Mellomoppgjeret i gang
No startar forhandlingane om meir løn i Oslo kommune: Sjå krava her
FORHANDLINGAR: Roger Dehlin er leiar i Fagforbundet Oslo og Per Egil Johansen er forhandlingsleiar for LO Kommune Oslo. LO Kommune Oslo har 19.000 medlemmer der Fagforbundet er det største forbundet.
Anders Greif Mathisen, Fagforbundet Oslo
I dag set leiinga i Oslo kommune og tillitsvalde i LO seg ned, og etter planen skal dei bli einige innan 1. mai om kor mykje meir løn dei tilsette skal få.
oystein.windstad@fagbladet.no
Dei tillitsvalde frå LO kjem med krav om at alle skal få betre råd. Og ei rettvis utvikling for dei som tener minst:
– Løysinga må vere kronetillegg og ikkje i prosent. Det vil sikre at alle tilsette får det same lønstillegget, noko som vil vere rettvist. Samtidig krev vi reallønsvekst for alle medlemmane våre. Frontfags-oppgjeret ligg til grunn, seier Per Egil Johansen i ei pressemelding. Han representerer dei 19.000 medlemmane i LO Kommune Oslo.
• Snart startar trygdeoppgjeret: Sjekk kor mykje trygd og pensjon kan auke
– Skal gjere vårt for å bli einige
Partane har frist til å bli einige midnatt natt til 1. mai. Om ikkje går saka vidare til mekling med hjelp av riksmeklaren. Roger Dehlin er leiar av Fagforbundet Oslo. Han seier dei vil unngå riksmeklaren:
– Vi skal gjere vårt for at mellomoppgjeret kjem i hamn utan mekling. Men det krev at leiinga i Oslo kommune kjem oss i møte på krava våre, seier Dehlin.
• No startar det største lønsoppgjeret i landet
Vil ha all forhandling sentralt
Fagforbundet Oslo-leiaren understrekar viktigheita av sentrale forhandlingar:
– Sentrale tillegg er eit av dei viktigaste verkemidla mot auka lønsforskjellar mellom grupper og mellom kvinner og menn. Difor krev vi at heile oppgjeret skjer gjennom kollektive forhandlingar på sentralt nivå og at lønstillegget kjem i sin heilskap på lønstabellen, seier Dehlin. For to år sidan var det hovudoppgjer. I hovudoppgjer blir det forhandla både om tariffavtale og om løn. I mellomoppgjer som i år blir det berre diskutert og forhandla om løn og kor mykje meir dei tilsette skal få utbetalt.