JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Vil avlaste sjukepleiarar på sjukehusa: Då kan portørar, reinhaldarar og helsefagarbeidarar få fleire oppgåver

ELIANE: Reinhaldar og Fagforbundet-tillitsvalgte Eliane Jacobssen kan få ein del nye arbeidsoppgåver, om Rødt og Seher Aydar får gjennomslag.  Tanken er å avlaste sjukepleiarane med oppgåver som fagarbeidarar kan gjere.

Werner Juvik

Reinhaldar Elaine vil gjerne at kollegaer kallar ho noko anna enn «ho vaskedama». Raudt og Seher Aydar har fleire forslag for å forandre dei hardt pressa sjukehusa.

2022070110210920220701102109

oystein.windstad@fagbladet.no

Det har kome ei ny bølge med koronasjuke i førre veke. Og sjukehusa er framleis under hardt press – det fortel hjelpepleiarane Sofie Mortensen og Merethe Frøyland etter at dei tek av seg munnbinda inne på Drammen sjukehus. Begge kom nettopp frå eit rom der det ligg koronapasientar med oksygenmaske som slit med å puste. Ei av utfordringane til sjukehusa er mangel på folk. Raudt meiner eit av svara på sjukepleiarmangelen ligg hos portørar, reinhaldarar, helsefagarbeidarar og dei som jobbar med mat.

Leiarlønningane i staten veks mykje raskare enn vanleg folks løn

LYTTERUNDE: Seher Aydar, stortingsrepresentant for Rødt reiser til blant anna Drammen sjukehus. For å høre kva dei tilsette meiner skal til for å bedre sjukehusdrifta. Fagforbundet-medlemmar og helsefagarbeidarar Sofie Mortensen og Merethe Frøyland fortel om ein utmattande arbeidskvardag blant koronasjuke pasientar.

Sjukehusa slit med etterslep

Pandemien er framleis ikkje over. Det er vanskeleg å få tak i nok folk. Og, det er eit etterslep på behandling og oppfølging. Stortingsrepresentant Seher Aydar og Raudt trur det er på tide med ei omstokking av oppgåver:

– Eg vil ha ein vinn-vinn situasjon der heile laget blir teke meir i bruk, seier stortingspolitikaren. På andre sida av møteromsbordet sit portørane Terje Solvoll og Arnt Kolloen. Dei fortel blant anna at sjukepleiarar må bruke tida si på å trille pasientar rundt, fordi det ikkje er portørar på jobb seint måndag til fredag.

– Med fleire portørar på jobb døgnet rundt kunne me ha avlasta sjukepleiarane, seier Kolloen.

Sjekk kva parti som vil at du skal jobbe lenger

VIL HA FLEIRE: Portørar og Fagforbundet-medlemmer Terje Solvoll og Arnt Kolloen fortel at sjukepleiarar kunne ha blitt avlasta. Om det var portørar på jobb på natt måndag til fredag.

VIL HA FLEIRE: Portørar og Fagforbundet-medlemmer Terje Solvoll og Arnt Kolloen fortel at sjukepleiarar kunne ha blitt avlasta. Om det var portørar på jobb på natt måndag til fredag.

Werner Juvik

Kjøkkenet kan hjelpe til

Kokk Gina Bangor fortel at i dag skjer det at sjukepleiarar både serverer middag og ryddar vekk oppvask:

– Blant anna der kunne me ha hjelpt til, seier ho om kollegaene hennar som jobbar på kjøkkenet og med sjukehusmat. Heidi Engum jobbar som sekretær på kirurgisk poliklinikk og er plasstillitsvald for Fagforbundet.

Norsk kommune tek imot: Svetlana reiste frå sprengde vindauge til opne dører

Vil at leiarar skal tenkje nytt

Ho fortel at gradvis har ein del oppgåver gått frå legar til sjukepleiarar:

– Då bør ein del oppgåver gli vidare. Før var det eksempelvis slik at portørar kunne hente oksygenkolbe, henge han opp og skru han på. Det kan dei ikkje no lenger, og sjukepleiarane må gjere det. Eg trur ein del oppgåver kunne ha blitt fordelt betre og meir effektivt enn i dag. Det handlar ofte om at leiarar ikkje har oversikt over kompetansen til dei ulike gruppene, seier og legg til:

– Det er viktig å sjå verdien av tverrfagleg samarbeid kirurgen får ikkje operert om ikkje reinhaldaren har vore på rommet.

OPERASJON: Skal ein kirurg kunne operere, må reinhaldar Eliane Jacobsen eller ein av hennar kollegaer ha jobba på rommet først. Jacobsen er tillitsvalgt for Fagforbundet ved Drammen sjukehus.

OPERASJON: Skal ein kirurg kunne operere, må reinhaldar Eliane Jacobsen eller ein av hennar kollegaer ha jobba på rommet først. Jacobsen er tillitsvalgt for Fagforbundet ved Drammen sjukehus.

Øystein Windstad

Sjukepleiar med bok om helsevesenet under korona: – Alvorleg uroa

– Kollegaer hugsar ikkje namnet mitt

Raudt-politikar Seher Aydar seier det er bra at legane og sjukepleiarane fekk mykje merksemd under pandemien. Samtidig meiner ho at andre grupper som er heilt nødvendig for sjukehusa, blei gløymt. Inne på Drammen sjukehus møter ho reinhaldar Eliane Jacobsen:

– Det er me reinhaldarar som gjer alt for at smitte ikkje skal gå frå rom til rom under pandemien, seier Jacobsen. Samtidig fortel ho at det er noko som er frustrerande:

– Nokon veit kva eg heiter. Andre spør «kor er ho vaskedama», seier plasstillitsvalde Eliane oppgitt.

– Akkurat dette vil me gjere noko med. Me ønsker at fleire folk skal bli sett og føle seg verdsett. Og at forholda på sjukehusa skal bli betre ved å fordele ein del av oppgåvene, seier Aydar frå Raudt.

Møte: Prtørar Terje Solvoll og Arnt Kolloen saman med kokk Gina Bangor fortel til Rødt-politikar Seher Aydar kva dei tenkjer kan gjerast annaleis og bedre på sjukehusa.

Møte: Prtørar Terje Solvoll og Arnt Kolloen saman med kokk Gina Bangor fortel til Rødt-politikar Seher Aydar kva dei tenkjer kan gjerast annaleis og bedre på sjukehusa.

Øystein Windstad

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy