JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Menneskerettsekspert: – Kan ikkje nekte prideflagg på kontoret

FLAGGNEKT: Det var fleirtalet i formannskapet i Lyngdal kommune som vedtok at det ikkje er ok med prideflagg på kontora for dei som er tilsette. I følgje ein av dei fremste ekspertane på ytringsfridom og menneskerettar kan det hende kommunen må gjere om vedtaket.

Eirik Dahl Viggen

Jobbar du i det offentlege, kan ingen nekte deg å ha eit prideflagg på kontoret. Det seier Vidar Strømme ved Norges institusjon for menneskerettigheter.

2024091309374820240917133058

oystein.windstad@fagbladet.no

Nyleg fekk ein som jobbar i Lyngdal kommune beskjed om at han ikkje får ha eit regnbogeflagg på kontoret. Ordføraren meiner dei offentleg tilsette skal ha nøytrale kontor utan politiske eller religiøse ytringar. Saken er tidlegare omtalt mellom anna i NRK.

Kommune nektar prideflagg på kontoret

KRITISK: Vidar Strømme er fagdirektør ved NIM og er kritisk til vedtaket i Lyngdal kommune. Han meiner det er heilt innafor at offentleg tilsette kan ha eit regnbogeflagg på kontora sine.

Charlotte Skomsøy/NIM.

Meiner regnbogeflagg er innafor

Vidar Strømme er fagdirektør ved Norges institusjon for menneskerettigheter (NIM). Og ein av dei fremste ekspertane på ytringsfridom og menneskerettar i landet:

– Bruk av regnbogeflagg er ei form for ytring. Skal ein avgrense ytringar, må ein ha heimel i lov. Og avgrensinga må vere forholdsmessig. Slik er det også om ein eksempelvis skal forby religiøse hovudplagg for offentleg tilsette. Eg kan ikkje sjå at dei har noko lovleg heimel her. Og det er vanskeleg å forstå at det er forholdsmessig å forby eit flagg på kontoret, seier Strømme som sjølv kjem frå Lyngdal.

Strømme har jobba i mange år med spørsmål om kva offentleg tilsette kan ytre. NIM er eit uavhengig offentleg organ som er oppnemnt av Stortinget. Dei jobbar med å sørgje for at menneskerettane blir følgt, i tråd med blant anna Grunnlova og den internasjonale folkeretten.

Skeive i Fagforbundet: – Ekstra mykje hat i pridemånaden

– Kan ikkje nekte prideflagg grunna omdøme

Lyngdal kommune viste blant anna til omdøme som grunn til å nekte prideflagg. I ein del av vedtaket står det:

«Ansattes kontorer og åpne landskap er offentlige steder og bør derfor heller ikkje innredes som private sfærer eller utsmykkes på et vis som kan skade Lyngdal kommunes omdømme». Strømme seier dette om omdøme som argument for flagg-nekt:

– Tilsette si lojalitetsplikt kan vere eit grunnlag for å forby visse ytringar. Men ei generell tilvising til «omdøme», som nemnt i reglane, er ikkje godt nok. Dette har blant anna Sivilombodet slått fast. For at lojalitetsplikta skal sette grenser for ytringar, krevs meir. At ein konkret skadar arbeidsgjevaren sine interesser eller handlar slik at ein ikkje gjer jobben ordentleg.

Ålesund: – Skulane får sjølv bestemme om prideflagg

Sjefen kan be deg om å rydde

Er du offentleg tilsett kan du ikkje nektast å ha regnbogeflagg på kontoret. Du kan likevel få beskjed om å rydde:

– Arbeidsgjevar kan gje retningslinjer om innreiing. Når det kjem til arbeidsplassen sin utforming, stil, farge, type møblar og korleis publikum skal bli møtt. Ein kan også be tilsette om å rydde, det har med utføringa av arbeidet å gjere, seier fagdirektøren. Då Fagbladet var i kontakt med Strømme, hadde han nyleg vore i eit bomberom etter at luftalarmen hadde gått. Han er for tida i den ukrainske hovudstaden Kyiv for å markere 75-års-dagen for Genevekonvensjonen.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy