JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
Etter full jobb i barnehagen, forvandlast Andrea til kinovert.

Anita Arntzen

Når ei inntekt ikkje er nok:

Ekstrem forvandling: Her går Andrea (21) frå barnehageassistent til kinovert

Barnehageassistenten Andrea (21) jobbar døgnet rundt. Er vi på veg mot ekstrajobbsamfunnet?

agnes.bridge.walton@fagbladet.no

Ein liten straum av foreldre renn innom garderoben for å hente sekkar, matboksar og klede, før dei går ut til barna som leikar i den blaute vårsnøen. Andrea Lyngvær Kuvene smiler og helsar før ho skundar seg i motsett retning, til personalgarderoben lengst inne i det store bygget. 

Barnehagedagen drar mot slutten men Andrea er snart klar for sju nye timar på jobb.

Barnehagedagen drar mot slutten men Andrea er snart klar for sju nye timar på jobb.

Anita Arntzen

For barna er ein lang dag i barnehagen snart slutt, men arbeidsdagen til barnehageassistenten er langt frå over. Etter ni til fire-jobben sluttar, begynner eit nytt sjutimars skift på Saga Kino. 

Det blir stadig vanskelegare å leve av ei heiltidslønn. Er vi på veg mot eit samfunn der den einaste måten å overleve på er å arbeide til alle døgnets tider?

Konsulentfirmaet Deloitte publiserer årleg ei global kartlegging av vilkåra for unge. Ein tredjedel av Millenniumsgenerasjonen og 43 prosent av Generasjon Z, den yngste gruppa på arbeidsmarknaden, svarte i fjor at dei har ekstrainntekt i tillegg til primærarbeidet. 

Den største drivkrafta er ei aukande kjensle av økonomisk sårbarheit.

Ekstrajobb er framleis ikkje vanleg i Noreg.

– LES: «lønna er så lav at våre medlemmer gjerne må ha to og tre jobber for å få det til å gå rundt»

– Det er vanskeleg å vite kor mange i barnehagesektoren som sper på inntekta med deltidsarbeid, seier Berit Tevik, leiar i Fagforbundet Barn og Oppvekst Oslo.  

– Vi veit at nokre gjer det, særleg blant dei utan formell kompetanse. Lønna er dårleg. Det er ei psykisk belastning å ha så dårleg råd, og mange har ikkje råd til lege eller tannlege, så det utgjer også ei fysisk belastning. Ekstraarbeid blir enno ei belastning oppå det.

Andrea kjenner til minst to kollegaer som har ekstrainntekt utover barnehagen. Ho seier motivasjonen ikkje berre er økonomisk – ekstrajobben kan også vere sosial og by på varierte arbeidserfaringar.

– Andrea er ung, men den økonomiske situasjonen rammar alle aldersgrupper. Kva skjer for eksempel med familien om ein einsleg forsørgar skal jobbe kveld i tillegg til dagtid? Kven hjelper barna med leksene? seier Tevik.

Kvart minutt tel

I garderoben skiftar Andrea fort om til uniforma. Svart bukse, svart topp og svart skjorte med den kvite isbjørnlogoen til Nordisk Film. 

– Ofte har eg berre ein halvtime på meg når eg skal frå denne jobben til den andre, seier ho. 

Etter ein kort t-banetur er ho framme. Eimen av popkorn sig gjennom lufta i det dunkle, litt slitne, kinobygget.

T-baneturen til sentrum er ikkje lang. Men når den eine arbeidsdagen ofte sluttar klokka fire, og den neste begynner halv fem, tel kvart minutt. I dag har ho litt betre tid og spaserer avslappa gjennom den tunge hovuddøra.

– Alle elskar popkornlukta , men eg kjenner den ikkje lenger – eg har blitt immun, ler ho.

Står aldri stille

Ho kjem raskt i gang. Digre pallar med godteri, sjokolade og brus står hulter til bulter på golvet. Alt skal på plass i hyllene før påskerushet. Fram til siste gjest er ute av bygget, er Andrea i aktivitet. 

– Vi har ein uskriven regel om at ein aldri skal stå i kassa når det ikkje er kundar i kiosken. Da skal vi feie golvet, poppe popkorn og ordne, seier ho, og viser korleis dei justerer sjokoladerullane i hylla slik at Freia-logoane står pent oppstilt i konforme, symmetriske rekkjer. 

Presisjon er viktig når sjokoladen skal på plass i hylla.

Etter sju og ein halv timar i barnehagen, med leik, tunge løft og bleieskift, er ho allereie sliten. Legg til sju timar på ståande fot i ein av hovudstadens travlaste kinoar, så er Andrea i nesten konstant bevegelse i 16 timar. 

Annankvar helg er ho på kinoen og annakvar veke jobbar ho to heile skift på ein dag.

– Det hender at eg blir heilt nummen i beina på slutten av dagen, seier ho. 

Dei dagane Andrea jobbar dobbelt gjeld det å ha gode sko. Det blir fort fleire titals tusen steg på ein dag.

Vann streiken – økonomisk avhengig av ekstrajobben

I fjor streika tusenvis av tilsette i den private barnehagesektoren for betre lønns- og pensjonsvilkår.

Da streiken slutta, trykte VG eit stort oppslag om den nye lønna til Andrea: 341 400 kroner i året. 

– Etter skatt får eg litt over 20 000 i månaden frå barnehagen. Trekk ein frå faste utgifter har eg kanskje 6000 igjen til mat, forbruk og sparing.  

https://datawrapper.dwcdn.net/2w9G0/2/

Inntekta frå kinojobben varierer:

– Vanlegvis får eg utbetalt 3000 til 4000 kroner frå kinoen. Eg treng dei pengane dersom eg for eksempel skal reise heim til Trondheim for å sjå familien, eller spare litt til framtida. 

På kinoen skal ingen stå stille i kassa og gjeremålslista er lang. I dag pakkar Andrea bort varer som snart skal glede påskeferierande kinogjestar.

Hindrar ikkje ekstraarbeid

Arbeidsmiljølova legg i utgangspunktet ikkje hinder i vegen for at ein arbeidstakar skal ha ekstrajobb, og Andrea har vore open med leiinga i barnehagen om kinojobben:

– Tidlegare styrar var veldig klar på at barnehagen alltid må kome fyrst. Kinoleiinga er flinke til å tilrettelegge for det, når eg til dømes må komme ein halvtime seinare enn planlagt, seier ho.

{f1}

Seks jenter, ei vaskemaskin, og (heldigvis) to bad

I kollektivet til Andrea bur det totalt seks jenter. Dei har ei vaskemaskin på deling, noko som fører til «litt styr», men heldigvis har dei to bad.

{s1}

Ho har eitt av dei minste romma – og betaler derfor litt mindre husleige enn dei andre.

– Eg har kutta alle utgiftene mine der eg kan. Ost, for eksempel, det har eg slutta å kjøpe. Det et eg berre i barnehagen, seier ho. 

På t-baneturen snakkar Andrea ope om den prekære økonomien til mange barnehagetilsette, særleg dei utan formell kompetanse. Ho er ikkje sikker på om ho vil utdanne seg for å bli i sektoren.

Ekstra inntekt til høg pris

– Eg har blitt utmatta av dobbeltarbeidet. Etter streiken, da vi skulle tilbake på jobb i full fart, var det ei stor omstilling. Eg gjekk på ein smell, seier Andrea.

Med 120 prosent jobb må også andre ting i livet vike.

– Eg mistar tid med vennar, og eg gjer nesten ingenting for å dyrke eigne interesser. Eg skulle gjerne hatt tid til å måle og teikne, drive med handarbeid og gå tur i marka.

Halv tolv om natta stemplar Andrea ut frå jobb nummer to. Rett før midnatt kan ho legge seg – vel vitande om at ho må vere på plass i barnehagen klokka sju neste dag.

Ost for eksempel, det har eg slutta å kjøpe. Det et eg berre i barnehagen

Kva seier lova om ekstrajobb?

• Arbeidsmiljølova hindrar ikkje ekstrajobb eller såkalla biarbeid. Men retten til å disponere eiga fritid er begrensa.

• Eit arbeidsforhold medfører lojalitetsplikt. Om ekstrajobben går ut over evna til å utføre den primære jobben, kan det tolkast som brot på lojalitetsplikta. 

• Eit godt eksempel er eit ekstraarbeidsforhold om natta som medfører at arbeidstakaren ofte møter trøytt på jobb neste dag.

• Det er ikkje uvanleg at arbeidskontrakta begrensar ekstraarbeid, til dømes gjennom å hindre at arbeidstakaren jobbar for ei konkurrerande bedrift. 

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy
Etter eit raskt klesskift i personalgarderoben i barnehagen spring Andrea til t-bana for å ta seg innover mot sentrum og Saga Kino.