Helsesekretærane Julia Lockert og Siri Pedersen seier at fleire bør vurdere større oppgåvedeling for å avlaste fastlegane.
Eivind H. Natvig
oystein.windstad@fagbladet.no
Ei rekkje med taggete snødekka fjell skyt opp av sjøen. Ute på havet ligg sjarkane tett i tett omgitt av ein sverm med skrikande måsar, som håpar på å få ein bit av overfloda.
Samtidig som rikdomen svømmer i stim, finst det også ein mangel. Folk som nyleg har flytta til Lofoten, risikerer å måtte vente opp mot to år på å få fastlege.
Samtidig som det bur 11.000 i Vestvågøy, står nesten 700 på venteliste for å få ny fastlege i kommunen. Bildet er stort sett det same i heile landet. Rundt 235.000 har ikkje fastlege og 258.000 står i kø for å byte, viser tal frå Allmenlegeforeningen og Helfo.
Men i Lofoten tenkjer dei annleis.
Sekretær og dagleg leiar
Ein stålspiss forsvinn inn under hud og ei mørk raud lita elv finn vegen i eit lite glas. Helsesekretær Julia Lockert vender kolben frå side til side og set den frå seg. Lofotleger AS har rundt 6000 på fastlegelistene sine. Kollega og helsefagarbeidar Therese Skjennum har fått både høgare løn og fleire arbeidsoppgåver nyleg:
– Eg trur ikkje det er så vanleg at helsesekretærar blir dagleg leiarar av legekontor enno. Eg og ein kollega har delt på dagleg leiarjobben i eit år. Vi har snakka med styret, som ønsker å fortsette i to nye år med ordninga, fortel Skjennum.
Helsesekretærane avlastar fastlegane som kan bruke meir tid på pasientane. Sekretærane har personalansvar, ordnar med ferielister og HMS blant anna. Julia Lockert seier det er fleire oppgåver dei kunne ha gjort.
– Det er ikkje tvil om at legane må bruke mykje tid på legeerklæringar til vidaregåande elevar som skal ha gyldig fråvær. Og forsikringssaker. Det er ein del oppgåver vi kunne ha gjort, som vi ikkje har lov til i dag, seier Lockert, som er utdanna både helsefagarbeidar og helsesekretær.
• Derfor er helsefagarbeiderne Lise (21) og Monica (35) så populære på sykehuset
Vil ha meir arbeidsdeling
Guro Myklebust har sjølv bakgrunn som helsesekretær og sit i seksjonsstyret i Yrkesseksjon kontor og administrasjon i Fagforbundet:
– Vi må sjå på kor viktige helsesekretærane er. Både på legekontora og på sjukehusa. Vi må jobbe for meir oppgåvedeling for fleire yrkesgrupper. Dei manglar folk i fleire delar av helsesektoren. At helsesekretærane kan avlaste legane som hos Lofotleger, er eit godt eksempel på ei fin løysing, seier Myklebust.
Ho har blant anna jobba fleire år på Nordlandssjukehuset.
En avgjørelse fra Trygderetten kan få store konsekvenser for Nav.
Kasper Holgersen
GARASJE: Den enkle garasjen tilfredsstiller ikke et eneste HMS-krav, men nå kommer endelig en ny stasjon i Grovfjord. Verneombud Bjørn-Atle Johnsen er i mål etter sju års arbeid for ny stasjon.
Werner Juvik
DUO: Mette Nord og Jørn Eggum leder de to største LO-forbundene. Representanter fra ledelsen og fagfolk i begge forbund har møttes for å snakke om AFP i privat sektor.
Jo Straube/Håvard Sæbø
RESULTAT: Oppfølging og tilrettelegging er noko av stikkorda for at dei tilsette ved Kantarellhjemmet i Oslo har fått ned sjukefråveret. Frå venstre Shammim Andreassen Shahid, Birthe Wold Myhre, Evangeline Morales, Mustapha Yacoubi, og Ewa Adamski.
Øystein Windstad
Håvard Sæbø
Bensinavgiftene blir relativt sett lavere neste år.
Beate Oma Dahle / NTB