Agnes Bridge Walton " />
HJELPER FOLK I NØD: Eit unntak i trygdelova som Nav ikkje tok hensyn til, førte til at ein av brukarane til Fjeldstad stod utan støtte og vart henvist til sosialen.

Kjell Inge Søreide

Nyopererte Jahn-Tore fekk nei frå Nav fordi han var for sjuk til å ta bussen til fastlegen. No er han Noregs første Nav-ombod

Landets einaste Nav-ombod har to ønske: Å ha ein sjef – og så miste jobben.

agnes.walton@fagbladet.no

– Eg venta i alle fall tre månader for lenge med å gå til legen. Eg hugsar legen vart likbleik under undersøkinga. Det var like før organsvikt, seier Jahn-Tore Fjeldstad. 

I 2006 var han i slutten av tjueåra og student i heimbyen Tromsø. Brått og uventa skulle kursen framover i livet bli staka ut.

Ambulansen var ikkje tilgjengeleg, så Fjeldstad fekk beskjed om å ta seg til sjukehuset i drosje. Men han var student, og ganske blakk, så han tok bussen. På vegen stakk han innom jobben for å beklage fråværet. Da han endeleg kom fram, var det like før leiteaksjonen starta.

Etter open hjartekirurgi vart Jahn-Tore tidleg utskriven frå sjukehuset. Med ny kunstig hjarteklaff og samansydd brystkasse.

– Dei neste seks vekene skulle eg verken sitte i bil eller buss, for om det vart bråbrems, hadde brystkassa og organa mine blitt knust. 

{f1}

Problemet var at fastlegen heldt til på den andre sida av øya. Legen skreiv i sjukmeldinga at han ikkje hadde møtt opp, men var nyleg utskriven frå sjukehuset. Nav avslo søknaden om sjukepengar. 

For fyrste gong i livet hadde Jahn-Tore lagt opp litt sparepengar. Dei vart det fort slutt på.

– Eg møtte opp på Nav for å forklare. Eg heva stemma og var frustrert – eg hadde jo ikkje pengar igjen. Da fekk eg beskjed om at eg skulle roe meg ned, «ikkje kom hit til oss med den tonen». Eg har tenkt mykje på korleis det kjendest når ein av brukarane eg jobbar med blir skulda for å vere vanskeleg eller til og med trugande. 

Med erfaringa frå sjukdomsperioden fersk i minnet, og etter ein kort periode som tilsett i Pasientreiser, søkte Fjeldstad jobb i Nav. 

– Eg liker visst å jobbe i utskjelte organisasjonar, ler han.

Fjeldstad «stortreivst» i mange år i Nav Tromsø med ein sjef som hadde fokus på respekt for brukarane. Men den tidlege entusiasmen for å finne gode løysingar for folk i vanskelege livssituasjonar, vart etter kvart erstatta med motløyse.

– Arbeidet vart meir og meir spesialisert for at vi skulle få behandla søknadane raskare. Vi skulle berre uttale oss om vårt ytingsområde, og spesialiseringa gjorde det vanskelegare å hjelpe brukarane.  

Kleppe-pakke

Sommaren 2021 fekk Demokratane i Agder, med Vidar Kleppe i spissen, gjennomslag for eit krav dei hadde fremma i årevis: Ved hjelp av litt politisk hestehandel i budsjettforhandlingane fekk dei fylkestinget med på laget, og stillinga som landets fyrste Nav-ombod vart oppretta. 

REKLAME: Fjeldstad brukar jakka for å vise at han finst når han er ute blant folk eller, som her, når han er på Stortinget for å snakke med politikarar.

Bjørn A. Grimstad

Det gigantiske modernistiske fylkeshuset, eit tidlegare sjukehus som står halvtomt og snart skal tømmast heilt når fylkeskommunen flyttar til meir moderne lokale, rugar over landskapet.

– Vi må gå rundt på baksida, seier Jahn-Tore Fjeldstad. 

For sjølv om Agder stolt skiltar med landets einaste Nav-ombod, er kontoret hans lagt til eit beskjedent blått trehus i hagen. Han har høyrt at han deler huset med ei gruppe skjelett som lever etterlivet i limbo: for gamle til å gravleggast, men for unge til å bli kulturminne. 

– Vi kan bli flinkare

I arbeidstida skal Fjeldstad vere tilgjengeleg for Nav-brukarane i fylket. Halvparten av befolkninga fekk ei utbetaling frå Nav i fjor, så det dreier seg om ganske mange menneske. Da er det greitt å ikkje miste bakkekontakta høgt der oppe i betongblokka. 

– Det var 163 som tok kontakt med meg i fjor. Av fleire millionar vedtak. Så det er mykje som fungerer. Men vi, og da meiner eg samfunnet, kan bli mykje flinkare. Eg får spørsmål frå folk som ikkje kjem gjennom til Pasientreiser, Skatteetaten, kommunale bustadar. Folk ringer fordi dei treng hjelp.

Kjell Inge Søreide

Når det ikkje går bra, er det mykje som står på spel. Derfor sit Fjeldstad oftast ikkje stille på kontoret. Han har lagt sin elsk på den minst populære elbilen i fylkeskommunen, ein tilårskommen Nissan Leaf, og reiser fylket rundt for å gjere det han meiner er den viktigaste delen av jobben: Å møte brukarane der dei er – både i livet og geografien.

Rettleiing

Nav-ombodet kan verken søkje eller klage på vedtak for brukarane, men kan gi råd og rettleiing som hjelper dei å bli høyrde i eit system som han beskriv som så komplisert at mange på innsida også slit med å orientere seg. 

– Det er sjeldan eg seier til ein brukar at dei burde klage. Det skjedde berre åtte gongar i fjor, trur eg. Og eg har hindra mange klager gjennom å forklare kvifor vedtaket vart som det vart, seier Fjeldstad.

{s1}

Nokre av historiene set djupe spor. Han er særleg stolt og rørt når han fortel om unge liv som er forandra etter at dei tok kontakt med ombodet. 

Eit ungt par som har klart å kjøpe bustad etter at ein av dei fekk arbeidsavklaringspengar, og ei jente som sleit med kompliserte følgjer etter ei valdtekt.

– Nav avslo søknaden hennar om arbeidsavklaringspengar (AAP) fordi ho hadde rett på sjukepengar og dermed ikkje kunne velje yting. Men regelen har eit unntak: Sjukepengegrunnlaget var så lågt at ho faktisk burde ha rett til å velje AAP likevel. Ingen hadde tenkt på unntaket og rekna på det. Dessutan hadde ho ikkje fått sjukepengar og Nav viste ho til sosialen. Ho var desperat.

Har noke triks

Fjeldstad såg korleis feilen hadde oppstått og ville finne ei rask løysing. Etter nokre år i gamet har han gode triks. Men dei kan han ikkje avsløre.

– Du kan seie at eg opplyste Nav om unntaket og bad dei rekne ut sjukepengegrunnlaget, slik at vi fekk i gang ei ny vurdering raskt, seier Fjeldstad og smiler lurt.

Generelt skulle han ønske at dei tilsette i Nav var flinkare til å snakke med kvarandre på tvers av spesialområda. Det kunne løyst mange problem.

– Før var det noko som heitte kompetansekø. Da kunne ein rettleiar ringe til ein spesialist internt og få råd, seier han.

Er du misnøgd med behandlinga hos Nav? Sjå råda frå eksperten

I ein gjennomgang av klage- og ankesystemet i Arbeids- og velferdsetaten og Trygderetten (NOU 2023:11) står det at tilbodet vart lagt ned fordi rettleiarane brukte det til «regelverksforståelse og systemløysingar, og ikkje berre til brukarrelaterte spørsmål».

– Det gir jo ikkje meining, seier Fjeldstad.

Omstridt

Som kritikar og kommentator på utsida av systemet er han ikkje alltid populær med dei som sit på innsida.

– Nav hatar meg. Eller, nei. Nokre av rettleiarane elskar meg. Men leiinga meiner at stillinga mi ikkje burde eksistere. For dei er eg i beste fall eit supplement og i verste fall ei urokråke. 

Direktør i Nav Agder, Øyvind Vedal, skriv til Fagbladet at «dette er langt unna korleis vi opplever Nav-ombodet og korleis vi sjølve vil bli oppfatta» og presiserer at Fjeldstad absolutt har ei viktig rolle.

Han legg til at Nav jobbar med å forbetre tenestene, og «lyttar til det brukarar og Nav-ombodet gir oss av innspel». Han legg til at Nav «tar tilbakemeldingane frå Fjeldstad på alvor».

Ifølge Fjeldstad er den verste delen av rolla den tida han bruker på å snakke med media og politikarar om kvifor eit nasjonalt ombod må kome på plass – snarast. Aller helst vil han vere med brukarane, og er «kjempenervøs» i samtale med journalistar.

BAKKEKONTAKT: NAV-ombodet Fjeldstad utanfor Fylkeshuset i Kristiansand. Men kontoret hans ligg i eit fint lite trehus i hagen.

– Det irriterer meg at media ikkje klarer å stelle seg sakleg til Nav. Det var ikkje Nav som dømde folk til fengsel for å ha fått støtte i utlandet, det var det rettsvesenet som gjorde. Media peikar alltid ut Nav og det bryt ned tillita.

Er det ikkje noko som skurrar når skattebetalarane finansierer eit ombod som hjelper dei å nå fram til ein institusjon som dei også finansierer?

Dette har Fjeldstad grubla på:

– Eg har kome fram til at det er viktig å ha uavhengige ombod for å fange opp folk som treng bistand med kompliserte saker. Byombodet i Fredrikstad og Brukar- og pasientombodet
i Viken jobbar mykje med Nav og har vore viktige inspirasjonskjelder.

Før han får ein sjef i form av eit nasjonalt ombod, må Jahn-Tore Fjeldstad leve med å vere eit unikum. Og på lang sikt har han eit
enno større ønske.

– Draumen er å kunne seie til fylkestinget i Agder at Nav fungerer så godt at det ikkje lenger er behov for meg. Da håpar eg dei kan finne ein ny jobb til meg, så eg slepp å gå på Nav.

Nav hatar meg. Eller, nei. Nokre av rettleiarane elskar meg. Men leiinga meiner at stillinga mi ikkje burde eksistere.

6 kjappe:

1. Kva drøymde du om å bli da du var barn?

Det var da Top Gun kom ut, så det var jagarflypilot. 

2. Kva er ein perfekt dag på jobben?

Når eg får beskjed om eg er har gjort ein endring for nokon, liten eller stor.

3. Kva var din fyrste lønna jobb?

Foreldra mine hadde kafé. Vi hadde avtale med eit firma som flaug tyskarar til Tromsø for å sjå midnattssola med midnattssolgaranti, og eg stod der i oppvasken midt på natta som 11-12-åring.

4. Kven bør skjerpe seg?

Alle må skjerpe seg.

5. Kva er ditt beste råd til ungdommen?

Spør, vær nysgjerrig. 

6. Kva er typisk norsk?

Syting!

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy
KVA SKAL TIL?: Organisasjonskartet for Nav pryder kontorveggen. Fjeldstad lurer ofte på kvifor kolonnene ikkje kan prate meir med kvarandre.