Annonserer for «Falleferdig rottereir med nitrist utsikt»
Protesterer mot at fagarbeidarar blir pressa ut av bustadmarknaden
PLASS Å BU: -Vil du signere? Jeanette Lea Romslo er leiar i Fagforbundet Ung og delte ut flygeblad med QR-kode der alle som vil kan signere for at fleire unge skal ha råd til tak over hovudet.
Øystein Windstad
Ønsker du å kjøpe deg tak over hovudet på eiga hand og med ei vanleg løn? Gløym det, viser nye tal. No krev den største ungdomsfagforeininga handling over heile landet.
oystein.windstad@fagbladet.no
Onsdag blei det annonsert for blant anna denne bustaden på Karl Johans gate i hovudstaden: «Uattraktiv og dunkel leilegheit med eldre tapet og knirkegulv».
Leilegheita er på ti kvadratmeter og kostar rundt ein million kroner. Annonsen er litt for sann til at han er heilt ekte og er ein del av Fagforbundet Ung sitt opprop:
– Me ser no at det å vere fagarbeidar, det å kunne kjøpe seg leilegheit i dei store byane, er utruleg vanskeleg, seier Jeanette Lea Romslo som er leiar i Fagforbundet Ung.
– Ein tømmer byane for fagarbeidarar og då skapar ein eit klassesamfunn, og det er ikkje innanfor. Det har jo berre blitt dyrare og dyrare, og prognosane framover er ikkje bra. Me meiner at politikarane må vakne og at noko faktisk må skje.
• LO sin bustadindeks: Helsefagarbeidarar slit stadig meir
UT I LANDET: Ida Dyrehovden er lærling i Fagforbundet og delte saman med nestleiar Alexander Liane og leiar Jeanette Lea Romslo ut flygeblad i Oslo. Om ikkje lenge skal kampanja ut til store delar av landet.
Øystein Windstad
Brutalt ærleg reklame
Bak ho og dei andre kollegaene på stand står digre annonseplakatar som reklamerer for små leilegheiter.
Den på ti kvadratmeter som er både nitrist og dunkel finst ikkje på Finn.no, men representerer det ein ung einsleg fagarbeidar har råd til:
– Me har sett det litt på spissen og laga våre eigne bustadannonsar basert på reelle annonsar me har sett, fortel Romslo.
• Debatt: Kanskje kan fagrørsla bygge bustadar til medlemmene
KREV HANDLING: Det stod blant anna ei seng og ei lita bokhylle på Fagforbundet Ung sin stand. I bokhylla står nokre små hjelparar med bodskapen om kva dei vil med kampanja.
Øystein Windstad
Bustadmangel i distrikta
Det er godt kjent at det er i dei største byane det er verst for unge å ha råd til å kjøpe sin første bustad.
Romslo i Fagforbundet Ung fortel at dei har teke tempen i heile landet. Dei har vore i kontakt med dei regionale Fagforbundet Ung-leiarane i alle fylka.
– I distrikta er kanskje problemet at du ikkje får lån til å bygge nytt hus, fordi huset er mindre verdt når det står ferdig enn det kostar å bygge. Eller at det er bustadmangel i distrikta. Det er breie utfordringar og forskjell på by og land og på distrikta. Men alt er ei utfordring.
• Ropar varsku: Bustadpolitikken lagar klasseskiller
VIL PÅVERKE POLITIKARANE: Jeanette Lea Romslo.
Øystein Windstad
Ti kvadrat kostar ein million
Skal du ha råd til eit middels stort bøttekott i Oslo på ti kvadratmeter, må du i dag ut med i snitt 957.610 kroner, ifølge tal frå kampanjen.
I Bergen, Trondheim og Tromsø er prisen mellom 557.000 og 585.000 kroner.
For kvart år som går blir det stadig færre som har råd til eigen bustad i dei store byane. Vanskelegast er det for dei unge, og verst er det i Oslo.
Utan foreldre som eig bustad og kan stille med cash eller kausjon, slit svært mange unge med bustadprisane.
Tal frå 2024 viser at om du har ei vanleg løn, er einsleg og ønsker å kjøpe tak over hovudet i hovudstaden har du råd til dette: 2,4 prosent av leilegheitene.
• Fleire bussjåførar og helsefagarbeidarar må pendle grunna prisane.
Dette er krava politikarane får i fanget
Fagforbundet Ung har denne lista med krav: Større offentleg ansvar, fleire bustadar i pressområda, offentleg innsats i leigesektoren, meir pengar til Husbanken, fleire studentbustadar, fleire og betre kommunale bustader og satsing på bustadar i distrikta.
Fagforbundet Ung-leiar Romslo seier kampanjen der dei deler ut flygeblad, med QR-kode der du kan signere, skal ut til heile landet:
– Vi vil ha signaturar med folk som er einige om at noko må skje med bustadpolitikken. Vi skal overrekke det til dei som sit der inne på Stortinget og lokalpolitikarar. Når dette skal ut i alle fylka, ønsker vi også å kunne påverke lokalpolitikarar. Fordi veldig mykje kan gjerast på lokalt nivå. Men så er vi òg avhengige av at Stortinget gjer nokre kloke vedtak i tillegg.