JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Khalid jobbar for menneskerettar i Midtausten

Meiner fotball-boikott er ein dårleg ide

LANDSMØTE: Khalid Ibrahim var gjest på Fagforbundet sitt landsmøte i oktober. Ibrahim var med å grunnlegge menneskerettssenteret som er aktive i land som Saudi-Arabia, Qatar, Libanon eller Emiratane.

LANDSMØTE: Khalid Ibrahim var gjest på Fagforbundet sitt landsmøte i oktober. Ibrahim var med å grunnlegge menneskerettssenteret som er aktive i land som Saudi-Arabia, Qatar, Libanon eller Emiratane.

Privat

– Reis til Qatar med banner for menneskerettar. Det seier Fagforbundet-støtta menneskerettsforkjempar som jobbar for demokrati i Midtausten.

2022112909571820221129102946

oystein.windstad@fagbladet.no

Fleire av kollegaene og venane hans sit fengsla for å ha teke til orde for demokrati og menneskerettar på Twitter. Khalid Ibrahim, som nyleg var i Oslo, meiner det er bra om nordmenn reiser til Qatar:

– Qatar har fått retten til å arrangere VM. Då har vi rett til å dra til landet for å sjå fotball og forsvare menneskerettane. Ta med banner og dra på stadion. Banner der det står «Slepp samvittighetsfangene fri» og «Respekter menneskerettane» og «La arbeidarane organisere seg», seier Ibrahim, og viser til at fleire fredelege demonstrantar i Qatar blei dømt til livstid i fengsel i fjor. Han meiner dette vil få verda til å legge press på Qatar og gje betre resultat enn boikott.

• Sjefen bestemmer: Sørg for å ta ut avspaseringa di

Støtta av norsk fagrørsle

Ibrahim har doktorgrad i fysikk frå Irland, men jobbar til dagleg som direktør for Gulf Center for Human Rights (GCHR) med base i Libanon. Han og organisasjonen arbeider i dei fleste landa i Midtausten. Dei jobbar for at folk som er fengsla i kampen for menneskerettar, ytringsfridom og demokrati, skal sleppe fri. Eller sleppe dødsstraff. Organisasjonen har avdekt grove menneskerettsbrot mot migrantarbeidarar i Qatar i fleire rapportar:

– Reis til Qatar og forsvar menneskerettane frå innsida i landet, seier han oppfordrande. Ibrahim var i Oslo og gjest på Fagforbundet sitt landsmøte i oktober. Ibrahim og kollegaene i Gulf Center for Human Rights får støtte frå Menneskerettighetsfondet, som igjen er støtta av Fagforbundet og LO.

PROTESTAR: Khalid Ibrahim jobbar som direktør i Gulf Center for Human Rights. Dei jobbar med å frigjere fengsla menneskerettsforkjemparar og får hjelp av blant andre LO og Fagforbundet.

PROTESTAR: Khalid Ibrahim jobbar som direktør i Gulf Center for Human Rights. Dei jobbar med å frigjere fengsla menneskerettsforkjemparar og får hjelp av blant andre LO og Fagforbundet.

Øystein Windstad

•Medlemseksplosjon i Fagforbundet

Inspirert av Norge

Ibrahim og organisasjonen han var med å grunnlegge jobbar i tillegg med å få stoppa lover som vil kneble ytringsfridom. Han fortel at den norske modellen, trepartssamarbeidet og rolla fagrørsla har i Norge inspirerer han:

– Eg møtte så mange vennlege medlemmer i Fagforbundet på landskonferansen. Dei snakkar om solidaritet, vennskap og støtte til menneskerettar. Internasjonalt arbeid er ein av dei viktigaste måtane å få fredeleg forandring i landa våre, seier direktøren for menneskerettssenteret.

• Ny lov: Heiltid er norma

Vanskeleg å organisere seg

Lovene i Qatar seier at det er lov å organisere fagforeiningar på papiret. Men, blant andre LO er kritiske til at lovene ikkje blir følgt i praksis:

– I Norge er det eit solid demokrati, menneskerettar og arbeidarane har noko dei skulle sagt. Men når du ser på arbeidarane i Qatar, har dei ikkje lov å opprette fagforeiningar. Kven skal forsvare og stå opp for desse arbeidarane? Dei har ingen representantar eller tillitvalte, seier Ibrahim, som er kritisk til at mange av dei undertrykkjande regima i Midtausten er støtta av USA og Storbritannia.

