JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Har streika i to veker: – Vi kjem ikkje til å gje oss

STREIKAR: Halvor Gaustadnes jobbar som interessepolitisk sekretær i Blindeforbundet og har streika i 14 dagar.

Øystein Windstad

Fredag var Youngstorget i Oslo fylt med faner og folk i gule vestar med «streikevakt» påskrive.

2024111515111220241115151721

oystein.windstad@fagbladet.no

Sidan 2. november har Fagforbundet, FO og YS teke ut medlemmer som jobbar i privat omsorg, i streik.

Ein av dei som tok ordet under markeringa, var Halvor Gaustadnes, interessepolitisk sekretær i Blindeforbundet.

– Dette er eit viktig område, og vi har ingen planar om å gje oss med streiken. Samstundes håpar vi at partane snakkar saman og finn fram til ei løysing alle kan leve med, sa Gaustadnes, som har vore medlem i Fagforbundet i 20 år.

Han understreka under støttedemonstrasjonen og fanemarkeringa at hovudårsaka til streiken er å løfte lønsnivået for dei lågaste løna som jobbar i privat omsorg.

TO VEKER: Halvor Gaustadnes har streika i to veker og seier dei er klare for meir om dei må. Han har vore medlem i Fagforbundet i 20 år og heldt apell på fanemarkeringa for streiken i NHO 453.

Varslar opptrapping av streiken.

Tener 50.000 mindre enn i kommunen

Odd Hallgeir Larsen, nestleiar i Fagforbundet, peikar på at dei som er nye i arbeidslivet og jobbar i privat sektor, tener mindre enn dei som hadde jobba i kommunen.

– Ein fagarbeidar utan ansiennitet som jobbar i NHO-sektoren, tener 49.000 kroner mindre i året enn i kommunen. Det er denne lønsprofilen vi ønskjer å løfte. Vi har ein avtale med NHO om å jamne ut forskjellane, seier Larsen.

– Dette seier NHO nei til i neste års oppgjer. Hadde vi godteke dette, ville forskjellane vorte endå større. Dette gjeld folk som jobbar i asylmottak, barnevernstenester og andre viktige område, understrekar han.

Sjekk Edith Piaff-sangen som har fått ny drakt og blitt streikesang i videoen under:

– Det kan tenkjast at NHO peikar på at bedriftene slit med høgare straumprisar, renter og dyrtid?

– Slik er situasjonen i heile arbeidslivet, men desse bedriftene er offentleg finansierte. Det er kommunar og staten som betaler desse rekningane. Dyrtida er uansett noko dei lågast løna merkar mest, seier Larsen og legg til:

– Dette handlar om NHO-verksemdene som er opptekne av å halde løningane nede og profitten oppe.

Streik i privat omsorg

Vil ha utjamning

Håkon Sand jobbar som fotograf og er fersk tillitsvald for Fagforbundet i Frelsesarmeen. Han har vore i streik sidan måndag 4. november.

– Vi streikar for å løfte dei med lågast løn, slik at dei kan kome på ei lik line med andre i arbeidslivet. Det er eit veldig fint samhald, og vi streikar for det same målet, seier Sand.

Han understrekar kor viktig det er å halde saman under streiken.

– Det er viktig at vi står saman, blant anna som streikevakter. Eg håpar dette ikkje dreg ut i tid og at det kjem ei løysing. Dette er jobbar vi alle vil tilbake til, seier han.

Fanemarkeringa fredag var arrangert av Fagforbundet Oslo, Fagforbundet sentralt, Fellesorganisasjonen (FO) og Delta.

Haakon er fersk tillitsvald og blei teken rett ut i streik.

Disse verksemdene er ramma av streik:

Antal medlemmer i parentes.

Frelsesarmeens hovudkvarter (18)

Hero Drammen (2)

Hero Kompetanse Bø (2)

Hero Kompetanse Porsgrunn (1)

Hero Kompetanse Sandvika (2)

Human Care AS kontor, Lysaker (3)

Noregs Blindeforbund Evenes (3)

Noregs Blindeforbund Hovedkontor (2)

Noregs Blindeforbund Hurdal (7)

Stendi, Region Øst, avd. Oslo (1)

Stiftelsen sound of happyness kompetansesenter (1)

FO har tatt ut 2 medlemmer, mens Parat og Delta tar ut i alt 14 medlemmer i streik.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy