KJENDE SEG IGJEN: Inger Marie Lemvik fortel ho sat i samtale med pasientar ho hadde sjukmeld fordi dei var utbrende: – Då oppdaga eg at eg kjende med igjen med veldig mykje av det dei fortalde.
Eivind H. Natvig
oystein.windstad@fagbladet.no
Ut av stovevindauget ser lege Inger Marie Lemvik rett ut til dei taggete fjella som reiser seg rakrygga rett ut av Lofothavet. Lange kvite strender der du ser dropane frå padleåra lage små ringar i lyseblå sjø, lokka ho hit:
– Eg verkeleg elska jobben min som fastlege, fortel Lemvik.
Ho jobba på kontoret i Flakstad saman med ein annan fastlege og turnuslege. Dei fann flyten og kunne henge frå seg den kvite frakken innan vanleg tid. Men så blei turnuslegen flytta til nabokummen og politikarane sa nei til å tilsette ein ny. Dei gjekk frå å vere tre til to legar.
• Slik ønsker Fagforbundet å hjelpe fastlegane og pasientane
LIKAR JOBBEN: Inger Marie Lemvik har jobba som lege sidan 2014. Ho fortel at dei fleste legane som sluttar i jobben eigentleg likar jobben sin.
Eivind H. Natvig
Nesten dobbel arbeidsveke
Sakte, men sikkert tok det meir og meir tid før ho kunne henge frå seg den lyse frakken. Det lovpålagde arbeidet starta å ete av ettermiddagane, kveldane og helgene.
Ei spørjeundersøking om kor lenge legar jobbar, fekk ho til å stoppe opp og innsjå kva som hadde skjedd.
BESTE JOBBEN: Lege Inger Marie Lemvik fortel jobben på fastlegekontoret var den beste ho hadde hatt. Samtidig merka ho at opp mot 60 timar med jobbing i veka gjorde noko med ho.
Eivind H. Natvig
Arbeidet som hopa seg opp, gjorde at ho jobba opp mot 60 timar i veka i snitt. Tidvis dobbelt så mange timar som vanleg arbeidstid. I staden for å vere med venner, familie og ta på seg fjellskoa, blei ho sittande med papirarbeidet.
I periodar annakvar helg. Alternativt endå lengre kveldar i vekedagane.
LANGE DAGAR: Etterkvart tok det litt og litt lengre tid for når lege Lemvik kunne køyre heim frå jobben.
Øystein Windstad
• Arbeidsdeling:helsesekretærane blei dagleg leiar
Arbeidsmengda bygde mursteinar
Då ho lytta til pasientar som var sjukmelde fordi dei hadde møtt veggen, starta ho å stille spørsmålet om det kanskje kunne vere nokre mursteinar på veg til å stable seg opp i hennar liv.
– Eg orka ingen ting, huska lite og hadde svært lite energi igjen. Eg sleit med å konsentrere meg og vakna på nettene. Eg hadde ikkje lyst på mat, og orka ikkje å gå tur. Eg var heilt tom, fortel legen.
Når ho var ferdig på jobb enda ho opp å ligge langflat på sofaen. Tårane pressa seg ofte på.
I bokhylla stod kokebøker som hadde vore flittig brukte. På kjøkkenet stod det Real Turmat-posar.
Slutt
Ho gjekk til ein annan fastlege og fortalde korleis livet hadde blitt og korleis ho hadde det. Samtalen enda med sjukmelding og etter kvart kom tanken om dette kunne ikkje fortsette. Ho tok valet ho aldri trudde ho skulle ta. Ho sa opp:
– Det var den arbeidsplassen eg har trivs best på i heile mitt liv. Både med kollegaer og pasientar. Eg hadde ikkje lyst til å seie opp. Eg var så sliten, seier jærbuen.
I dag jobbar Lemvik som vikarlege i Vågan kommune. Det betyr at ho kan jobbe så mykje som ho ønsker og greier. I dag er det tilsvarande mellom 50 og 70 prosent.
NATUR: Lofoten tiltrekk seg mange turistar og folk som likar vill natur. Det er størst mangel på fastlegar i distrika. I Lofoten har utfordringar med å få tak i nok fastlegar, samtidig som eit stor antal tilreisane turistar som skadar seg aukar belastninga på helsevesenet.
Øystein Windstad
Legejobb på helsa laus
Ei gruppe fastlegar og universitetslektorar i Trondheim gjorde ein studie blant 1000 fastlegar og laga rapporten «Trønderopprørets fastlegeundersøking».
Dei fant at 39 prosent er litt einig i at jobben går utover helsa. 25 prosent er heilt einige. I undersøkinga kjem det fram at på få år har fastlegane fått mykje meir å gjere. På fire år har dei fått ein ekstra dag med arbeid i veka. Stadig fleire vurderer å slutte. Samtidig må folk vente opp til to år på å få ny fastlege. Nesten ein kvart million nordmenn står heilt utan fastlege.
{f1}
Fryktar dårlegare tilbod
Om det ikkje blir gjort grep av politikarane, vil pasientane merke det, trur Lemvik:
– Eg trur det vil tvinge seg fram at det offentlege må kjøpe meir tenester frå det private. Og at det offentlege helsevesenet vil bli svekt. Større belastning vil gjere at fleire fastlegar og legar ved sjukehuset sluttar. Dette vil føre til at fleire kjøper tenester frå dei private. Til sjuande og sist får vi ei klassedeling som blir større, der dei med pengar får betre helsetenester, seier Lemvik.
LOFOTVEGGEN: Lege Inger Marie Lemvik fortel ho blant anna flytta til Lofoten for å kunne vere i fjella både på sommar og vinter. Men, at oppmot 60 timars arbeidsveke gjorde at ho blei liggande langflat og utmatta på sofaen.
Øystein Windstad
– Må ha fleire hender på dekk
Ho er klar på kva som må til for å løyse fastlegekrisa. Det må fleire i kvite frakkar til:
– Eg trur svaret på korleis løyse fastlegekrisa er kjempeenkelt. Det er for mange oppgåver i forhold til kva det er kapasitet til å løyse. Så enkelt er det, seier legen, som meiner løysinga er å tilsette fleire fastlegar.
Ho meiner fastlegeordninga har vore ein stor suksess fordi så mange har fått god hjelp.
– Ordninga kan rakne
No meiner ho noko drastisk må skje fort. Slik at legane kan bruke meir tid på fleire pasientar. Og gje den hjelpa som trengst:
– Det må stor endring til raskt for at suksessen skal kunne fortsette. Det trengst fleire fastlegar. Og fastlegane må få bruke tida si på nødvendige oppgåver. Dette for at folk skal møte ein fast lege som kan gje god hjelp basert på både fagkunnskap og kunnskap om sine eigne pasientar fordi dei er kjente. Denne endringa er det regjeringa si jobb å få på plass. Det hastar! Ellers trur eg fastlegeordninga raknar.
Fakta om fastlegeordninga
• Starta i 2001 og regna som ein stor suksess
• Fastlegane har gradvis fått fleire oppgåver og mindre tid
• I 2018 jobba fastlegar 55,6 timar i snitt
• Det er sju timar meir enn fire år før
• 59 prosent av fastlegane har vurdert å slutte det siste halve året grunna arbeidspress
• Berre tre av ti svarer dei vil vere fastlege om fem år
• Ni av ti svarar dei vil fortsette om rammevilkåra blir betre
• Rundt 235.000 står heilt utan fastlege
• 258.000 ventar på å få ny fastlege
(Kjelder: Trønderopprørets fastlegeundersøking, HELFO og Allmenlegeforeningen)
::-----------------------------------
t: Tittel i bildet [x][]
t!-----------------------------------
u: Skygge under tittel [x][]
u!-----------------------------------
w: Hvit tittel [x][]
w!-----------------------------------
z: Tittelstørrelse [5][12]
z!-----------------------------------
h: Tittel-plassering [] (0=øverst 9=nederst)
h!-----------------------------------
y: Bilde 2 som bilde på mobil []
y!-----------------------------------
a: Video som hovedbilde:
auto [x] kontr [x] loop [x] ikke fs [x] stille [x]
a!-------------------------------------------------
s: Artikkel er Scrollsnap[]
s!-----------------------------------
BESTE JOBBEN: Lege Inger Marie Lemvik fortel jobben på fastlegekontoret var den beste ho hadde hatt. Samtidig merka ho at opp mot 60 timar med jobbing i veka gjorde noko med ho.
Eivind H. Natvig
KJENDE SEG IGJEN: Inger Marie Lemvik fortel ho sat i samtale med pasientar ho hadde sjukmeld fordi dei var utbrende: – Då oppdaga eg at eg kjende med igjen med veldig mykje av det dei fortalde.
Eivind H. Natvig