FYSIKAR: Khalid Ibrahim har doktorgrad i fysikk, men har via livet sitt til forsvaret av menneskerettane. Han kjem frå Irak og senteret han jobbar i har base i Libanon.

FYSIKAR: Khalid Ibrahim har doktorgrad i fysikk, men har via livet sitt til forsvaret av menneskerettane. Han kjem frå Irak og senteret han jobbar i har base i Libanon.

Privat

Legg internasjonalt press

Gulf Center for Human Rights hjelper alt frå tillitsvalde, lærarar, bloggarar og advokatar som har fått undertrykkjande regime etter seg. Organisasjonen hjelper menneskerettsforkjemparar til støtte i rettssaker. Dei jobbar også internasjonalt via blant anna via FN-systemet. For å legge press på undertrykkjande regime:

– Vi greidde blant anna å få gjort om ein dødsdom i Saudi-Arabia. Ei kvinne var dømt til dødsstraff for å ha ytra seg. Etter mykje jobbing og press blei dommen gjort om til livstid i fengsel, seier menneskerettsforkjemparen.

• Er du sett opp på gullvaktene i jula? Sjekk kor mykje du får

Meiner Norge kan gjere mykje

Ibrahim viser til at Norge sit i FN sitt Sikkherhetsråd og kan ha stor påverknad:

– Om Norge kan ta førarsetet når det kjem til menneskerettar i FN, kan det føre til resolusjonar som fordømmer angrep på menneskerettsorganisasjonar og menneskerettsforkjemparar. Det vil hjelpe fordi ofte har vi ikkje moglegheit å gjere så mykje lokalt. Derfor treng me land som Norge, Irland eller Sveits for å legge press internasjonalt. Alt dette vil hjelpe.

• LO vil ha kriseutval for å stoppe eksplosjon av prisar, løn og rente

Optimist

– Du jobbar i ein region med knallharde diktatur. Har du håp om det vil bli meir menneskerettar og fridom?

– Historia viser at fridom vil vinne til slutt. Folk som forsvarar fridom og menneskerettar vil vinne. Eg er optimist som person. Du har undertrykkjande regjeringar som promoterer urettferdige samfunn. Dei trur ikkje på rettvise samfunn. Men, folk trur på dei verdiane vi står for. For menneskeverd. Det vil ta tid, kanskje lang tid. Men, eg trur vi vil vinne.

{f1}

Takkar Norge

– Eg veit ikkje om dei undertrykkjande regjeringane vil forsvinne i mi levetid. Korleis greier du å vere positiv?

Dynamikken til folk og samfunn er slik at dei vil forsvare menneskerettar. Dette er det 21. hundreår og vi lever i ein global landsby. Informasjon reiser mykje raskare enn før. Forandringa kan kome raskare enn vi trur, seier Ibrahim og legg til:

Eg vil takke det norske folket for deira solidaritet og støtte til menneskerettar i Midtausten. Eg har treft mange i Norge og er takksam for deira støtte. Eg ber om folk i Norge om å fortsette å støtte menneskerettar i Midtausten, seier Ibrahim, direktør i Gulf Center for Human Rights.

Fakta om Khalid Ibrahim og Gulf Center for Human Rights (GCHR)

• GCHR overvakar og rapporterer menneskerettsbrot.

• Dei beskyttar og kursar menneskerettsforkjemparar og samarbeider med FN-spesialrapportørar.

• GCHR har blant anna laga ein rapport i samarbeid med Berkeley Law School i USA om digital overvaking og forfølging av menneskerettsforkjemparar.

• Prosjekta til Ibrahim og GCHR er støtta av Menneskerettighetsfondet.

• Menneskerettighetsfondet er støtta av blant andre LO og Amnesty som sit i styret.

• Fagforbundet og LO støttar Menneskerettsfondet si satsing på å hjelpe mennsekerettsforskjemparar som jobbar på grasrotnivå i Midtausten.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy