JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Ap ut mot NHO, Frp, Venstre og Høgre

Meiner høgresida planlegg å kutte sjukeløna: – Eit vulgært angrep på arbeidsfolk

KRITISK: Arbeidspolitisk talsperson i Ap, Bjørnar Skjæran er kritisk til at NHO stiller ultimatum ved sjukeløna. Han trur at presset frå NHO samt planene til Frp og Venstre vil opne for at også Høgre vil kutte i sjukeløna.

Jan-Erik Østlie, Leif Martin Kirknes

Gardbrukar og Ap-politikar Bjørnar Skjæran er sikker: – Høgresida planlegg no korleis dei skal kutte sjukeløna. Eit vulgært angrep på arbeidsfolk på golvet som held landet i gang.

2024121611165720241217114139

oystein.windstad@fagbladet.no

Bjørnar Skjæran har jobba som blant anna brøytebilsjåfør og gardbrukar før han blei vald som ordførar og stortingspolitikar for Ap. Han ropar varsku om fare for eit nytt stort klasseskilje og at arbeidsfolk vil få det tøffare. Han meiner sjukeløna aldri har vore så trua som i dag.

– Ny regjering = sjukelønskutt

Skjæran ser kutta kome om meiningsmålingane held seg:

– Det er veldig tydeleg for meg at dei vil kutte: Venstre har eit råkøyr. Dei vil kutte sjukeløna etter eit halvt år. Frp har i sitt program at dei vil kutte i korttidsfråværet med karensdag. Medan Høgre fortset å mumle i munnvika. På toppen av dette ser vi eit NHO som stiller ultimatum om sjukeløna under forhandlingar om IA-avtale, seier han og fortset:

– Eg er heilt sikker og eg trur mange ser det allereie: Får vi eit regjeringsskifte og høgresida kjem til makta, vil det bli kutt i sjukeløna på ein eller fleire måtar, seier den tidlegare fiskeri- og havbruksministeren.

Sjekk kor mykje kutt i sjukeløna vil koste deg her

BONDE: Bjørnar Skjæran har bakgrunn som gardbrukar og dreiv med produskjon av både kjøt og mjølk. No jobbar han med politikk på heiltid, samtidig som han om somrane han har slåtta på heimgarden og sel rundballar. Garden ligg på Lurøy i Nordland.

Privat

Risikerer å tape over 100.000 kr. om du blir sjukmeldt i eitt år

Har du ei norsk snittløn og det blir kutt kan det koste deg 122.000 kr å vere sjuk i eit år – om det blir ein svensk sjukelønsmodell, slik som NHO opnar for. Dei som jobbar offentleg, har tariffavtalar som garanterer sjukeløn. Dei fleste i det private har ikkje ein slik avtale. Ei gruppe som blir ramma av sjukelønskutt er eksempelvis frisørar.

Sjekk om ditt yrke er beskytta mot sjukelønskutt her

DYRARE: Det kan bli dyrare å bli sjuk om det kjem eit nytt politisk fleirtal til nester års stortingsval.

Colourbox

Rammar spesielt lågtlønte i det private

Frisørane har ei låg snittløn. Dei er utsette for slitasjeskadar. Vidare jobbar mange frisørar på akkord der dei får betaling etter kor mange dei klipper. Blir dei vekke frå jobben, mistar dei inntekt både grunna akkord og trekk i sjukeløna. Det vil føre til at fleire ikkje har råd til å bu lenger, seier tillitsvald.

– Eit vulgært angrep på arbeidsfolk

Skjæran langar ut mot kutt-planane:

– Det vulgære med dette er at dei vil sende rekninga til arbeidsfolk på golvet om dei blir sjuke. Dei som har dei tyngste jobbane, skal få mindre løn om dei blir sjuke. Det klasseskiljet høyrer ikkje heime i den norske velferdsstaten i heile tatt. Det er eit direkte angrep på arbeidsfolk på golvet. Eit angrep på dei som faktisk held Norge i gang.  

Sjå kva parti som garanterer sjukeløn eller som vil kutte her

-TRUA: -Sjukeløna har aldri vore så sterkt trua som i dag, viss vi får eit regjeringsskifte etter valet, seier Ap-politikar og bonde Bjørnar Skjæran.

– Ap garanterer

Oslo Høgre er for kutt i sjukeløna. Resten av partiet har ikkje sagt klart og tydeleg kva dei meiner. Skjæran utfordrar Høgre direkte:

– Kom på banen og sei om de vil garantere sjukeløna eller ikkje. Ein ting er sikkert. Arbeidarpartiet garanterer for sjukeløna. For dei som jobbar på golvet i Norge og ikkje berre kan ta heimekontor når dei ikkje er på topp, seier Skjæran. Han viser til fleire meiningsmålingar der Høgre og Frp har reint fleirtal:

– Eg trur mange kan oppleve ein skikkeleg blåmåndag om det går mot regjeringsskifte, seier Skjæran som er arbeidspolitisk talsperson for Ap og sit i Arbeids- og sosialkomiteen.

PS: Som fulltidsbonde hadde ikkje Skjæran sjukeløn etter same modell som lønsmottakarar – bønder får vanlegvis sjukeløn først etter 16 sjukedagar. Men det har han no, som stortingsrepresentant.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy