Brakar blir lagt ned
Her feirer dei at aksjeselskapet forsvinn: – Det blir sterkare politisk styring
FEIRING: Fleire politikarar og tillisvalde i Buskerud samla seg fredag for å markere at Brakar AS skal oppløysast og at fylkeskommunen tek direkte kontroll over kollektivtransporten. Frå venstre: Mons-Ivar Mjelde (Ap), Tonje Enersen (Ap) og Njål Vigleik Grene-Johnsen.
Øystein Windstad
Kuttinga i kaka markerer slutten på kollektivselskapet Brakar i Buskerud. Både politikarar og fagforeiningar håpar på meir kontroll over busstilbodet og seier at reisande skal sleppe å laste ned ein ny app.
oystein.windstad@fagbladet.no
Verken dei som reiser eller køyrer buss vil merke så mykje til oppløysinga av selskapet, fortel eit samla politisk fleirtal frå Raudt til Frp. Buskerud fylkeskommune eig kollektivselskapet Brakar AS, administrasjonsselskapet som styrer med hovudsakleg skuleskyss og busstilbodet i Buskerud:
– Det blir sterkare politisk styring av kollektivtrafikken i Buskerud. Og når vi tek vekk aksjeselskapsleddet, så vil det bli mykje lettare tilgang på kompetansen som alle sjåførane og sjåførkorpset sit med, seier Ove Andreas Solberg som er leiar for Yrkesseksjon for samferdsel og teknikk i Buskerud.
Fredag var han og fleire fylkespolitikarar i Buskerud samla for å ete kake over vedtaket om å kutte ut Brakar. Solberg og alle politikarar frå SV til Sp på markeringa seier at dei ikkje har tenkt å kutte ut appen som rundt 80 prosent av dei reisande i Buskerud brukar.
JUBEL: Ove Andreas Solberg har bakgrunn som yrkessjåfør og er i dag leiar for Yrkesseksjon for samferdsel og teknikk i Fagforbundet i Buskerud.
Øystein Windstad
• Tillitsvald: – Rørt over Brakar-oppløysing
Trur på lettare styring
Tonje Enersen er leiar av Drammen Arbeidarparti og sit i Hovedutvalget for samferdsel i Buskerud fylkeskommune. Ho seier fylkespolitikarane får hendene meir på rattet når Brakar blir oppløyst:
– Det blir rett og slett ei betre moglegheit til å ha ei løpande oppfølging. At det skal bli lettare for oss politikarar å komme med styringssignal, fordi vi er tettare på der det skjer. Vi må ikkje gjennom eit ekstra ledd, seier fylkespolitikaren.
Njål Vigleik Grene-Johnsen er gruppeleiar for SV på fylkestinget i Buskerud. Han seier dei på sikt ønsker at bussane som i dag er på anbod og køyrt av selskapet Vy skal bli drivne direkte av fylkeskommunen. Han trur slutten på Brakar betyr starten på meir medverking:
– For oss i SV er perspektivet at dette sikrar medverknad frå bussjåførane, og det vil gje både betre rutetilbod, kvalitet og arbeidskvardag.
HENDER PÅ RATTET: Kaka som blei delt mellom tillisvalde og raud-grøne politikarar var kjøpt inn av LO i Buskerud som på sikt ønskar at det skal bli slutt på privat fylkeskommunal busskøyring. Og at bussane skal vere eigd, administrert og køyrd av Buskerud fylkeskommune.
Øystein Windstad
Håpar på mindre byråkrati
Magnus Weggesrud er gruppeleiar for Senterpartiet på fylkestinget i Buskerud. Han trur grepet med å kutte ut Brakar vil gje mindre byråkrati:
– Senterpartiet gjer dette grepet for å få kontrollen tilbake og kan lettare gjennomføre den politiske vilja. Er det ein kommune som spelar inn eit ønske om opprette ei kveldsrute mellom to plassar vil vi lettare kunne gjennomføre det med dette vedtaket. Det er vår ambisjon, seier Weggesrud i Sp.
MDG har to representantar på fylkestinget i Buskerud. Den eine var mot oppløysinga av Brakar, medan Bård Sødal Grasbekk er for:
– Det blir lettare for innbyggarar å melde frå om behov til oss i fylkestinget, som er representantar for innbyggarane. Når denne tenesta var sett ut til eit fylkeskommunalt føretak, er styringa fjernare, seier Grasbekk i MDG.
DELT: MDG var delt om dei ville bevare Brakar. Bård Sødal Grasbekk fortel han landa på at ei oppløysing vil føre til meir politisk kontroll. Til venstre Christine Knutsen i LO Buskerud.
Øystein Windstad
• Fagforbundet kan bli ramma av streik
Medlemmar uroa for jobbane
Eit av argumenta mot at Brakar skulle avviklast er faren for at det kan bli dårlegare økonomistyring når fylket tek over i staden for eit selskap. Grasbekk seier at han har tillit til at fylkespolitikarane vil ha oversikt, kontroll og unngå budsjett-overskridingar.
Ann-Therese Moen er tillitsvald for Fagforbundet i Brakar. Ho fortel at arbeidarane er forsiktige optimistar:
– Vi har tilsette og medlemmer som er både positive og negative. Nokre har vore gjennom liknande prosessar og er veldig positive. Andre har bekymringar. Det er naturleg i ein sånn prosess. Det er jo jobbane våre. Det er spørsmålet om eg har jobb når vi er ferdige med alt? Korleis vil prosessane bli innanfor bedrifta? Vil vi bli verande eitt, eller vil vi bli spreidd utover? Vil vi kunne bli verande der vi er, eller blir vi flytta på? spør tillitsvalde Moen som jobbar i kundesenteret til Brakar.