Trondheimskonferansen 2021:

Her er den radikale fagrørsla sine 11 krav til ei ny regjering

Tormod Ytrehus

Basert på ei liste med faglegpolitiske krav, skal fagrørsla mobilisere til eit nytt fleirtal på Stortinget og ei regjering som fører ein betre politikk for arbeidsfolk.

2021020110203020210201102113

tormod@lomedia.no

TRONDHEIM: For 30. gong arrangerte LO i Trondheim laurdag Trondheimskonferansen. Sjølv om konferansen dei seinare åra har fått eit breiare og breiare tilfang av deltakarar, går konferansen framleis for å vere ein møteplass og verkstad for den mest radikale delen av fagrørsla.

I år er det valår, og dette er også hovudsaka på årets konferanse. Konferansen har løfta fram 11 konkrete krav til dei politiske partia, vedtatt på regionskonferansen til LO Trøndelag som representerer om lag 100.000 medlemmer.

Krava dreier seg blant anna om å forby bemanningsbransjen, sette i gang ei storsatsing på grøn industri, reversere privatisering og å gjenreise eit statleg jernbaneselskap.

{f1}

Til å svare var partileiarane i Ap, SV, Raudt og nestleiar i Sp utfordra.

Les også: – Vi krev at feriepengar til dei arbeidsledige og permitterte må på plass

Kvitterte ut

Dette er første gong ein leiar i Arbeidarpartiet deltar på Trondheimskonferansen, får FriFagbevegelse opplyst. Jonas Gahr Støre kunne også fortelje at reversering av norsk tilslutning til EUs energiunion Acer var den einaste blanke usemja han kunne registrerte på kravlista.

SV-leiar Audun Lysbakken og Raudt-leiar Bjørnar Moxnes fortalde at dei stilte seg fullt og heilt bak alle krav. Sp-nestleiar Ola Borten Moe kvitterte ikkje ut krava, men bora djupt i kravet om å sikre råderett til norske naturressursar for å skape industriarbeidsplassar i heile Norge.

336 deltakarar frå 149 fagforeiningar og distrikt, og 25 av lokalorganisasjonane i LO, deltok på årets konferanse. Han vart også strøymt offentleg på Facebook.

På grunn av koronapandemien vart årets konferanse flytta inn på nett og redusert frå ei heil helg til ein dag. LO-leiar i Trondheim, John-Peder Denstad, fortel at konferansen i utgangspunktet også skulle ta for seg fagleg arbeidarkamp, som å vidareutvikle og oppretthalde tariffavtaler under harde angrep.

– Så måtte vi legge det bort i år og spisse det opp mot at vi skal ha eit stortingsval og at vi er nøydd til å få fjerna Erna. For åtte år med blått fleirtal og høgreregjering, det er nok, seier Denstad til FriFagbevegelse.

Trondheimsmodellen

– Vi tar utgangspunkt i det som er viktig for å kunne mobilisere folk til å jobbe hardt i dei 226 dagane som står att før 13. september for å få det til. Då er vårt utgangspunkt krav arbeidsfolk, fagorganiserte og fagrørsle kjenner seg igjen i, og som kjem nedanfrå, som er behandla, diskutert, debattert og vedtatt demokratisk i våre organ. I dette tilfellet har vi fremma 11 konkrete krav som er breitt forankra i fagrørsla i Trøndelag, gjennom samrøystes vedtak på LOs regionskonferanse.

DIGITALT: John-Peder Denstad har brukt å halde opningsinnlegget framfor ein fullsett sal på Scandic Lerkendal dei seinare åra, men i år måtte han ønske velkommen framfor eit web-kamera.

DIGITALT: John-Peder Denstad har brukt å halde opningsinnlegget framfor ein fullsett sal på Scandic Lerkendal dei seinare åra, men i år måtte han ønske velkommen framfor eit web-kamera.

Tormod Ytrehus

Framgangsmåten er basert på Trondheimsmodellen. LO i Trondheim stiller krav til alle parti før lokalval, som er løfta fram av klubbane og fagforeiningane i byen. Deretter lagar dei eit Trondheimsmanifest basert på svara, som dei bruker til å mobilisere medlemmer og befolkninga til å røyste.

Neste steg er å få skriftlege svar frå partia og skriftleggjera det partia har sagt på Trondheimskonferansen for open skjerm.

– Då blir det enklare for oss å jobbe vidare med å skape den nødvendige aktivismen nedanfrå, skape aktivitet, entusiasme, og kunne mobilisere oss sjølv, medlemmene og folk elles i samfunnet rundt oss i ei kampanje som skal ende ut i eit nytt stortingsfleirtal som kan legge om høgrekursen vi har hatt dei siste åtte åra, seier Denstad.

Fekk du med deg denne? Permitterte får dagpengar til 1. oktober. Men det blir ikkje feriepengar på dagpengar

Åtvarar mot skittkasting

LO-leiaren i Trondheim maner no til å drive valkamp på politiske saker, ikkje usakleg krangling dei raudgrøne partia imellom, for å få veljarane til stemmeurnene.

Særleg framgangen til Senterpartiet har gjort fleire bekymra for styrkeforholdet dei raudgrøne partia imellom i ei ny regjering.

– Eg ser gjennom media at ein karakteriserer kvarandre. Eg synest ein skal vere meir opptatt av politikken enn å drive med skittkasting eller drive med personfokus. Det handlar om å få nye politiske løysingar. Det er det vi er opptatt av, seier Denstad.

– Vi ønsker gjennom krava vi stiller, å sikre at dei blir varetatt også i den politiske plattforma som skal forhandlast mellom partia etter valet, poengterer han.

Denstad har enda ei åtvaring til alle som ønsker ein ny politikk etter stortingsvalet:

– Eg oppfattar at folk har sett på Erna Solberg som ei statskvinne gjennom pandemien, sjølv om regjeringa har fått rettkomen kritikk rundt handteringa av grensekontroll for arbeidsinnvandrarar. Det er klart at Høgres strategar kjem til å bruke det for alt det er verd.

– Så ein skal ikkje vere naiv. Dette vil ikkje komme av seg sjølv, det må jobbast. No har vi lagt eit grunnlag for dei 226 dagane før valet, avsluttar han.

Her kan du sjå dei 11 konkrete krava

Dette er vedtaket frå regionkonferansen til LO Trøndelag, med representantar frå alle forbund og 15 lokalorganisasjonar i LO, som representerer om lag 100.000 medlemmer.

«Fagrørsla og venstresidas politiske makt – ei ny kurs for framtida – stortingsvalet 2021. 11 krav for ein raudgrøn politikk:

1) Forby dagens bemanningsbransje – ja til offentleg arbeidsformidling.

2) Stans NorthConnect-straumkabelen – norsk kraft til norsk industri.

3) Aktiv næringspolitikk i staden for skattekutt, at prinsippet om næringsnøytralitet blir forkasta, prinsippa i ervervslova blir innført att, og omstilling utan arbeidsløyse.

4) Delar av Statens Pensjonsfond utland må, gjennom fondsavsettingar, brukast til målretta investering i industri og infrastruktur, som gir høgteknologisk industriutvikling nasjonalt som bidrar til både lokale og globale klimaløysingar.

5) Nei til norsk deltaking i EUs energiunion Acer. Allereie fatta vedtak om Acer må reverserast.

6) Ta tilbake tapte rettar og styrk arbeidsmiljølova, medrekna kollektiv styring av arbeidstida med sentral fagleg kontroll med lokale arbeidstidsordningar, faste tilsettingar på heiltid, og fagforeiningars kollektive søksmålsrett ved ulovleg innleige og mellombelse tilsettingar.

7) Rekommunalisering og fellesskapsløysingar for å erstatte velferdsprofitørar, konkurranseutsetting, anbod og privatisering. Sjukehusa blir tatt tilbake frå bedriftsøkonomiske føretak til folkevalt forvaltningsstyring.

8) Kutta i ytingar for arbeidsavklaringspengar må reverserast og levealdersjustering for uføre må opphøyre.

9) Bruk av reservasjonsretten mot EØS-direktiv som undergrev arbeidsplassar, offentleg velferd og faglege rettar.

10) Gjenreis eit statleg heilskapleg jernbaneselskap på drift og infrastruktur.

11) Liberaliseringa av drosjenæringa blir reversert.»

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy