JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Innføringa av regjeringas nye diettskatt gjer at meir av løna går med i skatt

SKATT: Finansminister Siv Jensen innfører ny diettskatt.

SKATT: Finansminister Siv Jensen innfører ny diettskatt.

Jan-Erik Østlie

Så mykje må du betale i skatt på jobbreiser.

2018091210420020230821171436

tormod@lomedia.no

Auken i skatten på kostgodtgjering vart innført allereie 1. januar 2018. Men statens særavtale for kostgodtgjering på reise trådde ikkje i kraft før 22. juni, etter store forseinkingar og tvist i forhandlingane.

Denne særavtala har satsar for kva du skal ha igjen om du reiser i jobben og har udokumenterte utgifter for mat og drikke.

Satsane gjeld for tilsette i staten. Men også mange private bedrifter bruker desse satsane for å betale ut kostgodtgjering.

Siv Jensens nye diettskatt vil ramme 500 000 nordmenn

Dette er statens satsar

Om du reiser innanlands, over 15 kilometer og reisa varer meir enn 6 timar, får du dekt mat og drikke etter desse satsane:

reiser over 12 timar med overnatting: 754 kroner (auke på 21 kroner frå i fjor)

reiser fra og med 6 timar til og med 12 timar: 297 kroner (auke på 8 kroner frå i fjor)

reiser over 12 timar utan overnatting: 552 kroner (auke på 15 kroner frå i fjor)

• Reiser som varer ut over heile døgn blir dekt etter ein av dei to satsane over

(Om ein får påspandert måltid, må ein trekke frå: 20 prosent for frukost, 30 prosent for lønsj eller 50 prosent for middag.)

Tidlegare fekk ein kostgodgjering det nye døgnet om reisa varte over eitt døgn. Nytt av i år er at ein får kostgodtgjering på 297 kroner eller 552 kroner, avhengig av kor lenge reisa varer ut over det eine døgnet.

2017: Nå øker Siv skatten på jobbkjøring – igjen

Illustrasjonsfoto.

Om ein får påspandert måltid, må ein trekke frå: 20 prosent for frukost, 30 prosent for lønsj eller 50 prosent for middag.

Illustrasjonsfoto. Om ein får påspandert måltid, må ein trekke frå: 20 prosent for frukost, 30 prosent for lønsj eller 50 prosent for middag.

Colourbox.com

Dette er dei skattefrie satsane

For reiser utan overnatting har Skatteetaten bestemt at statens satsar i år skal vere trekkfrie. Dette gjeld også dei nye satsane til staten som vart innført 22. juni.

Det betyr at du slepp å skatte av desse pengane, med mindre du får meir enn statens satsar.

Skattedirektoratet har derimot eigne skattefrie satsar for reise med overnatting, som trådde i kraft 1. januar:

om du bur på pensjonat eller hybel/brakke utan kokemoglegheiter: 159 kroner (156 kroner mindre enn i fjor)

om du bur på hybel/brakke med kokemoglegheiter eller overnattar privat: 88 kroner (117 kroner mindre enn i fjor)

om du bur på hotell: 569 kroner (164 kroner mindre enn i fjor)

om du bur på hotell med frukost: 455 kroner (131 kroner mindre enn i fjor)

(Om ein får påspandert måltid eller måltid er inkludert i prisen, må ein trekke dette frå dei skattefrie satsane: 20 prosent for frukost, 30 prosent for lønsj eller 50 prosent for middag.)

Arbeidsfolk taper 280 millionar kroner på kutt i køyregodtgjeringa

Endringar frå i fjor

Dei skattefrie satsane for reise med overnatting er avhengig av kor du bur. Nytt av i år, er at pendlarar som bur på hybel/brakke eller privat må skatte av heile beløpet.

Det er også nytt at langtransportsjåførar får ein eigen sats på 300 kroner. Bråket rundt diettskatten vart så stort at Stortinget bukka under for presset frå sjåførane.

Endringa som har vore mest omdiskutert, er reduksjonen på 150 kroner (etter den vanlege prisjusteringa) i dei skattefrie satsane for reiser med overnatting. Dette skjedde som følge av eit budsjettforlik mellom regjeringspartia (Høgre og Frp), Venstre og KrF.

Nytt er også at pendlarar må betale skatt av heile beløpet, om dei bur på hybel/brakke eller privat og kan lage maten sin der. Dette rammar mange brakkearbeidarar og har fått blant anna Fellesforbundet til å rase.

Bjørnar og Aleksander tapar 29.000 kroner årleg på regjeringas nye diettskatt

Dette må du skatte av

Om vi tar statens sats for kostgodgjering på reise med overnatting og trekk frå den skattefrie satsen, blir dette beløpa du må skatte av:

om du bur på pensjonat eller hybel/brakke utan kokemoglegheiter: 596 kroner (178 kroner meir enn i fjor)

om du bur på hybel/brakke med kokemoglegheiter eller overnattar privat: 666 kroner (138 kroner meir enn i fjor)

om du bur på hotell: 185 kroner (185 kroner meir enn i fjor)

om du bur på hotell med frukost: 299 kroner (152 kroner meir enn i fjor)

... og dette må du ut med i skatt

Med det vanlegaste tabelltrekket på 31 prosent, må ein ut med dette i skatt:

om du bur på pensjonat eller hybel/brakke utan kokemoglegheiter: 185 kroner (55 kroner meir enn i fjor)

om du bur på hybel/brakke med kokemoglegheiter eller overnattar privat: 206 kroner (43 kroner meir enn i fjor)

om du bur på hotell: 57 kroner (57 kroner meir enn i fjor)

om du bur på hotell med frukost: 93 kroner (47 kroner meir enn i fjor)

Om du skal reise utanlands

For reise utanlands har staten ulike satsar for kostgodtgjering for ulike land. Dei varierer frå 280 kroner i Egypt til 1320 kroner i Angola. Du finn alle satsane her.

Dei skattefrie satsane er dei same som reise innanlands, om du bur på pensjonat, hybel/brakke eller overnattar privat. For hotell er statens satsar, som er ulike frå land til land, skattefrie.

Om du får dekt måltid på reisa utanlands, må du likevel trekke frå dette i dei skattefrie satsane: 10 prosent for frukost, 40 prosent for lønsj og 50 prosent for middag.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy