JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

– Ser på flyktningane som ein ressurs for kommunen

Her er ordføraren sjølv soldat: No tek han og kommunen imot flyktningane frå krigen i Ukraina

Har sjølv blitt bomba og skoten etter

I SKOTLINJA: Då Odd Jørgen Nilssen og dei andre norske FN-soldatane var i Libanon, var det tidvis open krig i landet. Det same året Nilssen kom til Libanon, blei over 250.000 drivne på flukt på grunn av krig.

I SKOTLINJA: Då Odd Jørgen Nilssen og dei andre norske FN-soldatane var i Libanon, var det tidvis open krig i landet. Det same året Nilssen kom til Libanon, blei over 250.000 drivne på flukt på grunn av krig.

Privat

Ordførar Odd Jørgen Nilssen sa kommunen ville ta i mot mange ukrainske flyktningar, før han blei spurt. Sjølv har han fått blod frå krig i ansiktet.

2022070109075020220701105348

oystein.windstad@fagbladet.no

– Eg visste eg ville ha kommunestyret med meg, seier den høgreiste ordføraren i den vesle øykommunen med 3500 innbyggarar. Den 24. februar vakna Odd Jørgen Nilssen til bilete av glupske flammar frå bomber, skyting og straumar av flyktningar. Alt dette er noko han har sett, kjent lukta av og hatt pipelyd i øyrene av.

Gjekk tydeleg ut

Nokre dagar etter at Putin sende hundre tusen soldatar over den ukrainske grensa, gjekk ordførar Nilssen ut i lokalavisa Romsdals Budstikke. Han gjorde det klart at kommunen hans skulle ta imot flyktningar. Om han fekk kommunestyret med seg på å ta imot 120 flyktningar, ville Aukra bli blant dei som tok i mot aller flest flyktningar per innbyggar i landet. Han gjorde det au klart at det skulle sikrast at sparepengane til kommunen ikkje var investert i noko som støtta opp om Putin-regimet.

Ni av ti flyktningar i arbeid

Etter at Nilssen fekk ordførarkjede rund nakken i 2019, har milliardane strauma inn til den norske statskassa via Aukra. På nordsida av øya ligg eit av det største industrianlegga i landet. Gass blir pumpa opp frå Nordsjøen, sendt til Aukra og vidare til England. Gassen frå Ormen lange-feltet forsyner ca 25 prosent av behovet til Storbritannia. Eigedomsskatt frå industrianlegget gjev Aukra 250 millionar kroner ekstra. Det gjer at øya på nordvest-landet er Norges rikaste kommune, med ein milliard i sparepengar.

– Eg trur vi blei spurt om å ta imot flyktningar fordi myndigheitene veit me har ein rimeleg trygg kommuneøkonomi. Og vi har gode erfaringar med busetting av flyktningar før, fortel den tidlegare lensmannen. Frå 2016 og fram til i dag har over ni av ti flyktningar som har kome til Aukra, kome seg i arbeid eller utdanning. Etter at Nilssen gjekk ut og sa at Aukra ville opne dørene for 120 flyktningar, fekk han med seg eit einstemmig kommunestyre.

GASS TIL EUROPA: Inne på kontoret fortel ordførar Odd Jørgen Nilssen at det blir jobba med at gass frå Aukra skal vere med å bidra til at Tyskland kan bli meir uavhengig frå Russisk gass.

GASS TIL EUROPA: Inne på kontoret fortel ordførar Odd Jørgen Nilssen at det blir jobba med at gass frå Aukra skal vere med å bidra til at Tyskland kan bli meir uavhengig frå Russisk gass.

Omar Sejnæs

«Du treng ikkje hjelm»

For Nilssen er krig noko meir enn bilete i nyheitene. Og flyktningar noko meir enn tal i eit kommunebudsjett. Ordføraren lener seg godt tilbake i stolen og opnar opp om kva han har opplevd:

– Eg hugsar me spurte om me skulle ta på oss hjelmane. Dei andre soldatane som me skulle avløyse sa at det var unødvendig, minnes Nilssen. Han tek AG3-rifla på skuldra og klatrar opp i den grøne lastebilen saman med kameratane frå laget. Lastebilen rullar avgårde på ein humpete støvete veg.

– Me sat i lastebilen og ante fred og ingen fare. Så høyrer me skotsalvane smelle. Han som sit rett framfor meg blir treffen i hovudet, og eg får blodet hans spruta i ansiktet mitt. Når eg kikar meg til sida er det kulehol på begge sider av skuldrene mine i lastebilen.

Han var 22 år og ein del av den norske FN-styrka i Libanon kontingent II i 1978 og 1979.

Omar Sejnæs

– Skjønar meir av kva flyktningane har opplevd

Nilssen og dei andre norske soldatane kom rett inn i krigen mellom Israel og Libanon. Samtidig som det rasa ein opprivande borgarkrig i landet. Han blei skoten etter fleire gonger, nesten treft av granatar og vakna fleire netter av bombenedslag som fekk bakken til å riste under han:

– Bakgrunnen gjer at eg skjønar meir korleis folk har det. Eg veit ein del om kva folk frå krigsområde har opplevd, og eg kan sette meg lettare inn i situasjonen deira. Ikkje minst flyktningane som har kome til Aukra frå Syria, som er nabolandet til Libanon, seier veteranen.

Slår neven i bordet

65-åringen fortel at opplevingane hans har forma synet på flyktningar:

– Denne bakgrunnen min gjer at eg har vore tydeleg opp igjennom åra. Når eg har møtt lettvinte forklaringar om flyktningar. Då har eg kunne slått i bordet og sagt «høyr no her, slik er det ikkje». Folk som har opplevd krig og har med seg traume, det er beintøft. Når du veit korleis det er å bli skoten etter forstår du kva det gjer med folk, seier Høgre-politikaren. Medan nokre politiske krefter spelar på skepsis til flyktningar, viser Nilssen til alle dei nye arbeidstakarane bedriftene i Aukra har fått.

– Erfaringane mine er nok med å bidra til engasjementet mitt for flyktningar. Slik har erfaringane blitt ei positiv ballast for meg.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy