KORRUPSJONSJEGER: Eva Joly har skrive boka "Det blåøyde riket - norske tillitspatologier" saman med Nina Witoszek. Nyleg var ho i Oslo og på Fagforbundet og NTL sin Svart økonomikonfernse som foredragshaldar.
Øystein Windstad
oystein.windstad@fagbladet.no
Korrupsjonsjeger Eva Joly meiner tillitsvalde må bruke innsynsretten for å sjekke om det stemmer at det ikkje er råd til meir løn.
Ho veit noko om å jage pengar. Saman med ei fransk fagforeining oppdaga ho at milliardar frå McDonalds var på avvege.
– Dette er den nye måten å vere fagorganisert på, seier Joly.
Ho ser med granskande blå auge over kanten på dei mandelforma tjukke brilleglasa og utover 350 lyttande i salen på Folkets hus ved Youngstorget i Oslo.
Kule i posten og livvakter
Joly vaks opp i Oslo og flytta som ungdom til Frankrike. Der blei ho etter kvart dommar og statsadvokat. Ho har opplevd å få ei kule i posten som presidentkandidat. Ho gjorde ein så god jobb som korrupsjonsjeger at ho hadde seks livvakter på det meste.
No håpar ho at fleire fagorganiserte gjer som ho og ser på tal, rekneskap og kor det blir av pengane. Spesielt når sjefen seier kassa er tom og det ikkje er noko igjen til høgare løn.
ADVOKAT: Eva Joly Driv i dag eit advokatkontor i Paris saman med dottera Caroline Joly.
Øystein Windstad
– Følg pengestraumane
Joly seier at kassa ofte er fullare enn det eigarane og leiinga skal ha det til:
– Eg såg at i Norge har ein rett til å bli assistert for å skjøna bedrifta. Det betyr at du kan ha ein revisor til å forklare regnskapa for deg. Det er veldig viktig å bruke desse verktøya og at ein vel ein person som er vant til å sjå på rekneskap for å finne pengestraumane. Spesielt dei som er litt mistenkjelege, seier Joly.
Ho fortel at dei fleste internasjonale selskap og mange nasjonale sender pengar til skatteparadis. Slik kan dei skjule kor god råd selskapet har.
Les i eiga undersak korleis tillitsvalde har rett til å vite «alt» om pengar i eit selskap. Og korleis ein går fram praktisk for å få innsyn.
{u1}
Og kva skjer når regnskapa blir kledd opp i ei drakt med slitasjehol på knea og albogane?
– Det har som konsekvens at resultatet er lett negativt eller rundt null. Det gjer at når du skal forhandle betre tariffavtalar, så kan arbeidsgjevar seie at de ikkje kan. Dei tener jo ikkje noko pengar i Norge. Det er viktig for arbeidarane sine rettar at den verkelege inntekta blir etablert. Ettersom tillitsvalde har tilgang til regnskap, bruk denne moglegheita.
• Nesten ingen selskap blir straffa for økonomisk kriminalitet
Fekk McDonalds til å betale 13 milliardar
Det skjer ofte noko når Joly senkar brilleglasa og granskar med augebryn som peikar lett nedover. For nokre år sidan slo ho seg saman med ei fransk fagforeining som er ein del av PSI, Public Services International.
Dei kom med ein rapport som dokumenterte korleis McDonalds sende pengar til skatteparadis. Joly representerte tilsette i McDonalds-kjeda, og vant saka så det suste. Etter at advokaten såg over dei mandelforma brillene sine saman med fagforeininga, enda det med at McDonalds betalte 13 milliardar kroner til den franske staten.
Ein god del av pengane var regelrette bøter for skattetriksing. Ein annan del var tilbakebetaling av skatt. Hurtigmat-kjeda, på si side, innrømte aldri at dei hadde gjort noko feil.
• Maksimum straff for å sende ansatt i døden? 60 dager i fengsel
– Kven er systemet rigga for?
Det spørsmålet stilte Joly frå scena då ho nyleg heldt foredrag på Svart økonomikonferansen og fortalde om korleis store internasjonale selskap snik seg unna skatt og lønsaukar. Men ho vende også blikket mot Norge.
Ho rista på hovudet fleire gonger under konferansen do fekk høyre om norske selskap som ikkje betalar løn til dei tilsette. Og at dei same problema ho granska i 2005 med kriminalitet i det norske arbeidslivet skjer i dag.
Joly ser også at det er svært mange kroner som får vingar og flyg som trekkfuglane til utlandet:
– Kven er eigentleg systemet rigga for? Det er ein del tydelege hol som ikkje skulle vere så vanskeleg å tette igjen. Som ikkje har blitt tetta igjen. Då må ein stille spørsmålet: Korfor er det slik?
Joly slapp saman med Nina Witozek boka «Det blåøyde riket – norske tillitspatologier» i fjor. Der tek dei blant anna for seg at over 1300 norske eigedommar er eigd i Luxembourg med hemmeleg eigar:
– Eg syns det er rart at ein ikkje treng å registrere skjøter. At staten leiger av lokale skatteparadis-selskap. Dette kunne ein ha kontrollert mykje betre. Og ordna opp i, seier Joly før ho set seg i ein drosje til Gardermoen.
Vegen går vidare til Paris, der ho driv eit advokatkontor saman med dottera Caroline Joly.
Talknusar og fagforeiningsøkonom: – Du har krav på å vite minst like mykje som styreleiar og sjefen
SIVILØKONOM: Bjørn Rudaa er utdanna siviløkonom ved NHH og publiserte nyleg boka "Lokale lønnsforhandlinger" som guidar tillitsvalgte innan bedriftsøkonomi. Og til å vite kva tillisvalde kan få innsyn i.
Yngvil Mortensen
Bjørn Rudaa er siviløkonom og har skrive ei bok om korleis tillitsvalde kan få vite alt om økonomien i ei bedrift og kor pengestrømmene går. Svært mange veit ikkje at tillitsvalde kan få vite så godt som alt om pengane.
oystein.windstad@fagbladet.no
Korleis skal du gå fram og kva kan du kan få innsyn i om du skal gjere som Eva Joly oppfordrar til? Bjørn Rudaa si bok løftar opp panseret og forklarar kor alle dei økonomiske leidningane går og korleis dei er kopla.
• Ti tips: Slik forhandlar du betre løn
Du kan få vite «alt»
Svært mange er ikkje klar over kor mykje tillitsvalde kan få innsyn i:
– Du har krav på å få innsyn i ikkje berre dei offisielle regnskapa som alle kan hente ut frå i Brønnøysund-registerene. Tillitsvalde har også krav på å få innsyn i dei interne regnskapa. Her kan det hende at dei tillitsvalde får teieplikt. Men, er det snakk om økonomiske uregelmessigheiter som i McDonalds-eksempelet har du varslingsrett etter arbeidsmiljølova. Tillitsvalde kan også ha varslingsplikt etter andre lover som kvitvaskingslova om det er mistanke om økonomisk lovbrot, seier Rudaa og legg til:
– Poenget med innsynsretten i bedrifta sine økonomiske forhold er viktig når ein skal ha lov- og avtalebestemte drøftingar med dei tillitsvalde og tilsette. Og dessutan i lokale lønnsforhandlingar.
• Lønsforhandlingar? No kan du sjå sjefen i korta
Står i «Grunnlova»
Kor er det innsynsretten kjem frå? Den står omtalt blant anna i hovudavtalen mellom LO og NHO. Den blir kalla arbeidslivet si grunnlov. Med andre ord er du tillitsvald i ei bedrift som er med i NHO, har du rett til å få innsyn i stort sett alt som handlar om pengar. Er du tillitsvald i eit kommunalt selskap eller føretak, har du den same innsynsretten. Sjekk ut hovudavtalen i Ks og del C.
• Har du lågare løn enn kollegaen? Sjekk løna i 350 yrke her
Du kan sjekke så ofte du ønsker
Spesialrådgjevar Rudaa fortel at tillitsvalde har krav på å få vite stoda oftare enn styret:
– I hovudavtalen mellom NHO og LO står det vidare at tillitsvalde skal ha informasjon om bedrifta sin økonomi minst ein gong i månaden. Eller så ofte ein ber om det. Medan det står i aksjelova at dagleg leiar skal informere styret ein gong kva fjerde månad. Det betyr at Hovedavtalen har strengare krav til informasjon enn aksjelova. Dette skriv eg om i boka som understeker betydning av drøftingsplikten, seier Rudaa. Høgsterett har slått ned på manglande innsyn med tillitsvalde. Det skjedde i Trans Ocean-saka:
– Her landa retten på at selskapet gjorde feil ved å ikkje drøfte ei kontrakt med dei tillitsvalde. Retten slo fast leiinga burde ha drøfta ei planlagt kontrakt med dei tillitsvalde, fordi den ville ha påverka både bedrifta og sysselsettinga. Drøftingsplikta går veldig langt ned i bedrifta sin økonomi, seier Rudaa.
• Sjekk kor mange tusen kroner dyrtida har ete av bankkontoen din her
Slik gjer du det
Og korleis går du som tillitsvald fram konkret? Send epost til leiinga, fortel Rudaa:
– Du føl opp at avtalen om minst månadleg orientering om økonomien blir følgt opp frå leiinga. Eventuelt med purringar til dagleg leiar der du ber om innsyn i rekneskap, interne rekneskap og bedrifta sin økonomiske situasjon, seier Rudaa. Rudaa er utdanna siviløkonom ved NHH og har heldt fleire kurs om bedriftsøkonomi og skrive fleire bøker. Den nyaste kom i haust og heiter «Lokale lønnsforhandlingar. Bedriftsøkonomi som verktøy for lokale tillitsvalde». Boka guidar lesarane til å forstå grunnleggande bedriftsøkonomi og opplyser blant anna om kva innsynsrettar tillitsvalde har. Til dagleg jobbar Rudaa i omstillingsenheten i Fagforbundet. Han har arbeida i LO og Fagforbundet sidan 1995.
Både sjefar og tillitsvalde veit for lite
Rudaa meiner det er både for mange leiarar og tillitsvalde som ikkje er klar over kva tillitsvalde har krav på å vite:
– Det er mange som har for liten kunnskap og forståing om bedriftsøkonomi til å stille dei gode spørsmåla. Slik at dei kan vere kritiske og be om innsyn. Eg syns også det er trist at ein i mange aksjeselskap ikkje greier å få til tilsetterepresentantar i styret, slik aksjelova gir opning for, seier Rudaa. Han fortel at motivasjonen til å skrive boka «Lokale lønnsforhandlingar. Bedriftsøkonomi som verktøy for lokale tillitsvalde» var å gje kunnskap og meir innflytelse til tillitsvalde.
Jobbar du offentleg? Du har full innsynsrett i alt
Når det gjeld offentleg sektor gjev offentleglova alle rett til å krevje innsyn i offentlege dokument som rekneskap. Det er ikkje krav om det som kallast sakleg interesse. Det er nok å sende ein epost med innsynskrav på epost:
– Men, det er verdt å merke seg at det kan bli gjort unntak frå innsyn for tips eller liknande dokument om lovbrot frå private. Det kan bidra til at varslarar i større grad blir sikra anonymitet, forklarar Rudaa i Fagforbundet.
Øystein Windstad
KORRUPSJONSJEGER: Eva Joly har skrive boka "Det blåøyde riket - norske tillitspatologier" saman med Nina Witoszek. Nyleg var ho i Oslo og på Fagforbundet og NTL sin Svart økonomikonfernse som foredragshaldar.
Øystein Windstad