selskapet sin økonomi.
Tarifflønn for ein sjukepleiar med to års ansiennitet var rundt 207 kroner timen i 2018. Men vikarar i Steigen tente minst 280 kroner timen under vinteren og våren 2017 og 2018.
Dei same dokumenta viser at selskapet fekk utbetalt ein grunnsats på 430 kroner timen frå Steigen kommune.
Matiyev var langt frå den einaste Kooperativ-vikaren som jobba i den vesle nordnorske kommunen: Selskapet hadde opp til fem andre vikarar frå byrået i Steigen samtidig.
Frå februar til desember det året fakturerte Kooperativ Bemanning Steigen kommune for heile 4,7 millionar kroner.
– Det må koste å bruke overtid
Eigar og dagleg leiar i Kooperativ Bemanning, Kristofer Janiec, bekreftar at tala Fagbladet presenterer er korrekte.
Selskapet aukar prisen til kommunen prosentuelt like mykje som lønna til sjukepleiaren aukar. Det vil seie at når vikaren jobbar overtid betaler selskapet 100 prosent lønnstillegg til vikaren frå fyrste time, og aukar også sitt formidlingsgebyr til kommunen med 100 prosent – sjølv om selskapet sine kostnadar er tilsynelatande uendra.
EKSTRABETALING: Kristofer Janiec hevder at det er logisk at byrået tar seg ekstra godt betalt når sjukepleiarane jobbar overtid.
Rønnaug Jarlsbo
– Det må koste pengar for kommunane å bruke overtid. Når vikarane jobbar mykje overtid, går sjukemeldingane opp, hevdar Janiec.
Vidare hevdar han at overtidsarbeid i ein periode kosta selskapet dyrt i form av sjukemeldingar og tapte arbeidsinntekter. I følgje Janiec sette selskapet derfor opp prisen og overtidsbruken gjekk ned.
Fast jobb fristar ikkje
Kommunane kunne spart millionar dersom dei klarte å rekruttere vikarane inn i faste stillingar.
• Kommunane sprekk vikarbudsjetta
Men det er få vikarar som vil ha fast jobb, seier vikarane sjølve.
I ein periode seier Matiyev at han var tilsett i ein kommune utan eit byrå som mellomledd. Han likte stabiliteten og at han fekk betalt på ferie- og sjukedagar. Men i lengda funka det ikkje.
– Det er dyrt å leve i Noreg. Dersom ein skal spare pengar frå sjukepleiarlønna treng ein eit byrå som også dekker reise og bustad. Dessutan kan dei betale meir, seier han.
*1 En rammeleverandør er et vikarbyrå som etter en offentlig anbudskonkurranse har inngått en langsiktig avtale med et helseforetak eller en kommune, i dette tilfellet om levering av vikarer. Konkurransekriteriene er ofte (lavest mulig) pris, men kan også være en kombinasjon av leveringskapasitet, kvalitet og pris. Når kommunehelsetjenesten eller helseforetaket trenger vikarer må de kontakte remmeleverandørene først. Hvis rammeleverandørene ikke kan levere, kan kommunen/helseforetaket gå ut på det åpne markedet. Det er her Kooperativ Bemanning befinner seg.