JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Eksempel på menneskehandel i arbeidslivet i Noreg

Nesten ingen selskap blir straffa for økonomisk kriminalitet

GRANSKING: Fagforbundet og leiar Mette Nord meiner det må satsast på forsking: – Me veit altfor lite om kor omfattande denne typen kriminalitet er.

GRANSKING: Fagforbundet og leiar Mette Nord meiner det må satsast på forsking: – Me veit altfor lite om kor omfattande denne typen kriminalitet er.

Leif Martin Kirknes

Fagforbundet og NTL vil ha gransking og nye lover som gjer det lettare å straffe kriminelle føretak: – Dei slepp altfor ofte unna med «Å det visste eg ikkje», seier Fagforbundet-leiar Mette Nord.

2022070410420720220704104207

oystein.windstad@fagbladet.no

Kva skjer når eit selskap eller føretak bryt lova? Altfor lite, meiner Fagforbundet og NTL. Dei har begge medlemmer som driver med kontroll og skatt. I ei oversikt over totale straffereaksjonar frå 2011 til 2019, er det i 0,67 prosent av sakene føretak som har blitt straffa:

– Det er nesten ein usynleg kriminalitet i Noreg. Forsking, statistikk og kapasitet på området er ganske manglande, seier Mette Nord, leiar av Fagforbundet som har over 400.000 medlemmar.

Krev gransking

Dei to LO-forbunda vil ha ei offentleg gransking av føretakskriminalitet. Internasjonal forsking viser at økonomisk kriminalitet kostar samfunnet over fire gongar meir enn tradisjonell kriminalitet. Av dei 200 største økonomiane i verda, er 157 av dei internasjonale konsern og føretak. Mette Nord meiner det aller første som må på plass er kunnskap over kor stort problemet faktisk er:

– Først må det innsyn, fakta og oversikt over tematikken til. Det krev at det blir sett av ressursar til forsking. Det eine er at kriminalitet går ut over enkeltmenneske. Det andre er at det går ut over samfunnet med mindre inntekt til skatt og velferd.

KREV TILTAK: Fagforbundet og NTL meiner blant anna at politiet og offentlege kontrollmyndigheter må få fleire ressursar til å etterforske økonomisk kriminalitet.

KREV TILTAK: Fagforbundet og NTL meiner blant anna at politiet og offentlege kontrollmyndigheter må få fleire ressursar til å etterforske økonomisk kriminalitet.

Terje Pedersen, ANB

Grov menneskehandel

Kva er eigentleg føretakskriminalitet? Fagforbundet-leiar Nord trekkjer fram Lime-saka som eit eksempel. Der blei tolv personar knytt til daglegvarekjeda dømt for økonomisk kriminalitet og menneskehandel. Eigaren av Lime blei dømt for grov menneskehandel. Ifølge dommen henta han arbeidarar frå Pakistan til Noreg. På papiret tente arbeidarane 40.000 i månaden. Eigentleg fekk dei 12.000 kroner og måtte betale 21.000 kroner i skatt og arbeidsgjevaravgift til eigaren. Det enda med at arbeidarane hamna i stor gjeld og jobba 12-14 timar om dagen. Retten meiner au at dei som stod bak Lime-kjeda svindla Nav for millionar. Ved at tilsette blei sjukmelde, men fortsette å jobbe i butikkane.

Vil ha tydelegare personleg ansvar

Fagforbundet og NTL ønsker nye lover, slik at det blir lettare å stille dei som står bak føretakskriminalitet til personleg ansvar. Samtidig meiner forbunda at politiet og offentlege kontrollmyndigheiter må få meir pengar og ressursar til å etterforske økonomisk kriminalitet:

– Det er ressurskrevjande saker. Om tilsyna ser at sakene i stor grad blir lagt vekk, investerer dei ikkje mykje ressursar i å avdekke dette. Det må meir ressursar til slik at politiet og Økokrim kan gå djupt i dette. Det er krevjande saker, seier Nord.

Seminar med Økokrim

Til hausten arrangerer dei to forbunda eit felles seminar om føretakskriminalitet i Oslo. Innleiarar blir blant andre Økokrimsjef Pål Lønseth, Ap-stortingsrepresentant Frode Jacobsen og Trond Finstad, leiar av Yrkesseksjon kontor og administrasjon i Fagforbundet. Fagforbundet og Nord ønsker å sette søkelys på foretakskrimininalitet, fordi dei meiner lovbrytarar slepp altfor lett unna:

– Ofte er det slik at dei som gjer dette går fri og seier «å, det visste eg ikkje». Det er ein klassejustis her. Folk som har fått pengar uretteleg frå Nav blir ganske hardt straffa. Dei som driv med føretakskriminalitet, som har eit langt større omfang, går fri i mykje større grad, seier Nord til Fagbladet.

Fekk du med deg denne?

Dei vil avlaste sjukepleiarane og gje oppgåver til helsefagarbeidarar

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy