JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

8. mars 2018:

#metoo over heile landet – her er parolane til kvinnedagen

Youngstorget i Oslo.

Youngstorget i Oslo.

Olav Olsen (arkivfoto)

Om to veker blir kvinnedagen markert over heile landet – frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør. Her kan du sjå lista med dei vedtatte parolane.

2018022007100020230821171436

tormod@lomedia.no

I dag er det to veker igjen til den internasjonale kvinnedagen skal markerast landet rundt. Men allereie no har mange av dei lokale komiteane vedteke kva som blir årets parolar – altså kampsakene som fronta av kvinnerørsla denne dagen.

FriFagbevegelse samla ei oversikt over dei lokale markeringane av den internasjonale kvinnedagen i landets største byar, og presenterer her dei vedtatte parolane.

Sjå alle parolane som tek for seg arbeidsliv lengre ned i saka!

#metoo over heile landet

Over heile landet er det #metoo-kampanja mot seksuell trakassering som står først på agendaen i landets demonstrasjonstog og forsamlingshus:

• I Oslo og Kristiansand er «#metoo - fra taushet til kvinnekamp!» ein av årets hovudparolar.

• I Bergen er «Vi vet hva flørting er. #metoo» ein av hovudparolane, og forfattaren Heidi Helene Sveen skal snakke om kampanja og seksuell trakassering.

• I Tromsø er «#metoo: Nok er nok!» årets hovudparole.

• I Stavanger er «Frihet fra seksuell trakassering – #ikketilforhandling» ein av parolane. (Emneknaggen viser til oppropet der 736 personar tek eit oppgjer med seksuell trakassering i fagrørsla.)

• I Fredrikstad arrangerer 8. marskomiteen «#metoo – hva nå?», der blant andre Trine Lise Sundnes, forbundsleiar i Handel og kontor deltek.

• I Sarpsborg og Ålesund er #metoo tema for årets markering.

• På Lillehammer kan du få med deg foredraget «Fra antikkens Lucretia til våre dagers #metoo. Har vi stadig bruk for 8. mars?» med Elisabeth Aasen og foredraget «#metoo i strafferett, arbeidsrett og tillitsverv» med advokat Tone Ljoså.

Her er parolane om arbeidsliv

Kvinnerørsla har valt seg ut spesielt likeløn, sekstimersdag og pensjon som arbeidslivspolitiske kampsaker i årets markering. Her ser du heile lista med arbeidslivspolitiske parolar:

Oslo:

• «8-timersdagen 1918 – 6-timersdagen 2018!»

• «Pensjonskamp er kvinnekamp – forsvar offentlig AFP»

• «Lønnet arbeid til alle – praksisarbeid er slavearbeid!»

• «Ikke shoppe vakter – hele og faste stillinger nå»

• «Likelønn NÅ! – aktiv politikk for kjønnsbalanse i alle yrker»

Markeringa startar klokka 18.00 på Youngstorget. Arrangør er 8. marskomiteen i Oslo. Sjå alle parolane her.

Bergen:

• «Vi krever likelønn - ikke lønn etter kjønn»

Markeringa startar klokka 17.00 på Torgallmenningen. Arrangør er 8. mars-initiativet. Følg med her for meir informasjon om programmet.

Trondheim:

8. marskomiteen i Trondheim arrangerer parolemøte 27. februar

Markeringa startar klokka 17.00 på Torget. Arrangør er 8. marskomiteen i Trondheim. Sjå meir informasjon om programmet her.

Tromsø:

• «Likelønn nå!»

• «Ikke shoppe vakter – hele og faste stillinger nå»

• «8-timersdagen 1918 – 6-timersdagen 2018

• «Pensjonskamp = Kvinnekamp»

Tid og stad er ikkje annonsert enno. Arrangør er Kvinnedagen 8. mars i Tromsø.

Stavanger:

• «6-timers arbeidsdag med full lønnskompensasjon»

• «Forsvar offentlig pensjon»

• «Forsvar velferdsstaten – privatisering tapper det offentlige»

Markeringa startar klokka 17.00 i Byparken, etterfølgt av tog. Arrangør er 8. marskomiteen i Stavanger.

Drammen:

• «Lovfestet rett til heltid – nei til midlertidige jobber»

• «Lik lønn for likt arbeid»

• «Stopp utnyttingen av ungdommen – tarifflønn til alle»

Oppmøte er klokka 17.45 ved Torgeir Vraas plass 1. Toget går til Folkets hus. Deretter blir det Festmøte i Folkets hus kl. 19.00. Arrangør er 8. mars – kvinnenes internasjonale kampdag. Sjå heile programmet her.

Kristiansand:

• «Lovfesta rett til heltid –ja til 6-timersdag» (Rødt Kristiansand)

8. marskomiteen i Kristiansand har enno ikkje annonsert tid og stad.

Her er fleire stader der kvinnedagen blir markert

Fredrikstad:

Trine Lise Sundnes, forbundsleiar i Handel og kontor, deltek på arrangementet «#metoo - hva nå?» klokka 18.30 på Litteraturhuset. Arrangør er 8. marskomiteen i Fredrikstad ved Ap, SV, Rødt og LO. Sjå heile programmet her.

Sarpsborg:

8. marskomiteen i Sarpsborg inviterer til feiring i Sarpsborg kirke klokka 18.00.

Grenland:

8. marskomiteen og fleire inviterer til feministfest på Litteraturhuset i Skien klokka 18.00.

Ålesund:

8. marskomiteen i Ålesund inviterer til appeller og fakkeltog på Rådhusplassen klokka 18.00, før eit arrangement på Teaterfabrikken klokka 19.00. Sjå heile programmet her.

Moss:

I Moss blir det markering av den internasjonale kvinnedagen, med tale, appell, debatt og underholdning i Samfunnssalen. Dørene åpner klokka 16.00. Sjå heile programmet her.

Haugesund:

8. marskomiteen i Haugesund inviterer til arrangement på Høvleriet. Dørene blir opna klokka 18.30. Sjå heile programmet her.

Sandefjord:

I Haugesund blir det markering på Biblioteket klokka 18.00. Blant appellantane er Anne Merete Sørensen frå Fagforbundet, og det blir standup og musikk. Arrangørar er Fagforbundet, Sosialistisk venstreparti og Arbeidarpartiet.

Arendal:

8. mars i Arendal har varsla eit arrangement på Kanalplassen klokka 17.00.

Lillehammer:

På Lillehammer blir det arrangert foredrag, appellar, teater og utstilling utover heile dagen. Sjå heile programmet her.

Nå er det forbudt å lønne menn høyere enn kvinner på Island

Dette er snittlønna i over 300 yrker

Lines yrke er et av Norges dårligst betalte

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy