Velferdskjempar vart alvorleg sjuk som born:

Blei sjølv redda av offentleg helsevesen

FYLLER ROMMET: Herning reiser saman med For velferdsstaten over heile Norge med foredrag og debatt. Ho måler 1.55 på sokkelesten og har ein energi og driv under foredraga som fyller store rom og salar: - Det er ganske lett for meg å bli engasjert, medgir ho.

FYLLER ROMMET: Herning reiser saman med For velferdsstaten over heile Norge med foredrag og debatt. Ho måler 1.55 på sokkelesten og har ein energi og driv under foredraga som fyller store rom og salar: - Det er ganske lett for meg å bli engasjert, medgir ho.

Ole Palmstrøm

No skal Linn Herning sette offentleg velferd på agendaen foran stortingsvalet 2017.

2017030310110020170426164659

oystein.windstad@lomedia.no

Ho står 155 cm over bakken og har ikkje noko problem med å fylle eit stort rom med eigen energi og engasjement når ho held foredrag.

Historikar Linn Herning har gjort seg bemerka med blant anna boka Velferdsprofitørene, der ho eksponerte korleis store oppkjøpsfond slusar pengar ut av Velferds-Norge.

Ho kan jobbe samanhengande frå morgon til sein kveld i dagesvis utan stopp, når ho blir engasjert:

– Det berre er slik, eg greier ikkje å la vere og er nok ubehjelpeleg engasjert og det skjer ganske lett. Urett engasjerer meg og det er nok å ta tak i, føler eg, fortel historikaren.

Når ho skal slappe av tek ho på seg kapteinlua og fresar over Oslofjorden med 90 hestekrefter i sin 20 fot lange veteran-cabincruiser. Ho finn ro når motoren er slått av og båten ligg stille midtfjords.

Rosa Pavanelli: – Velferdsstaten er ikkje under press. Den er på bristepunktet

Redda av offentleg helse

Herning har dokumentert korleis offentlege pengar som skal gå til barnevern, eldreomsorg og barnehagar finn vegen til skatteparadis og konsern-eigarane sine lommer.

Ho har reist landet rundt og holdt foredrag og debattar, der ho og For Velferdsstaten advarar mot konsekvensane av å sleppe private krefter til i offentleg omsorg.

Boka tek også for seg forskjellane innan privat drift, mellom ideelle og kommersielle aktørar.

Den brennande drivkrafta for offentleg velferd kjem blant anna av personlege erfaringar. Ho fortel at hadde det ikkje vore for det norske offentlege helsevesenet, ville ho sjølv kanskje ikkje vore i live, og ho ville truleg heller ikkje hatt barn:

– Eg var alvorleg sjuk som barn. Hadde eg levd i et land som baserer seg på privat helseforsikring, ville eg truleg ikkje vore forsikra mot sjukdomen, fordi dei forstod ikkje kva det var. Det var noko dei fant ut av etterkvart. Eg kjem frå ein heilt vanleg middelklassefamilie. Eg skjønar ikkje korleis vi skulle ha klart oss, om det ikkje hadde vore for velferdsstaten og helsesystemet. Eg ville nok heller ikkje hatt barn hadde det ikkje vore for det offentlege helsesystemet. Eg hadde eit risiko-svangerskap eg gjekk inn i med viten og vilje, fordi eg visste at vi hadde eit fantastisk helsesystem, fortel Herning.

Venstre alene om å ville kutte i sykelønna

Saken fortsetter under bildet

PUSTA TÅREGASS: Linn Herning har sett gummikuler trille og kjent sviande tåregass då ho var på feil plass til feil tid. Ho understrekar at eigentleg er ho ein veldig arbeidsom nerd som elskar å site med bunkar med papir rundt ho og researche, grave og skrive.

PUSTA TÅREGASS: Linn Herning har sett gummikuler trille og kjent sviande tåregass då ho var på feil plass til feil tid. Ho understrekar at eigentleg er ho ein veldig arbeidsom nerd som elskar å site med bunkar med papir rundt ho og researche, grave og skrive.

Ole Palmstrøm

Tåregass og gummikuler

Engasjementet til Herning har blant anna ført ho til Geneve, Paris og Hong Kong og WTO-forhandlingar. Ho var nestleiar i Attac Norge og deltok på fleire demonstrasjonar.

På kontoret på fredelege Tøyen dett det rolig ut av ho om då ho og den norske Attac-delegasjonen fekk det vel varmt om øyrene:

– Eg har blitt skoten etter med gummikuler og det var ikkje noko særleg. Det var i Geneve, fortel ho og fortset:

– Vi hadde møtt ein utbrytardel av demonstrasjonen, vi skulle berre vere med på den vanlege ikkje-valdelege demonstrasjonen. Vi møtte på feil del. Eg blei ikkje truffe, men det var ganske ekkelt då kulene trilla på bakken, fortel ho og legg til:

– Eg er ikkje noko tøff demonstrant og har kanskje heller ikkje dei fysiske forutsetningane for det. Eg er nok også akademisk anlagt og er mykje meir ein kontoraktivist enn gateaktivist.

Så lenge lever folk i ditt yrke

Åtvarar mot dei store

Forfattaren har utretteleg granska kilovis med dokument då ho analyserte dei private som driv innan velferd:

– Eg fann ut at utviklinga var kome mykje lengre enn det mange hadde trudd. Når ein ser kva summar det er snakk om, og studerer korleis dei effektiviserer verksemdene sine, er det lett å bli provosert. For meg er det ei åpenbar sak. Hovedstrukturen i det som skjer er at ein tyner lønna og arbeidsvilkåra til folk som allereie ikkje har spesielt godt betalte jobbar. Ein overfører desse pengane til folk som har veldig mykje frå før – og alt for skattebetalarane si rekning.

– Er det utenkeleg at du kan ha private aktørar som kan levere gode tenester og som tek godt vare på dei tilsette?

– Det kan vere, men vi må sjå på kva som skjer i praksis. Vi har hatt mange ideelle private aktørar eller familiebedrifter. I dagens situasjon er det ikkje koselege familieforetak som står klar til å ta over. Privatiserer du ein barnehage i dag, er det nesten ikkje sjans i havet at det er ei foreldregruppe som startar den barnehagen. Det er fire store konsern og det er dei som tek nesten alt. Det same skjer innan privat eldreomsorg, der er det også fire selskap som dominerer.

Private sykehjem har store overskudd, men Marie fikk null i lønnsøkning i fjor

Saken fortsetter under bildet

Ole Palmstrøm

Fri i fart

Linn Herning er også mykje meir enn iherdig jobbing. Ho er også veldig glad i fart og sjø.

– Når føler du deg fri?

– Når eg køyrer båt. Eg er veldig glad i køyre båt. Eg føler meg sjeldan fri, men har heller ikkje det som noko stort ideal. Vi er ikkje så fri som vi skal ha det til. Eg har alltid likt fart og kjensla av flyt. Før stod eg mykje på snowboard. Kjensla av fysisk flyt, på brett, båt eller når eg dansar. Eg er veldig glad i dansing, seier Herning.

Ho er også ein person som verkeleg nyt å site stille heilt for seg sjølv omringa av stablar med papir:

– Eg er kjempenerd. Eg likar å sitte med masse papir, fordjupe meg og finne ting. Då kan eg også bli ganske sur om folk forstyrrar meg. Det er eit klassisk nerdete trekk, eg innrømmer det. Eg likar å sitte med lukka dør og konsentrere meg å jobbe.

Saken fortsetter under bildet

FYLLER ROMMET: Herning reiser saman med For velferdsstaten over heile Norge med foredrag og debatt. Ho måler 1.55 på sokkelesten og har ein energi og driv under foredraga som fyller store rom og salar: - Det er ganske lett for meg å bli engasjert, medgir ho.

FYLLER ROMMET: Herning reiser saman med For velferdsstaten over heile Norge med foredrag og debatt. Ho måler 1.55 på sokkelesten og har ein energi og driv under foredraga som fyller store rom og salar: - Det er ganske lett for meg å bli engasjert, medgir ho.

Ole Palmstrøm

Intellektuelt forelska

– Kva er du mest nøgd med, med deg sjølv?

– Eg er nøgd med at eg likar å jobbe hardt. Samtidig er eg også lat. Det er ei av mine store styrkar, at eg likar å jobbe hardt, men også at eg er ganske flink til å slappe skikkelig av. Då får ein utretta ein del.

Ein av konsekvensane av å vere sjølverklært nerd og like å fordjupe seg i fakta, samfunn, politikk og filosofi er at ho innimellom blir forelska:

– Det hender eg blir intellektuelt forelska, det er folk eg får respekt for og som inspirerer meg. Eg vil ikkje nevne navn, det blir så kleint, fortel Linn Herning med eit stor smil.

2017 vil bli eit hektisk år for både Herning og For Velferdsstaten. Det er stortingsval og Herning skal bidra til å blant anna klargjere skillelinjene mellom offentleg, kommersiell og ideell drive velferd:

– Eg likar litt temperatur i debattane og trur det er med å tydeleg få fram forskjellane og vala vi står ovanfor. I det eg har sett og funne i mitt arbeid og gransking vil eg i alle fall sterkt åtvare folk mot å opne dørene meir for dei kommersielle konserna. Då får vi eit samfunn som er grunnleggande annleis enn velferdsstaten.

Alliansen For velferdsstaten:

• For velferdsstaten består av fagforbund, brukerorganisasjoner og andre interesseorganisasjoner.
• Nærmere 30 organisasjoner med over én million medlemmer er tilsluttet alliansen
• Alliansen ble opprettet for å styrke kampen mot økende forskjeller i samfunnet.
• For velferdsstaten arbeider mot privatisering, deregulering og markedsliberalisme - og for en sterk offentlig sektor.
Kilde: velferdsstaten.no

• «Velferdsprofitørene» utsolgt på kort tid

• – Alt kan privatiseres

• Tilbake til kommunen etter 13 år på anbud

Linn Herning (34)

Leiar av For velferdsstaten

Skal sette offentleg velferd på agendaen i Stortingsvalet 2017.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Simen Aker Grimsrud (konst.)

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy