JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Flykningsjef jobba på Lesvos: Stod med utmatta jente på to år i armane i mørket

NORGESTOPPEN: Aukra kommune er blant dei i landet som tek i mot flest ukrainske flyktningar, målt per innbyggar. Aud Lisbeth Lillebostad er leiar for eining for innvandring og integrering og er personleg engasjert i arbeidet med flyktningar.

Øystein Windstad

Avdelinga hennar har fått ni av ti flyktningar i arbeid. Flyktningsjef Aud Lisbeth Lillebostad har også opplevd å løfte ei kald og gråtande jente på to år ut av ein gummibåt full av vatn.

2022070108581620220701090853

oystein.windstad@fagbladet.no

– Me kunne ha busett dei over 120 flyktningane her og no. Folk har ringt inn og meldt ifrå at dei har bustader klare, seier Aud Lisbeth Lillebostad rett etter kommunen hennar sa ja til å ta imot folk på flukt frå krigen i Ukraina. I år vil Aukra kommune ta imot svært mange flyktningar, målt per innbyggar. Lillebostad er einingsleiar for innvandring og integrering i øykommunen i Romsdal.

Folkemøte og støtte

Rett etter at kommunen sa ja til å opne dørene for flyktningane blei det arrangert eit folkemøte. Bedrifter, frivillige, lag og organisasjonar møtte folk frå kommunen for å planlegge korleis dei kan hjelpe:

– Det er så stor velvilje blant folket i Aukra. Det er både hjarterom og husrom. Eg er heilt overtydd at dette er ei oppgåve me skal greie, seier Lillebostad. Kontora til avdelinga hennar blei fylt med klede og møblar som øyfolket gav til flyktningane.

Svetlana flykta frå krigen: Reiste frå sprengde vindauge til opne dører på den lille øya

Flyktningar frå Syria stiller opp

Sidan 2016 har Aukra kommune busett over 140 flyktningar. Av dei som er ferdig med introduksjonsprogrammet er ni av ti i arbeid eller utdanning. Lillebostad fortel at fleire flyktningar frå blant anna Syria no har meldt seg som frivillige:

– Eg ser au at dei flyktningane som no er i introduksjonsprogrammet sjølve, har lyst å hjelpe dei nye som kjem. Fordi dei fortel dei har opplevd den same krigen og vil ta vare på dei som kjem, fortel Lillebostad. Sjølv om Aukra ligg langt frå både krigen i Ukraina og Syria, har Lillebostad vore tett på menneske på flukt. Spesielt ei oppleving har vore med å forma hennar engasjement for flyktningar.

HELLAS: Aud Lisbeth Lillebostad var saman andre norske frivillige på øya Lesvos i 2015. Ho fortel at på eit døgn kom det så mange overfylte båtar at ho mista tellinga.

HELLAS: Aud Lisbeth Lillebostad var saman andre norske frivillige på øya Lesvos i 2015. Ho fortel at på eit døgn kom det så mange overfylte båtar at ho mista tellinga.

Aud Lisbeth Lillebostad

Her er ordføraren sjølv soldat: No tek han og kommune imot flyktningane frå krigen i Ukraina

Roa ned gråtande jente som ropte på mora

Ho gløymer aldri den natta i 2015 på ei strand på øya Lesvos i Hellas. Einingsleiaren står med armane i kors ved brystet då ho deler historia om den vesle jenta:

– Plutseleg kom det inn ein overfylt gummibåt mot stranda. Me som var der som frivillige sprang til så fort me kunne. Det var kaos då båten kom i land. Plutseleg blir eg ståande der, med den vesle jenta på rundt to år i armane. Ho hadde kome vekk frå foreldra sine. Eg tok ho inn i armane mine, bar ho rundt, roa og varma ho så godt eg kunne. Ho gråt og ropte på mor si, men blei roleg etter ei stund, seier Lillebostad.

– Eg tenkte med ein gong på barnebarna mine der heime når eg bar på ho, fortel einingsleiaren. Etter ei tid med leiting greidde dei frivillige å finne mora. Og Lillebostad kunne gje jenta over til mora sine armar og favn.

– Då blei det gledestårer, fortel Lillebostad. Den vesle jenta og mora blei seinare busett i Noreg.

MEST LEST:
Flere trygder øker i neste års statsbudsjett.

Flere trygder øker i neste års statsbudsjett.

Hanna Skotheim

Snart øker trygdene. Se hele lista her

Eivind Senneset

Når Bjørn (70) holder på å gå tom for tobakk, grenser angsten til psykose. – Røyk er faktisk medisin for ham

KRAV OM TILBAKEBETALING: Ifølge tilsynsrapportene fra Utdanningsdirektoratet har eierne av Læringsverkstedet Hans Jacon og Randi Sundby brukt tilskudd og foreldrepenger i barnehagene på kostnader knyttet til oppkjøp av barnehager. Det mener Utdanningsdirektoratet er brudd på barnehageloven. Læringsverkstedet har klaget på vedtaket.

Anders Wiklund/TT / TT NYHETSBYRÅN / NTB

Brukte tilskudd og foreldrebetaling til å kjøpe opp barnehager

ETTERSPURT: Konsulentsjef Ståle Thomas i Nursepartner er utdannet intensivsykepleier. For noen uker siden fikk han en telefon med tilbud om vikariat som sykepleier. Tilbyderen hadde funnet ham ved hjelp av data i helsepersonellregisteret. Thomas reagerer på at et offentlig register som skal brukes til kontroll av godkjenninger og autorisasjoner, brukes som rekrutteringsbase.

Anita Arntzen

Hard konkurranse om helsepersonell: Vikarbyrå ville tilby konkurrentens leder vikarjobb som sykepleier

ADVOKAT: Kjetil Edvardsen er advokat for Fagforbundet. Han vant den forrige saka han førte for Fagforbundet. Der blei Stendi dømt til at innleigde sjølvstendig næringsdrivande medlemmar eigentleg skulle ha vore fast tilsette. Stendi måtte etterbetale fleire millionar til medlemmane som retten meinte skulle hatt fast jobb.

Werner Juvik

Møtast i ny rettssak: No krevjer 194 omsorgsarbeidarar etterbetaling av feriepengar

Sånn kan du få masse fri med bruk av få feriedager neste år

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy