JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Nye tal om kompetanse i barnehagen

Har for få pedagogar: Privat barnehagekjede skil seg klart ut

– Alvorleg, seier forbundstopp

– Vi erfarer at det er utfordrande å rekruttere barnehagelærarar til ledige stillingar, skriv Kristin Voldsnes, Divisjonsdirektør i Norlandiabarnehagene AS.

– Vi erfarer at det er utfordrande å rekruttere barnehagelærarar til ledige stillingar, skriv Kristin Voldsnes, Divisjonsdirektør i Norlandiabarnehagene AS.

Hanna Skotheim

Store konsern stiller betydeleg svakare enn andre barnehagar på ei rekkje vurderingskriterier. Men berre Norlandia bryt bemanningsnormen.

2023032911084720230330132546

agnes.bridge.walton@fagbladet.no

Norlandia er det einaste private barnehagekonsernet som ikkje oppfyller lovpålegget om minst éin barnehagelærar per 14 store barn, viser ei ny kartlegging frå Utdanningsdirektoret. 

I mars kom nye tal frå Utdanningsdirektoratet som viser at store konsern stiller betydeleg svakare enn andre private barnehagar på ei rekkje vurderingskriterier. Kommunale barnehagar kjem best ut på nesten alle punkt. 

Likevel går stadig fleire barn i privat barnehage, og ein veksande andel av private barnehagar er tilknytta dei fem største konserna. 

Familiebarnehager stengt på grunn av uforsvarlig drift: Eieren har tjent millioner

Norlandia skil seg klart ut

Norlandiabarnehagane skil seg klart ut frå andre barnehagar. Der er det heile 14.7 barn per barnehagelærar, noko som bryt med lovverket om pedagogisk bemanning som seier at det skal være minst ein lærar per 14 store barn. 

– Vi erfarer at det er utfordrande å rekruttere barnehagelærarar til ledige stillingar, skriv Kristin Voldsnes, Divisjonsdirektør i Norlandiabarnehagene AS i ein epost til Fagbladet.

GRÜNDERBRØR: Kritian (t.v) og Roger Adolfsen eig Norlandia-barnehagene.

GRÜNDERBRØR: Kritian (t.v) og Roger Adolfsen eig Norlandia-barnehagene.

Tri Nguyen Dinh

– Statistikken viser at i barnehager hvor vi har dispensasjoner har som regel også de kommunale og andre private barnehagene rekrutteringsutfordringer. Dette henger selvsagt sammen med at det er flere som slutter i yrket og at det også etter hvert er færre som starter på barnehagelærerutdanningen.

Voldsnes skriv også at Norlandia har laga ei prosjektgruppe som skal jobbe med rekrutteringsutofrdringane, men forklarar ikkje kvifor konsernet skil seg ut i statistikken frå andre aktørar i sektoren.

– Alvorleg

– Det er alvorleg når barnehagekonsern bryt pedagognormen. Vi må sikre at alle barnehager følgjer lovverket, seier May-Britt Sundal, leiar for yrkesseksjon kirke, kultur og oppvekst i Fagforbundet. 

– Dette for å sikre kvalitet i alle barnehager. Det skal vere nok og riktig kompetanse i alle barnehagar, private som offentlege, slik at alle barn får eit like godt tilbod.

Norlandia driv fleire enn 100 barnehagar landet rundt, og er ein del av eit større konsern, Norlandia Health and Care Group, som gjekk med 250 millionar kroner i overskot i 2021. 

Fagbladet har tidlegare granska korleis lønnsutgiftene gjekk ned og kostnaden til det offentlege gjekk opp da Norlandia tok over ei rekkje barnehagar i Oslo.

– LES: Slik gikk det da private overtok barnehagene: Det ble dyrere og de ansatte fikk lavere lønn

Store konsern har færre pedagogar

Dei fire andre store konserna som er med i karlegginga til Utdanningsdirektoratet, Læringsverkstedet, FUS, Espira Gruppen og Stiftelsen Kanvas, oppfyller den lovpålagte pedagogbemanninga, men tre av desse har færre lærarar per barnehagebarn enn andre private aktørar. Stiftelsen Kanvas skil seg derimot ut positivt, og har i snitt 12.7 barn per lærar.

Hos øvrige private er snittet er 13.1 medan kommunale barnehagar har i snitt 13 barn per pedagog. 

Når alle tilsette blir rekna, ikkje berre dei pedagogutdanna, kjem kommunale barnehagar framleis godt ut: Der må i snitt 5,6 barn dele på kvar vaksen. Hos dei fem store konserna er det 5,9 barn som deler på ein vaksen.

– Kompetansen til heile laget i barnehagen er med på å sikre tryggleik og læring for barna. Dette gir óg trygge tilsette. Derfor meiner Fagforbundet at kompetansen til heile laget er avgjerande for kvaliteten, seier Sundal. 

Forsking viser at barna klarer å knytte betre og meir positive relasjonar til dei vaksne i barnehagen når dei tilsette har kompetanse på fagområdet. Kompetanse speler derfor ei rolle i korvidt barna får gode vilkår for læring og utvikling i barnehagen.

Ein studie frå Danmark fann mellom anna at barna viste mindre utagerande oppførsel etter at lærarane fekk trening i kommunikasjon.

Sparer pengar på lågare utdanning

Lova set ikkje krav til kor mange faglærte barne- og ungdomsarbeiarar ein barnehage må ha. Likevel er det eit mål i den nye barnehagestrategien til regjeringa at 25 prosent av personalet skal ha fagutdanning. 

I snitt har dei fem store konserna berre 15 prosent barne- og ungdomsarbeidarar blant personalet og langt større andel ufaglærde – heile ein av tre. 

Kommunale barnehagar skil seg derimot ut når det gjeld rekruttering av faglærde, og overoppfyller målet frå barnehagestrategien. Barne- og ungdomsarbeidarar utgjer heile 27,7 prosent av den kommunale staben. Og berre ein av fem i kommunen er ufaglærde. 

Jamnt over har store konsern lågare utgifter til lønn enn kommunale barnehagar. Dette er delvis fordi det ofte er betydeleg billegare å tilsette ufaglærde enn faglærde barne- og ungdomsarbeidarar.

Samtidig har dei større utgifter til leige av lokale.

– LES: Nå har kanadisk gigantinvestor gått tungt inn i norske barnehagebygg

– LES: Fikk offentlig støtte for å bygge barnehager: Nå har eierne tjent milliarder på å selge bygningene til utlandet

Offentlege overføringar skal sikre kvalitet

Det er stadig fleire barn som går i privat barnehage. Og blant dei er det også stadig fleire som går i ein barnehage som er eigd av eitt av dei store konserna.

Sidan 2013 har andelen barnehagar som inngår i dei fem største kjedene auka frå 12 til 25 prosent, og 40 prosent av alle barn som går i privat barnehage, går i ein av desse.

– Barnehagar får offentlege støtte. Dette er midlar som skal brukast på å levere god kvalitet i barnehagen. Pengane skal gå til å sikre riktig grunnbemanning og oppfylle pedagognormen, og skal sikre likebehandling av lønns- og arbeidsvilkår for dei tilsette, seier Sundal.

– Dette må alle barnehagar rette seg etter.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy