Rådmenn langar ut mot kutt i eigedomsskatten
Kommunane taper meir enn 1,2 milliardar - industrikommunane taper mest
– Skular vil bli lagt ned og det vil bli færre eldre som får plass på sjukeheim. Det er konsekvensane av regjeringa sine planer om å kutte i kommunane sin eigedomskatt, seier leiar av rådmannsgruppa i Fagforbundet. Sjå kor mykje kommunen din taper.

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Både Høgre og FrP er kritiske til eigedomskatt som dei meiner rammar næringslivet. I statsbudsjettet foreslår regjeringa at kommunane skal kreve inn 800 millionar mindre i året i eigedomskatt frå næringslivet. Leiar av Fagforeningen for rådmenn i Fagforbundet er sterkt kritisk til forslaget:
– Det seier seg sjølv at bortfall av 800 millionar kroner til norske kommunar vil få dramatiske konsekvensar. For dei kommunane dette gjeld vil det bety kutt i årsverk knytt til skular, barnehagar og eldreomsorg. Innbyggarane i fleire av desse kommunane må rekne med nedlegging av skular, barnehagar og sjukeheimsplassar, seier Arve Varden som til dagleg jobbar som rådmann i Høyanger kommune.
SJÅ ALLE KOMMUNANE SOM BLIR RAMMA HER
Vil kutte maskinskatten
Om regjeringa får fleirtal for forslaget vil eksempelvis Varden få rundt ti millionar mindre han kan bruke på velferd i Høyanger kommune. Regjeringa ønskar å gradvis trappe opp kutta i eigedomsskatt og ha ei overgangsperiode på fem år. I dag kan kommunane kreve inn eigedomskatt på tomter, bygg og maskiner eigd av næringslivet. No vil regjeringa forandre lova slik at kommunane ikkje kan skatte utstyret, den såkalla maskinskatten:
– Eigedomskatten er den einaste skatten som er reint kommunal. Det betyr at det vert 800 millionar kroner mindre i driftsbudsjetta til norske kommunar. Kvar eigedomsskattekrone går inn i den kommunale drifta. Rådmannsforeninga meiner det er uakseptabelt at ei så stor endring skal skje utan at ein har vurdert alle konsekvensar på førehand, seier Varden.
Her er sju myter om formueskatten
Vil granske konsekvensane
Spesielt industrikommunar vil få mindre å rutte med om maskinskatten blir kutta. Spørsmålet har vore ute på høring i 2015 og då uttalte blant andre Fagforbundet i smelteverkskommunen Sunndal seg kritisk fordi dei meinar konsekvensane av kuttet ikkje er utreda godt nok. Det same skreiv også LO i sitt svar. Varden og rådmennene i Fagforbundet meiner det bør settast ned eit lovutval:
– Fordi ein då har mogelegheit til å få belyst alle konsekvensar som følgjer av framlegget. Slik det er no har regjeringa ikkje på nokon måte fortalt korleis kommunane skal dekke inn dei tapte inntektene, seier Varden.
– Provoserande av regjeringa
Regjeringa vil gje kommunane 4,6 milliardar meir neste år, og i tillegg 3,8 milliardar meir i frie inntekter. Samtidig får kommunane 1,2 milliardar mindre i eit effektiviseringskrav. Dei minste kommunane vil få 330 millionar mindre i Distrikt- og regionoverføringar. Det planlagde kuttet i eigedomsskatt kan bli på opp mot ein milliard kroner om fem år. Rådmann Varden er kritisk til det samla reknestykket:
– For mange er det provoserande at regjeringa seier at kommuneøkonomien vert styrka samstundes som dei tek 1 milliard kroner frå kommunane sin eigen skatt, utan å nemne dette med eitt ord, seier Varden som representerar rundt 80 rådmenn som er organisert i Fagforbundet. Han viser også til at for hans kommune Høyanger vil få rundt 1,4 prosent meir neste år. Samtidig er det venta at dei som jobbar i kommunen vil få ei lønsauke på mellom to og tre prosent. Det gjer at det er venta at Høyanger må kutte ti millionar kroner til neste år.
Desse ti kommunane vil tape mest
Lindås 153 548 369
Tysvær 91 732 777
Øygarden 44 646 159
Aure 35 748 378
Karmøy 34 559 000
Bamble 32 253 140
Bergen 25 019 305
Sunndal 24 850 000
Porsgrunn 24 157 007
Fræna 23 469 602