Fremmar 20-punkts helseforslag: Vil ha betalt utdanning og kortare arbeidstider
NESTLEIAR: Marian Hussein er nestleiar i SV og stortingspolitikar frå Oslo. Ho vil at folk skal kunne jobbe mindre og meir tilpassa innan helse. Og at det vil føre til at fleire vil jobbe lenger.
Hanna Skotheim
Helsefagarbeidarar og anna helsepersonell skal få meir betalt etterutdanning, kortare arbeidstider og fleire kollegaer. Det meiner vernepleiar og stortingsrepresentant Marian Hussein.
oystein.windstad@fagbladet.no
Marian Hussein har jobba i over ti år som vernepleiar før ho blei valt inn på Stortinget for SV. Ho har sett seg ned med åtte fagorganisasjonar for å sjå på kva som kan gjerast for at fleire vil jobbe lenger i helse:
– Vi må slutte å berre snakke om behov for personell i helsevesenet – vi må handle for å både behalde og rekruttere, seier Hussein som har samarbeidd med blant andre Fagforbundet, Legerforeningen og Norsk Sykepleierforbund og laga ei liste med 20 punkt.
• SV kritisk regjeringa og lite folk på sjukehusa
Meir betalt etterutdanning
I tillegg til jobben som vernepleiar har Hussein arbeidd to år i Nav Oslo. Hussein har fleire gonger løfta fram saker om heile faste stillingar. No vil ho bruke stemma si på Stortinget for også betre arbeidsvilkår innan helse og omsorg:
– Når du er helsefagarbeidar i dag, så er det veldig få vidareutdanningar du kan ta på fagskulen. Vi vil utvikle og gi folk fleire moglegheiter til å auke kompetansen sin og spesialisere seg. Det å jobbe i helsetenesta i dag krev meir spisskompetanse – pasientane er eldre, sjukare og meir komplekse enn før, seier Hussein og legg til:
– Å spesialisere helsefagarbeidarar innanfor rus, demens og utviklingshemming gjer at dei kan møte pasientane sine behov betre.
Les alle forslaga her
1: Stortinget ber regjeringa fremje forslag om å fjerne unntaket i arbeidsmiljølova som opnar for tidsavgrensa innleige av helsepersonell, slik at ein reduserer bruken av innleige og kommersielle vikarbyrå i helsesektoren.
2: Stortinget ber regjeringa utarbeide nasjonale planar for å etablere fleire interne bemanningseiningar ved helseføretaka og kommunale bemanningseiningar, og auke løyvingane til dette føremålet i forslag til statsbudsjett for 2026.
3: Stortinget ber regjeringa, gjennom samarbeid med KS og arbeidstakarorganisasjonane, opprette eit nasjonalt program for auka grunnbemanning i helse- og omsorgstenesta. Programmet må innehalde konkrete tiltak for å bidra til lokalt forankra prosjekt for auka grunnbemanning og mindre bruk av vikarar.
4: Stortinget ber regjeringa opprette ei tilskotsordning for helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og hjelpepleiarar i kommunehelsetenesta som ønskjer å ta ei klinisk retta fagskuleutdanning.
5: Stortinget ber regjeringa, i samarbeid med KS og arbeidstakarorganisasjonane, inngå ein forpliktande opptrappingsplan fram mot 2030 om å etablere lokale heiltidskulturar, deriblant auke gjennomsnittleg stillingsstorleik og auke heiltidsdelen innan helse- og omsorgstenesta.
6: Stortinget ber regjeringa fastsetje konkrete og målbare krav til ein høgare del heiltidsstillingar i helseføretaka.
7: Stortinget ber regjeringa kartleggje kva arbeidsmiljøfaktorar som fører til høgt sjukefråvær blant helsepersonell, og kome tilbake til Stortinget med tiltak for å redusere sjukefråværet.
8: Stortinget ber regjeringa styrkje det førebyggjande arbeidsmiljøarbeidet for helsepersonell, deriblant sikre betre arbeidsforhold, meir fleksible arbeidstidsordningar og opplæring i å handtere både fysiske, psykososiale og organisatoriske arbeidsmiljøutfordringar.
9: Stortinget ber regjeringa utarbeide ein forpliktande plan og foreslå lovendringar for å styrkje det psykososiale arbeidsmiljøet for helsepersonell i både primær- og spesialisthelsetenesta.
10: Stortinget ber regjeringa kome tilbake til Stortinget med ein plan for å betre oppgåvedelinga mellom yrkesgrupper i helsesektoren for å sikre betre kvalitet for brukarar, meir effektivitet, betre økonomi og større jobbtilfredsheit for helsepersonell.
11: Stortinget ber regjeringa kome tilbake til Stortinget med ein tiltakspakke for å hindre at helsepersonell sluttar i den offentlege helsetenesta og går over til den kommersielle helsetenesta.
12: Stortinget ber regjeringa kome tilbake til Stortinget med ein langsiktig og forpliktande plan for korleis ein kan sikre fagleg utvikling og kompetansetiltak for å kunne behalde helsepersonell, auke utdanningskapasiteten innan helse- og omsorgsutdanningar og auke rekrutteringa til helseutdanningane.
13: Stortinget ber regjeringa i statsbudsjettet for 2026 foreslå å styrkje løyvingane til avansert klinisk allmennsjukepleie (AKS).
14: Stortinget ber regjeringa leggje fram ein plan for å utvide tilbodet om desentralisert sjukepleiarutdanning og desentralisert vernepleiarutdanning.
15: Stortinget ber regjeringa sikre kommunane rammer til å leggje til rette for gode praksisplassar for lærlingar og helsepersonell under utdanning i kommunehelsetenesta, og greie ut ein plikt for kommunane til å ta del i utdanninga av helsepersonell.
16: Stortinget ber regjeringa greie ut behovet for LIS1-stillingar fram mot 2035 og auke talet på stillingar i forslaget til statsbudsjett for 2026.
17: Stortinget ber regjeringa kome tilbake til Stortinget med ein plan for opplæring i teknologi og digitalisering for helsepersonell.
18: Stortinget ber regjeringa leggje fram ein plan for oppgradering av medisinteknisk utstyr ved sjukehusa.
19: Stortinget ber regjeringa leggje fram ein heilskapleg strategi for det førebyggjande arbeidet og folkehelsearbeidet i helsesektoren, som skal bidra til å redusere presset på helsetenestene.
20: Stortinget ber regjeringa styrkje kommunane sitt arbeid med rehabilitering ved å vurdere korleis staten betre kan støtte kommunane sitt arbeid med å sikre lovpålagd kompetanse, og etablere ein forpliktande plan for opptrapping i rehabiliteringstenestene.
• SV vil ha nesten gratis tannlege
– Alt for mange sluttar
Hussein og SV vil at etterutdanninga og spesialiseringa skal vere med full løn. Representanten og partiet meiner det går fort i feil retning innan helse og omsorg:
– Vi kan ikkje ha ein situasjon der kvar femte sjukepleiar sluttar etter to-tre år i tenestene med dei som treng det mest, seier stortingsrepresentanten frå Oslo. Ho meiner at ein viktig grunn til at mange sluttar eller jobbar deltid er at vaktene og arbeidsmengda er for tøffe for mange:
– Når ein sjukepleiar ikkje klarer å stå i ei 100 prosent-stilling, reduserer ho til 80 prosent berre for å overleve i yrket. Det er uhaldbart.
GRUNNBEMANNING: Hussein og SV meiner noko av det er viktig å satse på ei auka grunnbemanning. Og at det er nøkkelen til lågare sjukefråver i helse- og omsorg.
Øystein Windstad
Vil satse på mindre og meir tilpassa arbeid
SV og Hussein meiner at det er på høg tid å tilpasse vaktene og arbeidsmengda. Slik at det blir lettare å kombinere jobbane med familieliv, auka trivsel og lågt sjukefråvær:
– Vi må forsøke arbeidsreduksjonstiltak for å få ned sjukefråværet og fråfallet – slik at færre endar opp med å jobbe deltid eller søkje seg bort frå tenesta. Sekstimarsdagen er eit av fleire tiltak som kan vere med å hjelpe oss å behalde personell i helsevesenet. Arbeidstidsutfordringar handlar om å lage turnusar som gjer at fleire klarer å stå i full stilling utan å bli utslitne, seier Hussein som også er nestleiar i SV i tillegg til stortingsrepresentant.
• Helsedirektørar tjener meir enn statsministeren: – Heilt amok, seier SV
Vil ha slutt på innleige
Ein del av stortingsforslaget er at det skal opprettast eit nasjonalt program for auka grunnbemanning i helse. Etter modell av Tørn-prosjektet. Vidare føreslår ho ei tiltakspakke for at hindre at dei jobbar i det offentlege helsevesenet skal gå over i det private. Eit av dei 20 punkta er også at SV vil sette ned foten for innleige og bruk av vikarbyrå i helse- og omsorg. Det blei innført eit generelt forbod mot innleige då Støre-regjeringa kom til makta i 2020. Det blei gjort eit unntak for helsesektoren i Arbeidsmiljølova. SV vil fjerne unntaket. Forslaget med dei 20 punkta skal stemmast over på Stortinget i løpet av våren.