JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Sjekk ut kva generasjon Z er uroa over

Fleire unge har dårlegare tru på framtida: – Elendet berre fortset

GENERASJON Z: Jeanette Lea Romslo er sjølv ein del av Generasjon Z , som ifølge nye tal ser mørkare på framtida enn andre før dei. Romslo trur blant andre aukande bustadprisar gjer unge til pessimistar.

Øystein Windstad

Ein ny undersøking visar at unge er stadig meir bekymra for framtida si. Det er spesielt eit tema Fagforbundet Ung-leiaren roper varsku om.

2024080910401620240809104104

oystein.windstad@fagbladet.no

Unge er kjent for å vere meir optimistiske enn eldre, men det har skjedd noko dei siste tre åra. Det fortel Vilde Vågsland i Opinion til Khrono.

Undersøkinga Ung2024 visar nemleg at unge er stadig meir bekymra for framtida si.

– Dei har fleire bekymringar enn tidlegare. Ikkje berre det som skjer her og no, men også om 10 til 15 år. Det er uvanleg, seier Vågsland.

Undersøkinga viser at 63 prosent av dei unge er uroa over auka prisar, 52 prosent er bekymra for klima og miljø og 51 prosent er uroa over krig. 47 prosent fryktar falske nyheiter.

– Det umoglege har skjedd

Det er spesielt krigane i Ukraina og på Gaza som pregar dei unge.

– Ein har kanskje tenkt at om eit par veker eller eit par månader er det ikkje sånn lenger. Men elendet fortset berre.

 – Mange av dei tinga ein tenkte var heilt umoglege, det har berre skjedd. Og då trur eg det er med og påverkar unge sin frykt for krig og uro. Og at mange av dei tinga vi tenkte ikkje kunne skje, skjer, seier Jeanette Lea Romslo, leiar av Fagforbundet Ung.

Generasjon Z, som er mellom 15 og 25 år, vil kunne få eit anna liv enn dei som pensjonerer seg no og har fått med seg gullalderen i økonomisk vekst.

– Vi kan fort bli den fyrste generasjonen som ikkje har det betre enn generasjonen før. Ein har jo hatt ein veldig velstandsauke. Men no ser vi jo faktisk at utviklinga går i den retninga at ikkje berre er det generasjonsforskjellar mellom mor og dotter, men det er generasjonsforskjellar i søskenflokkar, seier Romslo.

Ropar varsku

Ho viser til løpske bustadprisar som gjer at eit søsken kjem seg inn på bustadmarknaden, medan eit anna ikkje greier det.

IKKJE FOR ALLE: Dyre bustadprisar gjer at det er nesten umogleg å kjøpe seg ein plass å bu i Oslo på ei fagarbeidar-løn. Bildet er frå kampanja til Fagforbundet Ung med krav om billigare bustader til unge.

Romslo ropar varsku om bustadprisane:

– Ser vi på spådommane for dei neste tre åra, så skal prisane auke med 25 prosent i heile landet og 33 prosent i Oslo. Så da vil det jo ha ganske mykje å seie om ein fekk kjøpt i 2021, eller om ein får kjøpt i 2026.

Romslo seier at det ikkje berre er eigenmarknaden som går løpsk. Der gjer og leigemarknaden, som har auka med rundt 15 prosent.

Undersøkinga Khrono viser til viser at 11 prosent av dei spurde ser optimistiske på framtida. 52 prosent svarar at dei er pessimistiske.

Fakta om UNG 2024

• Generasjon Z er uroa for pengar, krig og klima.

• Det kjem fram i Ung 2024-rapporten.

• Funna viser at 52 prosent av dei unge er pessimistar for framtida.

• Berre 11 prosent er optimistar og resten er nøytrale.

• 63 prosent er uroa over auka priser.

• 52 er bekymra for klima og miljøet.

• 51 prosent er uroa over krig.

• 47 prosent er redd for konsekvensane av falske nyheiter.

• Ung-rapporten er Opinion sin årlege puls kva unge mellom 15-25 tenkjer om framtida.

• Rundt 1000 unge har svara på spørreundersøkjinga

• Rundt 90 har delteke i djupare kvalitative intervju

Kjelde: Khrono

Bustadprisane pressar fagarbeidarane ut av byane

I AKSJON: Bildet av Jeanette Lea Romslo er frå mai då ho og Fagforbundet Ung hadde stand på Karl Johans gate og viste bilder av kva slags bustadar folk med vanlege løner har råd til no i Oslo.

Vil ha meir offentleg bustad-styring

Romslo seier at det er bra at samfunnet har så mykje fokus på bustadmarknaden, fordi situasjonen er såpass alvorleg.

– Det har stor betydning for medlemmene våre, økonomien og korleis livet er. Så vi har jo ei bustadkampanje gåande og kjem til å legge litt press på politikarane om at no må ein faktisk gjere noko, seier Romslo.

ROTTEREIR: Kva har unge på bustadjakt i Oslo råd til? Om du har vanleg løn og ingen kausjonist, blir det eit rottereir med knirkegolv. I følge det Fagforbundet Ung meiner er den erlege teksten til boligannonsa til ein overkommeleg plass å bu i Oslo. Bildet er frå bolig-kampanja til Fagforbundet Ung.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy