JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Det er forskjell på folk

Lågtlønte har berre hatt 3 prosent lønsauke dei siste ti åra. Medan dei med høgast løn hadde lønsvekst på 25 prosent.

Dei med høgast løn har hatt ti gongar høgare lønsvekst enn dei lågast lønte.

Erlend Angelo, Magasinet for fagorganiserte (arkivfoto)

LO er djupt bekymra.

2018020209310020230821171436

tormod@lomedia.no

Denne veka publiserte FriFagbevegelse og fagbladet.no ei oversikt som viser kor mykje toppleiarane i landets største selskap tener.

LO-nestleiar Peggy Hessen Følsvik seier i ein kommentar om lønsutviklinga i Norge at «de økte lønnsforskjellene de siste årene peker mot et arbeidsliv vi ikke vil ha her i landet».

Statistikk frå Statistisk sentralbyrå viser at:

• Dei ti prosentane med lågast løn har hatt ein reell lønsvekst på berre 3 prosent frå 2006 til 2016.

• Dei ti prosentane med høgast løn har hatt ti gongar så stor lønsvekst som dei lågtlønte dei siste ti åra.

• Ulikheita i fordelinga av lønssummen har auka med 13 prosent i same periode.

(Artikkelen held fram under diagrammet.)

Forskjell på folk

FriFagbevegelse har undersøkt leiarløningane til toppsjefane i dei hundre største selskapa i Noreg: I snitt har dei ei årsløn på 6,7 millionar og brukar 21 dagar på å tene inn ei gjennomsnittleg norsk årsløn.

Men det er altså ikkje berre sjefane i dei største selskapa som kjem godt ut av det: Dei ti prosentane som hadde høgast løn i 2016 brukar 69 dagar på å tene inn ei gjennomsnittleg løn for dei ti prosentane som tente minst i fjor.

Norske toppsjefar tener ei vanleg norsk årsløn på under ein månad

Aukande forskjellar

Auken i skilnad i fordeling av lønssummen til heiltidstilsette har vore på nesten 13 prosent dei ti siste åra.

Det viser Gini-koeffisienten, som er eit mål på ulikskap. Den har auka frå 0,186 i 2006 til 0,210 i 2016, ifølge Teknisk beregningsutvalg.

(Om verdien er 0 betyr det at inntektene er heilt likt fordelt, medan ein koeffisient på 1 betyr at ein person får heile kaka.)

Her er helt ferske tall: Dette er lønna i over 300 yrker

LO: – Djupt bekymra

LO-nestleiar Peggy Hessen Følsvik er djupt bekymra for dei aukande forskjellane mellom topp og botn i det norske samfunnet.

Særleg skattelettane til dei rikaste har bidratt til at toppen drar frå i lønsutviklinga, meiner ho. Når det gjeld lønsbotnen meiner ho at blant anna «mer midlertidigeit, økt innleie og flere uorganiserte» har skulda.

«Derfor burde fokuset til regjeringen være å intensivere kampen mot sosial dumping, og styrke det organiserte arbeidslivet, gjennom faktiske tiltak og ikke bare ord,» slår LO-nestleiar LO-nestleiaren fast i ein e-post til FriFagbevegelse.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Peggy Hessen Følsvik, nestleiar i LO.

Peggy Hessen Følsvik, nestleiar i LO.

Martin Guttormsen Slørdal (arkivfoto)

Sjølv om dette skjer utanfor det organiserte arbeidslivet, meiner ho utviklinga er i ferd med å smitte over til også den organiserte delen av arbeidslivet.

«Organisasjonsgraden faller, og den faller særlig raskt i bransjer som opplever sterk lavlønnskonkurranse og sosial dumping. Tariffavtalene blir i disse bransjene stadig mindre retningsgivende for lønns- og arbeidsvilkårene. Det er en skummel utvikling,» slår Følsvik fast.

– Vanlige arbeidsfolk blir oppfordret til moderasjon, mens lønna til toppene vokser inn i himmelen

Wiborg: – LO må gå i seg sjølv

Erlend Wiborg (Frp) er ueinig i framstillinga til Følsvik. Han meiner skattelette utgjer ein liten del av veksten for lønstoppen.

– Eg er einig i at vi kjempar mot desse strukturane. Det gjer vi ved å løfte dei lågaste løningane. Partane styrer dette i stor grad sjølv, gjennom fri lønsdanning.

Wiborg er einig i at ein skal kjempe mot sosial dumping og arbeidslivskriminalisering. Men han meiner LO må gå i seg sjølv for å finne årsaka til fallande organisasjonsgrad.

– For dei fleste er det nok bra å vere organisert. Men dette må den enkelte vurdere ut frå sine behov og ønsker. Organisasjonane må sjølv gjere det attraktivt å organisere seg – hovudansvaret ligg hos organisasjonane sjølv, seier han og held fram:

– Eg får mange tilbakemeldingar om at mange misliker dei sterke koplingane til Arbeidarpartiet, både økonomisk og politisk. Eg trur mange ønsker å vere fagorganisert, men ikkje knytt til eit spesifikt politisk parti, seier Wiborg, som peikar på at fallet har vore spesielt stort i LO-tilknytt forbund.

Lønsauken på topp og botn

• I 2016 hadde dei 10 prosentane med lågast årsløn ei gjennomsnittleg realløn på over 264.000 kroner og 5,3 prosent av den samla lønssummen, ifølge Teknisk beregningsutvalg (vår omrekning til realløn).

• Til samanlikning hadde dei 10 prosentane med høgast årsløn ei snittløn på over 1 million kroner og fekk 20,1 prosent av kaka.

• I 2006 hadde dei 10 prosentane på botnen ei gjennomsnittleg realløn på nær 257.000 kroner og 5,9 prosent av den samla løna, ifølge beregningsutvalet. Dei 10 prosentane på toppen hadde ei snittløn på over 834.000 kroner og fekk 19,2 prosent av kaka.

• Den eine prosenten på toppen har hatt ein reell lønsvekst frå over 1.460.000 kroner i 2006 til over 1.862.000 kroner i 2016 og den største lønsveksten av alle.

• Omtrent fire prosent fleire av kvinnene er blant dei ti prosentane med lågast løn. 13 prosent av mennene er blant dei ti prosentane med høgast løn, medan berre fire prosent av kvinnene er i dette eksklusive selskapet.

Dei lågtlønte har dermed hatt ein lønsauke på 3 prosent, medan dei høgtlønte har hatt ein ti gongar så stor lønsauke på 25 prosent. Den eine prosenten på lønstoppen har hatt ein auke på heile 27,5 prosent, som er elleve gongar meir enn dei ti prosentane på botn.

Verst i privat sektor

For dei ti prosent lågast løna i privat sektor har det vore tilnærma ingen lønsvekst frå 2008 til 2015, ifølge ein rapport frå Senter for lønnsdannelse som vart skriven på oppdrag frå LO.

Denne gruppa hadde ein reallønsvekst på 0,5 prosent frå 2008 til 2015.

Rapporten viser til at forskjellane aukar i Norge: Frå 1997 har mindre delar av lønssummen hamna hos dei ti prosenta på botnen, samtidig som meir av løna hamnar hos dei ti prosenta på toppen.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy