FORHANDLINGSLEIAR: Anne Green Nilsen er forhandlingsleiar for Fagforbundet. Her helsar ho på barnehagetilsette som var ute i streik tidlegare i november.
Birgit Dannenberg
oystein.windstad@fagbladet.no
– Forhandlingane stoppa på grunn av heilheita. Vi er ueinige med tanke på ansiennitet og økonomi. Vi kjente at dette fekk vi ikkje til og då ender me i brot. Då får vi tid til å tenkje og møtes hos meklaren. Vi veit ikkje eksakt når meklinga startar, men det blir i første halvdel av januar, seier Fagforbundet sin forhandlingsleiar Anne Green Nilsen. Rundt 2000 medlemmer i FO og Fagforbundet er omfatta av forhandlingane som går til mekling.
• Slik ville Høgre og Frp brukt pengane om dei hadde styrt
Truleg mekling etter nyttår
FO og Fagforbundet har samarbeida i forhandlingar med NHO om løna til dei som jobbar innan alt frå barnevern, omsorgsbustadar til Kirkens Bymisjon. Måndag kveld blei det klart at partane ikkje greidde å bli einige, fire timar før fristen var ute. Lønsoppgjeret går vidare til mekling. Det er venta at meklinga startar etter nyttår.
Forhandlingane i 2020–2021 enda med eit breitt streikeuttak: Her streika dei i privat omsorg i fjor.
Kan bli streik i privat omsorg
Avtalen det dreier seg om heiter Overenskomst 453 og omfattar blant andre tilsette i private omsorgsinsitusjonar som Stendi AS, Human Care AS, Aberia og Olivia Solhaugen AS – men og mellom anna Blindeforbundet, Bymisjonen og enkelte barnehagar. Både Fagforbundet og FO startar no arbeidet med å førebu streikeuttak.
– Streik er fagrørslas mektigaste verktøy. Vi er klare, sjølv om vi sjølvsagt håpar på å bli einige i mekling, seier FO-forhandlingsleiar Ole Henrik Kråkenes til Fri Fagbevegelse.
Bjørn A. Grimstad
LITT AV HVERT: Utsnitt av lunsj fra fire ulike bransjer.
Sissel Rasmussen / grafikk: André Martinsen
Brannfolk er blant gruppene som i dag omfattes av særalderspesnjon.
Lars Magne Hovtun/OBRE
SMART VAL: Monica Knapskaug er trainee i helsefag på Haukeland sjukehus. Med ny oppgåvedeling er helsefagarbeidarar i ferd med å bli langt meir ettertrakta på arbeidsmarknaden.
Kathrine Geard
Frøydis Falch Urbye
Inntekten til over én million alderspensjonister, 364.000 uføre og flere andre som mottar ytelser fra Nav berøres av trygdeoppgjøret.
Anna Granqvist